På verdsrangeringa kjem Universitetet i Oslo på 69. plass på denne målinga. Det er tre plassar opp samanlikna med målinga frå i fjor sommar. På lista over dei beste europeiske universiteta går UiO opp frå 11. til 9. plass. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.
Harvard og Stanford best
Webometrics
* Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
* I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Vekting av indikatorar:
Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelde: Universitetsavisa)
Det er dei to amerikanske toppuniversiteta Harvard og Stanford som tar dei to øvste plassane på verdsrangeringa, tett fylgde av Massachusetts Institute of Technology (MiT) på tredjeplass. Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på 14. plass. Først på 19. plass kjem det første universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Det er Sao Paulo-universitetet i Brasil.
NTNU og UiB nummer 2 og 3 i Noreg
NTNU i Trondheim kjem på 24. plass i Europa og på 110. plass i verda på rangeringa frå Webometrics, medan Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø hamnar på høvesvis 34. plass og 175. plass i Europa.
Dei mest synlege europeiske universiteta på nett
Dei mest synlege universiteta i verda på nett
Logg inn for å kommentere