Forsking og utdanning skal redda Noreg etter olja

Noreg må investera i forsking og utdanning. Berre slik er det mogleg å skapa alternative næringar etter at oljealderen tar slutt. Det var både Kristin Vinje (H), Ola Elvestuen (V), Kristin Halvorsen (SV), Karin Yrvin (Ap) og Rasmus Hansson (Dei grøne) einige om i ein valdebatt i Forskingsparken i dag.

VIL SATSA PÅ FORSKING: Både Ola Elvestuen (V), Kristin Vinje (H), Kristin Halvorsen (SV), Karin Yrvin (Ap)  og Rasmus Hansson (Dei grøne) er einige om å sats på forsking. Lengst til høgre debattleiar Aslak Bonde.

Foto: Martin Toft

– Det viktigaste me kan gjera om me vinn Stortingsvalet er å skapa ein kunnskapsnasjon, sa Høgres stortingskandidat Kristin Vinje under ein debatt om nærings- og forskingspolitikk  i Forskingsparken tysdag 27. august.

– Om me skaper trygge arbeidsplassar, kan me framleis halda arbeidsløysa låg. Difor vil me styrkja kvaliteten på grunnforskinga og satsa endå meir på bruksretta forsking. På den måten kan me også trekkja til oss meir pengar frå investorar. Slik kan Noreg bli Europas nye innovatør, trudde Vinje.

– 345 000 nye arbeidsplassar

Stortingskandidat Karin Yrvin frå Arbeidarpartiet viste til at den raudgrøne regjeringa ikkje berre har ført motkonjunkturpolitikk og vekstpolitikk.  – Derimot har me skapt 345 000 nye arbeidsplassar dei åtte åra me har hatt makta, peika ho på.  Samtidig kan me ikkje gi altfor klare føringar på kva forsking me skal driva med. Ingen veit kva som blir dei viktigaste forskingsfunna i framtida. Difor er det viktig at me kan gi forskinga gode rammevilkår innanfor ein tiårsperiode slik Langtidsplanen for forsking gir.  Dessutan må me ha eit næringsliv som tar klimautfordringane på alvor. Regjeringa satsar på at det blir danna forskingsklynger, understreka ho.

– Noreg er altfor oljeavhengig

Venstres andrekandidat i Oslo, Ola Elvestuen var opptatt av å få inn ei kriseforståing hos politikarane.

– Noreg er altfor oljeavhengig og oljeleitinga har aldri blitt utvida til så mange område som under denne regjeringa. Det fører til at leverandørindustrien til oljenæringa går godt, og får alle andre kostnader til å skyta i veret.  I dag er det uvisse om korleis oljeprisen vil vera i framtida, sidan USA er i ferd med å utvinna sin eigen gass. Truleg blir det ein brems i aktiviteten. For miljøet vil det vera ei rett utvikling, men for den norske økonomien vil det ikkje vera så positivt. Nettopp derfor er det viktig at det blir satsa pengar på forsking og utdanning slik at me kan skapa framtidas næringsliv. Berre sjå på Hedmark og Oppland. Der forsvinn allereie arbeidsplassane i privat sektor, trekte han fram.

– Avgjerande for økonomien

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meinte at om den raudgrøne regjeringa får halda fram, så vil det også i framtida bli satsa på både grunnforsking og næringsretta forsking.

– Me har gode planar for korleis det skal skje vidare.  Forsking og utdanning er avgjerande for økonomien.  Sjølvsagt skal me vera sjeleglade for at den økonomiske krisa i Europa ikkje har råka oss. Likevel må me vera merksame på at ein slik hestekur som desse landa går gjennom fører til at dei må finna på nye ting og driva seg sjølve mykje lengre. Å opna nye område for oljeutvinning vil i lengda ikkje vera særleg lønnsamt.  Noreg er nøydd til å satsa meir på forsking, infrastruktur og nye studieplassar. Difor har me også oppretta finansieringsutvalet som skal sjå på tiltak som teljekantar, resultatbaserte overføringar og på kvaliteten på forsking og utdanning. Eg vil oppmuntra til auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet, sa Halvorsen.

– Oljefondet må investera i forsking i Noreg

Stortingskandidat Rasmus Hansson frå Miljøpartiet dei grøne ville avvikla oljeindustrien innan 2020.

– Åra framover må me difor nytta til å utvikla eit næringsliv som kan erstatta oljeindustrien. Oljefondet kan investera i forsking og utdanning i Noreg. I dag blir det brukt 10 gonger meir pengar på oljesektoren enn på resten av næringslivet. Det politiske Noreg må fortelja verda at me er villige til å satsa velferda vår på eit meir mangfaldig næringsliv enn i dag. Sal av CO2–kvotar har ikkje fungert. Å bruka melom 12 og 17 milliardar på CO 2-fangst er heller ikkje ei god løysing. Det som er viktig er at einskildland går først ut med å redusera utsleppa sine.  Noreg må difor begynna med å gjera det, meinte Rasmus Hansson.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2013 13:27 - Sist endra 27. aug. 2013 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere