UiO-professorar trekkjer seg frå taterutval

Både jussprofessor Eivind Smith (63) og kriminologiprofessor Cecilie Høigård (68) har trekt seg som medlemar i det regjeringsoppnemnde romanifolket/taterutvalet etter intern strid. Samtidig har pensjonert seniorforskar Asbjørn Eide (79) trekt seg som leiar, men vil halda fram som medlem.

KRISE I TATERUTVALET: Pensjonert seniorforskar Asbjørn Eide trekkjer seg som leiar av romanifolket/taterutvalet. Samtidig går professorane Cecilie Høigård og Eivind Smith ut av utvalet.

Foto: Ola Sæther

Utvalet opplever no ei krise på grunn av usemje mellom medlemane om arbeidsprosessen og om rollefordelinga mellom utvalsmedlemane og observatørane frå organisasjonane til taterane/romanifolket. Pensjonert seniorforskar Asbjørn Eide ved Norsk senter for menneskerettar blei utnemnd til leiar for utvalet i januar 2011. Grunnen til det var mellom anna at han i ti år (1995–2004) var leiar i FNs arbeidsgruppe for minoritetar og seinare også leiar for Europarådets komité for nasjonale minoritetar sine rettar. Asbjørn Eide stadfestar overfor Uniforum at det har vore tungt å leia dette arbeidet og at usemja har ført til forseinkingar. På utvalsmøtet i oktober blei medlemane i utvalet difor samde om at dei måtte krevja utviding av mandatperioden med eitt år, fram til 30. november 2014. Eide sende  søknad til departementet om dette.

– Eg vil helst ikkje halda fram som leiar for utvalet lenger enn eg hadde lova, då eg tok på meg oppgåva. Difor har eg bede departementet om å bli fritatt frå leiarvervet, så snart ein ny leiar kan ta over, seier Eide til Uniforum.

Det har departementet godtatt, men etter oppfordring frå departementet, vil han halda fram som vanleg medlem i utvalet når den nye leiaren er på plass.

– Det gjer eg med glede. Eg ser dette som ei viktig oppgåve og vil bidra til at den får ei god løysing, seier Eide.

Ei av dei viktigase oppgåvene til utvalet har vore å kartleggja praksisen med å ta barna frå romanifolket/taterane, i hovudsak i regi av organisasjonen Misjon blant hjemløse. Dei skulle også finna ut om politiet dreiv systematisk registrering av denne folkegruppa.

Målet med arbeidet til utvalet er at det skal skapa ei felles forståing av det som hende og kva fylgjer det fekk for romanifolket/taterane både når det gjeld levesett, kultur og språk. På den måten håpar regjeringa at forsoningsprosessen mellom denne nasjonale minoritetsgruppa og storsamfunnet kan halda fram med ei positiv utvikling.

– Ueinige om rolla til observatørane

Asbjørn Eide seier at ein del av konfliktlinjene har handla om kva rolle observatørane til organisasjonane frå taterane/romanifolket skal ha.

– Eg har heile tida meint at dei bør halda fram som observatørar, medan fleirtalet i utvalet ville at dei skulle ha same status som dei uavhengige ekspertane i utvalet. Difor søkte eg som lydig utvalsleiar departementet om å lata dei også bli ordinære medlemar, fortel Asbjørn Eide. Han meinte at konsekvensen då ville bli at alle i utvalet kunne få tilgang til arkivopplysningar om enkeltpersonar blant taterfolket. Det var det mange andre i denne folkegruppa som gjekk imot.

Svaret frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet var eit blankt avslag. Berre den forskaren som skulle driva forsking på materialet, skulle få tilgang til personopplysningane i arkiva, ingen andre.

– Innførte strengare reglar for innsyn

I mellomtida hadde Riksarkivet opna for at det blei gitt ein brei tilgang til innsyn.

– Difor utarbeidde medlemane i utvalet eit strammare regelsett for innsyn i arkiva, for å unngå at personvernreglane blei brotne. Observatørane har vore sterkt kritiske til denne innstramminga og har difor kritisert meg som utvalsleiar, men utvalet har ikkje hatt noko anna val, dersom me skal halda oss innanfor lova, understrekar Asbjørn Eide.

Tvilar på at mandatet blir oppfylt

Kriminologiprofessor Cecilie Høigård avviser at det var usemja om statusen til representantane frå romanifolket/taterane, som fekk henne til å trekkja seg. I oppseiingsbrevet sitt til departementet skriv at ho finn det uforsvarleg å halda fram som medlem fordi utvalet ikkje vil klara å oppfylla mandatet sitt. Ho viser til at det er eit svært gap mellom mandatet og det som utvalet vil klara å produsera av undersøkingar og dokumentasjon av politikken overfor denne nasjonale minoritetsgruppa. 

Etter hennar meining vil situasjonen bli verre på grunn av måten organiseringa av det vidare arbeidet er lagt opp på. «Fremover vil utvalgets eksisterende ressurser båndlegges til andre oppgaver enn undersøkelse og dokumentasjon», skriv ho, og peikar på at det er det punktet som er avgjerande for at ho trekkjer seg frå utvalet. Høigård fryktar at sluttrapporten ikkje vil vera djup og god nok, og difor vil den føra til vonbrot og manglande legitimitet blant taterane. Konklusjonen hennar er at den dermed ikkje vil leggja eit godt grunnlag for ein forsoningsprosess mellom taterar og det norske majoritetssamfunnet.

Etter at det no er klart at Asbjørn Eide har trekt seg som utvalsleiar og har søkt om å få utvida mandatperioden med eitt år, synest ho at ho har oppnådd noko.

– Eg er svært glad for at det faktum at eg trekte meg, utløyste ein større snuoperasjon av taterutvalet. No blir det ein ny leiar og også den naudsynte forlenginga av mandatperioden, skriv Cecilie Høigård i ein kommentar til Uniforum.

«Lite konstruktive»

Jussprofessor Eivind Smith har også gått ut av utvalet, men vil ikkje bli intervjua om saka. Han viser til oppseiingsbrevet sitt, der han kjem han med ei heilt anna grunngjeving enn Cecilie Høigård. Ifylgje ABC Nyheter har utvalsmøta «…ofte vært lite konstruktive og ikke sjelden ubehagelige». Professoren viser også til «underliggende spenninger», og meiner at interne motsettingar ikkje blir lagde bort.

– Ikkje stått i stampe

Uniforum har vore i kontakt med historikar og statstipendiat Per Haave som også sit i utvalet. Han har gjennom mange år forska på korleis det norske storsamfunnet har behandla taterane gjennom historia. Og no driv han og utfører undersøkingar i Riksarkivet for utvalet han er medlem av. Han stadfestar at det har vore turbulens i utvalet. – Eg trur ikkje nokon var klar over vanskane som kunne oppstå. Dei mange interne diskusjonane i utvalsmøte har ført til at sjølve granskingsarbeidet har fått ei langsam framdrift. Det betyr likevel ikkje at dette arbeidet har stått i stampe.

HELD FRAM: Statsstipendiat Per Haave held fram som medlem i romanifolket/taterutvalet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Men du vil halda fram som medlem i utvalet?

– Ja, det vil eg. Eg har òg sagt meg villig til å gå inn og undersøkja forskjellig historisk materiale om forholdet mellom romanifolket og det norske storsamfunnet. Utvalet vil gjera eit viktig arbeid for å få fylt nokre av dei kunnskapshola som framleis står igjen etter at Forskingsrådet avslutta sitt delprogram om romanifolket/taterane i 2000. Eg håpar det vil oppfylla målet om å få til ei felles forståing av denne historia og gi grunnlag for forsoning mellom storsamfunnet og denne nasjonale minoritetsgruppa, seier Per Haave til Uniforum.

– Handbrekket blei sett på

Holger Gustafsen er leiar av Taternes landsforening, og han har vore ein av dei fire representantane til taterfolket i utvalet. Han kjem med knallhard kritikk av framdrifta i arbeidet.

Desse sat i romanifolket/taterutvalet:

Seniorforskar Asbjørn Eide, leiar, Universitetet i Oslo

Kriminologiprofessor Cecilie Høigård, Universitetet i Oslo

Jussprofessor Eivind Smith, Universitetet i Oslo

Statsstipendiat Per Haave, Universitetet i Oslo

Forskar, dr.polit. Karen Sofie Pettersen

Jussprofessor Henriette Sinding Aasen, Universitetet i Bergen.

Observatørar frå organisasjonane til romanifolket/taterane:

Holger Gustavsen (Taternes landsforening)

Wilhelm Holm (Landsorganisasjonen for romanifolket)

Alvin Eilertsen Viborg (Foreningen Romanifolkets kystkultur)

Nina Johanne Pettersen (Landsorganisasjonen for romanifolket)

Wigdis Kristin Larsen-Ross (Romanifolkets Riksforbund)

 

– Då utvalet blei oppnemnt var lovnaden at kvar stein skulle snuast. I realiteten blei det berre eit undersøkingsutval. Og dermed tapte me ein god del terreng i høve til det me hadde sett føre oss. Me blei lovde at resultatet skulle bli det same, og difor godtok me det. Det viste seg at handbrekket blei sett på første året. Ingenting skjedde. Me skulle inn i arkiva og granska. Det gjekk halvtanna år, før utvalsleiar tok kontakt for å få konsesjon frå statlege tilsyn til å søkja i arkiva, fortel Gustafsen. Han er difor svært skuffa.

– Me blei lova ei gravemaskin og fekk ei teskei. Me sa ifrå gong etter gong, men blei berre sett på som bråkmakarar. På mange måtar følte me at me berre sat i utvalet som eit slags alibi. Lite blei gjort av det me ynskte skulle gjerast. Berre Cecilie Høigård, Per Haave, Asbjørn Eide og rådgjevar Mari Møystad frå sekretariatet var til stades på alle møta. Dessutan blei me berre orienterte om ferdiglaga rapportar. Me blei eit B-lag som vart sett på benken, meiner Gustafsen.

Etter hans meining skjedde det lite på møta i utvalet.

– Det var svært lita framdrift på grunn av diskusjonar om det same heile tida. Leiaransvaret er å få til eit godt arbeidslag, og få arbeidet til å gå framover. Etter mi meining har Asbjørn Eide svikta som leiar, seier Gustafsen. Han seier seg lei for at Cecilie Høigård har gått ut av utvalet.

– Personleg håpar eg at Cecilie Høigård kjem tilbake igjen. Eg synest det var eit stort tap for utvalet at ho trekte seg. Og no håpar me at me får ein god leiar på plass. Me er også ueinig i at Asbjørn Eide skal gå inn igjen som vanleg medlem. Det beste hadde vore om han hadde trekt seg heilt ut av utvalet, meiner Gustafsen. Han får støtte frå tidlegare barneheimsbarn Wigdis Larsen-Ross, som representerer Romanifolkets riksforbund i utvalet. – Ein god leiar skal ha evna til å skjera gjennom når folk er ueinige. Det har Asbjørn Eide vist at han ikkje kan, slår ho fast.

Forstår kritikken

Asbjørn Eide har forståing for at nokre av utvalsmedlemane meiner at han ikkje har skore sterkare gjennom på møta, og at dette har ført til at arbeidet har gått saktare. Han viser til at han har lang røynsle frå utvalsarbeid i inn- og utland, men at dette utvalet har møtt store problem på grunn av måten det er sett saman på.

 – Observatørane representerer ulike fraksjonar av ein minoritet som har opplevd mange overgrep frå storsamfunnet si side, og ei altfor myndig møteleiing ville lett bli oppfatta som autoritær og eit nytt overgrep frå storsamfunnet si side. Eg har difor meint at det har vore naudsynt å sikra at alle fekk koma til orde sjølv om dette førte til at møta blei meir ustrukturerte enn dei elles burde ha vore, forklarar han. 

For at arbeidet skal bli meir konstruktivt i tida framover har han difor foreslått å ha regulære utvalsmøte sjeldnare enn før og i staden ha faglege seminar der utvalet kan gå djupare inn i bortsetjinga av barn, bruken av straffeapparatet og problema rundt busetjing. - Dette kan gjera det lettare å få til ei sakleg fordjuping av dei viktigaste spørsmåla og slik kan dei spenningane som har oppstått, bli reduserte, trur Eide.

Leitar etter ny leiar

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet opplyser til Uniforum at dei arbeider for å finna ei best mogleg løysing for det vidare arbeidet i utvalet.

Mandatet til utvalet:

Statsråd Rigmor Aasrud i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet oppnemnde romanifolket/taterutvalet i januar 2011.

Oppdraget var å granska norske styresmakter, organisasjonar og institusjonar sin politikk og tiltak overfor taterane/romanifolket. Ei av dei viktigaste oppgåvene har vore å kartleggja praksisen med å ta barna frå romanifolket/taterane, i hovudsak i regi av organisasjonen Misjon blant hjemløse. Dei skulle også finna ut om politiet dreiv systematisk registrering av denne folkegruppa.

 

– Det første me no ser på, er kven som skal ta over som leiar i utvalet. I tillegg ser me på om det bør gjerast endringar i måten arbeidet er organisert på. Me har invitert både dei attverande medlemane i utvalet og observatørane i tillegg til organisasjonane som oppnemner dei, til å koma med innspel både på namn og korleis arbeidet best kan innrettast vidare. Den som blir vald til ny leiar, bør også få påverka korleis arbeidet skal leggjast opp vidare. Me vil difor ikkje trekkja nokon endeleg konklusjon før ein ny leiar er på plass, understrekar Frode Jacobsen.

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Forskning, Jus Av Martin Toft
Publisert 3. des. 2012 16:57 - Sist endra 28. jan. 2013 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere