Observatoriet er blitt klasserom

Denne hausten får alle sjuandeklassingar i Oslo ein draumedag med naturfag i Observatoriet til Universitetet i Oslo. For ei stund sidan var turen komen til Uranienborg skole.

STORE AUGE: Inne i Rotunden gjer elevane store auge når dei får auge på alle stjerneteikna.

Foto: Ola Sæther

I mange år var Observatoriet hovudkvarteret til Norsk musikkbibliotek. Deretter var det i ti år lokale for Senter for Ibsen-studiar.

I år har det vendt tilbake til naturvitskapen, som det blei bygd for då astronomiprofessor Christopher Hansteen flytta inn i Det Kongelige Frederiks Universitets første nybygg i 1833. Det er likevel ikkje lenger banebrytande oppdagingar som blir gjorde på Observatoriet i Observatoriegata 1 ved Solli plass.

No er det sjuandeklassingar frå Oslo-skulen som får gleda av å læra meir om naturvitskap i bygningen som både var arbeidsplass og bustad for Christopher Hansteen.

– Den flinkaste klassen

Dei rundt 25 elevane frå Uranienborg skole blir ynskte velkomne av observatorielærar Gunnhild Berre Aasprang.

Først får dei sjå eit norsk flagg med eit litt uvanleg merke på venstre side.

– Veit de kva flagg dette er? spør ho.

– Unionsflagget, svarer elevane i kor.

– Ja, det er korrekt. Det er frå unionen mellom Noreg og Sverige, og i den tida budde Christopher Hansteen her i Observatoriet med kone og seks barn, fortel ho.

– Veit de at politikarane avgjorde at arbeidet med å byggja Slottet skulle ta ein pause, slik at dei kunne konsentrera alle kreftene om å byggja Observatoriet. For dei var det viktigare å plassera Noreg på kartet enn å gjera ferdig Slottet til svenskekongen, slår ho fast.

Skuleelevane blir leidde vidare forbi bysten av arkitekten, Christian Heinrich Grosch, før dei til slutt blir bedne om å stansa framfor ei anna byste.

– Det er den første som budde i Observatoriet. Hugsar de kva han heiter? Etter ein liten kunstpause kjem nokre av elevane brått på det.

– Då må det vera Christopher Hansteen. Observatorielæraren blir imponert. – Dette må vera den flinkaste klassen som har vore på besøk her.

Tyco Brahes endelikt

Elevane får også sett nærare på måleriet av den danske astronomen Tyco Brahe og får servert historia om korleis han døydde.

– Han var så høfleg på møtet han deltok i at han ikkje forlét møtet, sjølv om han måtte på toalettet. Dermed døydde han av at urinblæra sprakk. Så han døydde rett og slett av å vera høfleg, konstaterer Berre Aasprang.

0-meridianen

Etter kvart kjem dei inn i det aller heilagaste der Noreg blei plassert på kartet.

– Christopher Hansteen la 0-meridianen rett gjennom Observatoriet. Seinare blei det bestemt at verken Oslo eller Paris skulle ha 0-meridianen. Det skulle derimot Greenwich i London ha. Det gjekk Frankrike med på berre fordi Storbritannia samtidig lova at dei skulle innføra det metriske systemet. Og har dei halde den lovnaden?

– Nei, slår elevane fast.

Når astronomen og observatorielærar Tor Einar Aslesen tar dei inn på eit iskaldt rom med ein svær sekstant, vaknar elevane brått, då han med eit handgrep opnar taket og deler rommet frå resten av Observatoriet.

– Frå dette rommet kunne astronomane sjå på stjernene og sjå kvar dei er i høve til himmelretningane. Der nedover mot byen og Oslofjorden er sør, og mot Holmenkollen og Nordmarka er nord. Og dei andre himmelretningane, kva heiter dei? – Aust og vest, svarer elevane frå Uranienborg.

Jordløypa og himmelløypa

Elevane blir delte inn i to grupper og får to ulike løyper: Jordløypa og himmelløypa. Seinare byter dei seg imellom. Jordløypa inneheld magnetisme og nordlys, kart og oppmåling. Himmelløypa er sett saman av tid og rom og solsystemet. Draumedagen på Observatoriet begynner kl. 9.00 og varer fram til kl. 14.00. Alle klassane må ha med seg to lærarar som fylgjer opplegget i Observatoriet.

2000 elevar våren 2013

Timeplan for Observatoriebesøket

0900 Frammøte på Observatoriet
0915 Elevane blir delte inn i to grupper
0930 Oppstart Himmelløype/Jordløype
1130 Lunsj - med eiga matpakke
1200 Gruppene byter løype
1345 Fellessamling for avslutning
1400 Slutt for dagen

Prosjektkoordinator Julie Øybø synest at formidlinga av naturvitskap i Observatoriet er i god gjenge.

– Me har hatt åtte klassar på besøk, og skal ha besøk av til saman 22 klassar i haust. Frå nyttår doblar me tilbodet. Då vil me ha elevbesøk fire gonger i veka i staden for to gonger i veka som i haust. Dermed vil me frå nyttår og fram til sommaren få besøk av 80 klassar med rundt 2000 elevar.

– Og korleis har reaksjonane på opplegget vore?

– Evalueringane så langt er svært gode. Opplegget denne hausten er eit pilotprosjekt som blir evaluert og justert fortløpande.

 

 

 

 

 

 

.

 

Emneord: Observatoriet, Realfag Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2012 21:43 - Sist endra 23. okt. 2012 11:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere