Fidel Castro jr : – USAs blokade har skulda for Cubas problem

– USAs blokade av Cuba har hovudansvaret for dei økonomiske problema, meiner atomfysikar Fidel Castro Diaz-Balart , son av Cubas revolusjonsleiar Fidel Castro. – Landet må opna seg meir for utanlandske investeringar, synest forskaren Vegard Bye .

FÅR IKKJE KJØPA: - Me får ikkje kjøpt viktig utstyr til laboratoria våre, PC-ar eller anna høgteknologisk utstyr fordi dei amerikanske produsentane ikkje får lov til å eksportera dei til Cuba. Difor må me betala dyrt for dei på andre marknader, forklarte Fidel Castro Diaz-Balart på eit møte i NUPI denne veka.

Foto: Ola Sæther

Fidel Castro Diaz Balart er vitskapsrådgjevar for Statsrådet på Cuba. Han er utdanna atomfysikar frå Moskva statsuniversitet. Denne veka blei Fidel Castros eldste son invitert av Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) til å halda eit innlegg om utfordringar for vitskap og nyskaping for utvikling. Han har også besøkt Institutt for energiteknikk på Kjeller.

Fleire vitskaplege funn på Cuba

Etter hans oppfatning er Cuba på rett veg når det gjeld bioteknologisk, farmasøytisk og medisinsk forsking.

–Det er gjort fleire funn innanfor kubansk forsking i medisin, farmasi og bioteknologi. Fleire medisinar og produkt er det blitt tatt patent på, og dei blir produserte på fabrikkar i mange land, peika han på og ramsa opp Malaysia, China, Brasil og Baskarland. Med tanke på at 90 prosent av alle dei 1 million patentane som finst og at 85 prosent av dei to millionar vitskaplege artiklane er registrerte i industrilanda, tykte han at det var imponerande at Cuba trass alt klarte seg så godt. Han viste også til at Cuba i dag har 261 468 studentar og 47 353 universitetsprofessorar.

 – Konkurransedyktig helsevesen

– Dessutan er Cubas helsevesen absolutt konkurransedyktig med verdas industriland. Den gjennomsnittlege levelalderen i Cuba er på over 77 år, og berre 4,6 av kvart tusen fødde barn døyr under fødselen, understreka han. Så lista han opp dei store vitskaplege framstega internasjonalt gjennom dei siste tiåra.

– DNA-koden er knekt, Internett er tatt i bruk og det blir utvikla fornybar energi som vindkraft, solenergi, vasskraft og atomkraft, sa Castro Diaz-Ballart i foredraget sitt. Han kom ikkje inn på dei økonomiske problema på Cuba, før han fekk spørsmål om det.

 – Det er USAs blokade av Cuba som har skulda for dei økonomiske problema våre. Me får ikkje kjøpt viktig utstyr til laboratoria våre, PC-ar eller anna høgteknologisk utstyr fordi dei amerikanske produsentane ikkje får lov til å eksportera dei til Cuba. Difor må me betala dyrt for dei på andre marknader, forklarte han.

Gir dårleg karakter til Cubas økonomi

Forskaren Fulvio Castellacci ved NUPI meinte derimot at Cuba sjølv hadde skulda for mesteparten av dei økonomiske problema sine.

– Jordbruket er svært lite produktivt og talet på sysselsette i industrien er gått kraftig nedover. Dessutan er det investert svært lite kapital i det kubanske næringslivet, langt mindre enn gjennomsnittet for Latin-Amerika. Etterspurnaden etter vitskapleg og teknologisk kompetanse er svært låg. I det heile tatt er den finansielle infrastrukturen svært dårleg, og det er grunnen til at tilgangen til finanskapital også er svært låg, meinte Castellacci.

Latin-Amerika-ekspert Vegard Bye slo derimot fast at det var nettopp på det økonomiske området Cuba hadde forandra seg mest dei siste åra.

– Dei økonomiske reformene som er blitt gjennomførte av Raúl Castro i dei fem åra han har hatt makta i landet, er dei største endringane som har skjedd i kubansk økonomi sidan Den kubanske revolusjonen.  Cuba hadde valet mellom å gå utfor klippa eller balansera på ein knivsegg, sa Raúl Castro, då han fekk Statsrådet til å vedta desse reformene, ifylgje Vegard Bye.

– Byråkratiet saboterer reformene

Når mange enno ikkje merkar noko til desse reformene har det ein spesiell årsak.

– Mange i statsbyråkratiet saboterer og prøver å hindra at reformene blir sette i verk. Eit av dei mest drastiske tiltaka var å seia opp ein halv million statstilsette for at dei skulle starta private verksemder. peika han på.

 I landbrukssektoren er det også store reformer på gang.

– I dag importerer Cuba 60 prosent av maten sin, medan landet tidlegare var sjølvforsynt med mat. Mange har fått leiga jord av statsbruka slik at dei kan driva jorda på eiga hand. I dag er rundt 25 prosent av all jord drive på den måten, medan målet er at det skal utgjera 35 prosent. 50 prosent av alle landbruksprodukt blir no selde fritt på frukt- og grønsakmarknadane, konstaterte Bye.

– Vanskeleg for teknologar å etablera bedrifter

Han viste til at privatisering har gått greitt innanfor handel, turisme og landbruk.

– Derimot har det vore langt vanskelegare for dei som har ei høg akademisk eller teknologisk utdanning å etablera eigne høgteknologiske bedrifter. Det er likevel eit prøveprosjekt på gang på øya Isla de la Juventud. Folk kan også selja husa sine til dei som vil kjøpa dei. Det kan vera med på å skapa ein kapitalmarknad, trudde han.

Eksil-kubanarar sender mest pengar heim

Likevel meinte han at det var investeringane frå kubanarane som er busette i USA og andre land som er den viktigaste kapitalinnsprøytinga i Cubas økonomi.

– Truleg sender dei over to milliardar dollar i året til slektningane sine. Desse pengane blir ofte brukte til å etablera små private verksemder. No er det også langt lettare for kubanarar å jobba i USA og dra på ferie til Cuba. Det går daglege flyruter mellom Miami og Havanna og andre byar på Cuba, sa Bye, som meinte at det var viktig med utanlandsk kapital i Cuba for å skapa meir vekst.

 – Det eg også ynskjer meg, er at Cuba innfører reguleringar som gjer at den spirande kapitalismen ikkje blir heilt vill, men vil vera under ein viss kontroll, la han til.

Fidel Castro Diaz-Balart var einig i at ikkje alt var perfekt på Cuba, men skulda i hovudsak den amerikanske boikotten for det.

– I 50 år har me protestert mot USA gjennom FN-systemet utan resultat. Det er grunnen til at me ikkje har klart å byggja ut den same infrastrukturen som BRIC-landa (Brasil, Russland, India og China), poengterte Castro Diaz-Ballart.

Han svarte også stadfestande på om det var mykje offentleg diskusjon om Cubas framtid mellom forskarkollegaene hans.

– Ja, kubanarar diskuterer heile tida. Også i avisene blir kubanske styresmakter kritiserte. Og i Vitskapsakademiet der eg er visepresident diskuterer me også grundig transgenetisk bioteknolog, sa Fidel Castro Diaz Balart.

Emneord: Internasjonalisering, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2013 02:04 - Sist endra 26. sep. 2013 02:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere