Trond Giske: – Noreg er verdsmeister i omstilling

– Me er verdsmeistrar i omstilling. Difor går Noreg godt, medan nesten heile Europa opplever krise, meiner næringsminister Trond Giske.

RAUD BALLONG: Næringsminister Trond Giske klipper over snora og ein raud ballong stig til værs. Då er Hus 5 i Forskningsparken offisielt opna.

Foto: Ola Sæther

Orda fall då Trond Giske i formiddag opna det nyaste tilbygget i Forskningsparken i Gaustadbekkdalen. Etter hans overtyding er det nettopp samspelet mellom forsking og næringsliv som er nøkkelen til utvikling av nye og levedyktige bedrifter. Han spurde om folk trudde det var olja, vasskrafta eller industrilokomotiva som gjorde at Noreg klarte seg så godt, medan store delar av Europa opplever rekordstor arbeidsløyse og gjeldskrise.

 – Nei, grunnen er rett og slett at Noreg er verdsmeister i omstilling. Dessutan er me 40 prosent meir produktive enn dei andre landa i Europa. Den viktigaste omstillinga skjer faktisk der gamle arbeidsplassar forsvinn og nye oppstår. Og takka vera den stabile norske modellen, er dette mogleg utan at dei tilsette må gå arbeidsledige så altfor lenge, peika Giske på.

 – Bru mellom forsking og næringsliv

Så trekte han fram kor viktig Forskningsparken i Gaustadbekkdalen har vore.

– Forskningsparken er eit glimrande døme på ei bru mellom forsking og næringsliv. Faktisk så var det ein av dei første forskingsparkane i sitt slag i Europa. Noregs beste selskap innanfor livsvitskap og bioteknologi held til her i nært samarbeid med forskarar, konstaterte han.

 – Ser kreativitet

Trond Giske trekte også inn erfaringa si som kulturminister. – Ja, eg ser mykje av den same kreativiteten hos unge bedriftsstiftarar i dag, som eg har sett hos kunstnarar. Mange av dei vil heller starta sitt eige selskap og heva ei dårlegare lønn enn å skaffa seg ein godt betalt jobb hos eit av dei store norske selskapa. Og faren for å gå konkurs minkar år for år. Og etter at me sette ned grensa på eigenkapital frå 100 000 til 30 000 kroner for dei som vil starta aksjeselskap, er det langt lettare å etablera seg, var Giske overtydd om.

Før han gjekk ned og sette seg igjen, klypte han over snora som heldt ein ballong fast og den raude ballongen steig til værs. Då var hus 5 i Forskningsparken, Start Up Lab offisielt opna.

Etterlyste fond med risikovillig kapital

UiO-rektor Ole Petter Ottersen understreka i sin tale at det var viktig med nær kontakt mellom forsking og næringsliv og at det no var god tone å snakka om kommersialisering av forskingsresultat i motsetning til for eit par tiår sidan.

– Og eg vil gjenta det eg har sagt før til denne regjeringa: Det må setjast av eit fond med risikovillig kapital som kan investera i norsk forsking og utvikling.

Svaret på det kravet kjem truleg 8. oktober når regjeringa legg fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2013.

 

Emneord: Forskningsparken, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2012 16:07 - Sist endra 19. sep. 2012 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere