– Rangeringane er blitt den reine berg- og dalbana

– No er desse rangeringane blitt den reine berg- og dalbana, synest UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter å ha analysert  UiOs 202. -plass på målinga til Times Higher Education.  – Det er ikkje mange veker sidan me gjekk fram på Shanghai-rangeringa, og blei nummer 17 i Europa.

MEIR INTERNASJONALISERING: Rektor Ole Petter Ottersen meiner Universitetet i Oslo kan bli endå betre på internasjonalisering. På biletet har han akkurat skrive under på ein avtale med dekan Carla Hesse ved Berkeley-universitetet i California om å etablera eit Peder Sather-senter på Berkeley. Fleire andre norske universitet gjorde det same i mai i år.

Foto: Martin Toft

Tidlegare i kveld kom nyhendet om at Universitetet i Oslo hadde kome på 202. plass mellom verdas beste universitet. Det er 21 plassar under den plasseringa UiO fekk i fjor.

Samtidig held dei beste svenske universiteta på posisjonen som dei beste i Norden, medan dei beste danske universiteta har gjort det største bykset oppover rangeringa.

Etter å ha analysert dei siste resultata frå Timer Higher Education, har UiO-rektor Ole Petter Ottersen likevel funne nokre ting å gleda seg over.

– Den analysen viser at me faktisk har gjort det betre i 2011 enn i 2010 på dei tyngste parametra som denne rangeringa legg vekt på. Gjennomslagskrafta for publikasjonane våre har auka, målt i talet på siteringar. Likevel fell me altså tilbake. Ottersen trur han har svaret på kvifor det er blitt slik.

– Dette kjem av at andre universitet har hatt ein større framgang enn oss. Me ser at universitet i Kina og Søraust-Asia går forbi. Det same gjer enkelte tyske og nordiske universitet, har UiO-rektor merka seg.

– Kan ikkje sjå bort frå listene

Ole Petter Ottersen åtvarar mot å la universiteta ta for mykje omsyn til rankinglistene, men likevel vil han ikkje sjå heilt bort frå dei.

–Sjølv om me ikkje skal lata oss styra av dei ulike universitetsrangeringane kan me heller ikkje ignorera dei Me må sjå kva me kan læra av dei for å bli betre. Samtidig er det vel ingen tvil om at dei norske universiteta si plassering på desse listene speglar Noregs innsats i forsking og utvikling. Ein viktig grunn til at andre universitet går forbi oss, er at det blir satsa meir andre stader i verda enn her heime, understrekar Ole Petter Ottersen og viser til den siste statistikken frå Nordisk institutt for studiar av forksking og utdanning (NIFU).

– No må Noreg satsa på forsking og høgare utdanning

– NIFUs siste oversyn viser at Noreg i 2010 hadde dei lågaste FoU-utgiftene per innbyggjar av dei nordiske landa, inkludert Island. Tala frå NIFU fortel oss også at dei norske FoU-løyvingane over statlege budsjett gjikk ned med 3 prosent frå 2010 til 2011. Me burde nytta det tidsvindauget me no har, til å koma på hogget når det gjeld forsking og høgare utdanning. Ei slik satsing er billetten til den internasjonale forskingsarenaen der 99 prosent av verdas kunnskap blir utvikla. Og ei slik satsing er resepten for å klatre på universitetsrangeringane, er Ottersen overtydd om.

– Korleis vil rektoratet arbeida for å gjera det betre dei komande åra?

– Rangeringane måler berre nokre av dei oppgåvene me har, og me skal derfor ikkje lata oss styra av desse. Samtidig skal me læra av dei der dette er mogleg. Mellom anna ser me at det er eit klart potensial for betring innanfor internasjonalisering, og det arbeider me med.

– Noreg fortener verdas beste universitet

– Kva bør den norske regjeringa gjera no?

– Med landet sine store ressursar bør regjeringa utnytta det ”mulighetsrommet” me no har til å utvikla nokre av verdas beste universitet. Verdas mest ressurssterke land fortener nokre av verdas beste universitet. Moglegheita ligg der.

– Kva forskingsområde bør prioriterast?

– Strategiplanen gir prioriteringane. Livsvitskapsatsinga er høgt prioritert, men det er også mange andre andre satsingsområde. Akkurat no er det ei viktig utfordring å sikra at humaniora får gode livsvilkår framover.

Ynskjer konsentrasjon rundt sterke universitet

– Bør den norske regjeringa også satsa på å utvikla eit par eliteuniversitet, slik dei gjer i Kina, Sør-Korea og i Singapore?

-- Det trengst ein konsentrasjon rundt sterke universitet, slik som i Danmark og Tyskland, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Internasjonalisering, Rangering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2012 22:45 - Sist endra 3. okt. 2012 23:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere