Etterlyser oppfinnsame doktorkandidatar

Noreg kan gå glipp av nye oppfinningar fordi doktorkandidatar ikkje har tid til å kommersialisera funna sine. UiO og Inven2 håpar eit eige stipend vil gjera noko med dette.

EI MÅNADSLØNN: – No vil UiO gi dei doktorkandidatane som har dei beste kommersialiseringsprosjekta, eit stipend på ei månadslønn, fortel Inven2- direktør Ole Kristian Hjelstuen .

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo har øyremerkt 450 000 kroner til eit kommersialiseringsstipend for doktorkandidatar. Tidleg i Innovasjonsåret har dei berre fått inn to søknader. Oppgåva med å plukka ut gode kandidatar, har UiO delegert til sitt eige teknologioverføringsfirma Inven2 og administrerande direktør Ole Kristian Hjelstuen.

– Det viser seg at doktorstudentane er mest opptekne av å bli ferdige med avhandlinga si. Dermed prioriterer dei ikkje å fylgja opp moglege funn i oppgåva som kan bli kommersialiserte. No vil me gi dei som har dei beste kommersialiseringsprosjekta, eit eige stipend på ei månadslønn. Me håpar at det kan vera ei lita gulrot for at dei skal jobba med kommersialisering samtidig som dei prøver å landa doktoravhandlinga, seier Inven2-direktør Ole Kristian Hjelstuen til Uniforum.

Etter at det ikkje har vore god tone å snakka om innovasjon med forskarar tidlegare, trur Hjelstuen no at den nye forskargenerasjonen er mykje meir opptekne av denne delen av forskinga.

– Ja, me opplever at professorar av den eldre garde i dag kjem til oss og søkjer om patent for funn dei har gjort, fordi dei er blitt oppfordra til det av postdoktorane eller doktorkandidatane i forskargruppa, fortel han.  Difor synest han at alle doktorkandidatar som ser kommersielle måtar å utnytta funna sine på, må melda seg som kandidatar til det nye kommersialiseringsstipendet. 

– Så langt kan me telja på ei hand dei som har vist interesse. For 450 000 kroner blir det jo ein del månadslønner for ein ph.d.-kandidat, og dei bør difor senda inn ein søknad, så snart dei kan, er oppfordringa frå Inven2-direktøren.

– Den yngre forskargenerasjonen er innovativ

 Hjelstuen har stor tru på den yngre generasjonen av forskarar.

– Mi røynsle er at dei er langt meir innovative enn tidlegare generasjonar. Og dessutan ynskjer dei å få meir ut av doktorstudiet enn berre ei ferdig doktoravhandling. For oss er det difor viktig å stimulera dei til å ta ut data som ikkje er direkte forskingsrelatert, men som likevel kan vera kommersielt interessante, understrekar han.  – Då kan dei få sjansen til å jobba vidare med noko som dei er nyfikne på, legg han til.  

– Spennande og moro

Inven2-direktøren konstaterer at dei vitskaplege tilsette på universiteta tradisjonelt har vore mest opptekne av forsking og undervisning. 

– I dag er postdoktorane dei som er mest produktive både som forskarar og som aktørar for å kommersialisera forskingsbaserte funn. Dei har funne ut at det også vil styrkja forskargruppa dei er ein del av. Dessutan synest dei at det er både spennande og moro, trur han. Hjelstuen håpar at dette kan gi nyskapingsprosjekt eit oppsving.

– Forsking har tradisjonelt blitt høgare vekta enn innovasjon. Difor er det gledeleg at UiO lanserer eit så godt tiltak som eit eige kommersialiseringsstipend for doktorkandidatar i Innovasjonsåret 2013, synest han.

– Ei oppmuntring

Rektor Ole Petter Ottersen er glad for at UiO kan dela ut 450 000 kroner til doktorstudentar som vil kommersialisera funna sine.

– Ei månadsløn til dei som får desse stipenda, er kanskje ikkje så mykje, men me håpar at det i alle fall skal vera ei såpass stor oppmuntring at dei får lyst til å kommersialisera delar av dei ideane dei har fått i løpet av doktorstudiet. Det blir lettare for dei å koma inn i eit innovasjonsløp, trur Ottersen. Til saman vil UO dela ut 25 kommersialiseringsstipend.

– Pengesummen er kanskje ikkje så stor, derimot vil signaleffekten vera det aller viktigaste for UiO, understrekar UiO-rektoren.

 

 

.

 

 

Emneord: Innovasjon, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2013 15:44 - Sist endret 13. feb. 2013 16:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere