Mentorordninga får æra: "Flink pike"-syndromet er borte

Mentorordninga har gitt yngre, kvinnelege forskarar meir sjølvtillit og gode råd om korleis dagen kan organiserast betre. No kan det koma på tale å laga ei liknande ordning for yngre, mannlege forskarar.

PROBLEM: – Me konstaterer difor at mellombelse stillingar er eit langt større problem for dei kvinnelege forskarane enn det ektemennene deira representerer, seier kjønnsforskar Øystein Gullvåg Holter, som har laga ein rapport om mentorprogrammet  ved UiO.

Foto: Ola Sæther

”Då eg hadde barnet i beremeis med inn i laboratoriet for å sjekka resultata av dei siste laboratorieprøvane, forstod eg at eg hadde gått for langt.” Det seier ein av informantane i ein rapport om karriereutviklinga til kvinner ved Universitetet i Oslo. Rapporten tar utgangspunkt i mentorordninga som blei innførd ved Universitetet i Oslo i 2002. Hovudmålet var at ein eldre forskar kunne rettleia ein yngre forskar både i korleis forskingsdagen best kan utnyttast og korleis det vil vera mogleg å knyta eit nettverk av fagfeller både i Noreg og i utlandet. 

Det er Senter for tverrfagleg kjønnsforsking som på oppdrag frå Universitetet i Oslo har gjort undersøkinga. Forskarane Hege Elisabeth Løvbak og Øystein Gullvåg Holter har intervjua 17 yngre, kvinnelege forskarar ved UiO som har deltatt i mentorordninga. Tolv av dei 17 arbeidde framleis med forsking då dei blei intervjua.

– Det var på mange måtar to oppgåver i eitt oppdrag. For det første skulle me sjå på effekten av mentorordninga for Universitetet i Oslo. For det andre skulle me sjå på effekten av dette likestillingstiltaket for karriereutvikling og balansen mellom familie og arbeid på eit meir allment grunnlag, seier Øystein Gullvåg Holter til Uniforum.

Rosar mentorordninga

Dei 17 deltakarane er stort sett svært nøgde med ordninga. Det som dei er aller mest tilfredse med, er dei individuelle møta med mentoren. For ei av informantane var det svært viktig at mentoren var ei kvinne med barn, som viste at det faktisk er mogleg å kombinera akademisk liv og familie, går det fram av rapporten.

Ein annan grunn til at dei meiner møta blei vellykka, er den kjensgjerninga at mentoren ikkje kom frå deira eiga fagmiljø. Dermed kunne dei snakka meir ope om ting som dei lurte på eller hadde problem med. Mentorane har gitt dei konkrete råd om strukturering av arbeidsdagen, om jobbsøknader og utlysingstekstar, tips til vidare karriere og har hatt rom for samtalar om private spørsmål. For nokre var det viktig å kunna snakka om ting som ikkje hadde noko direkte med den akademiske karrieren å gjera, slik som familie og problem knytte til det.

– Vellykka matching

Svært få av dei kvinnelege forskarane har fått mentorar som dei har dårleg kjemi med, slår rapporten fast. 

– Arbeidet med å matcha mentor og den kvinnelege forskaren (adepten)  har etter vårt syn vore vellykka. Medan dei individuelle møta med mentoren har vore ein suksess, er ikkje alle like nøgde med fellesmøta, fortel Øystein Gullvåg Holter. 

Etter forskarane si meining kan det ha noko å gjera med at dei yngre, kvinnelege forskarar kjem frå forskjellige fagmiljø og har ulike behov. Nokre av dei stilte seg også kritiske til at den dårlege representasjonen av kvinner blant dei vitskaplege tilsette i akademia har noko å gjera med dårleg sjølvtillit. Medan somme tykte det var fint å delta på fellesmøte for å få styrkt sjølvkjensla, meinte andre at dei slett ikkje hadde bruk for det. Det viktigaste med fellessamlinga er å treffa andre som er i same situasjon, står det i rapporten.

 – Avhengige av oppofrande menn

Eit tydeleg fellestrekk for alle dei 17 kvinnene er at dei både har mann og barn.

– Det er svært tydeleg at dei er avhengige av oppofrande menn, som kan ta seg litt ekstra av familien medan den kvinnelege forskaren held på med innspurten på doktoravhandlinga si. Og då trur mange menn at forskarkarrieren vil roa seg ned og at det er «pay back time.» For mange kvinnelege forskarar er det faktisk då det mest hektiske jaget begynner, for då må dei prestera endå meir forsking for å kunna skaffa seg ei fast eller mellombels forskarstilling, fortel Gullvåg Holter. 

– Mange av dei må i mange år ta til takke med ei mellombels, vitskapleg stilling. Me konstaterer difor at mellombelse stillingar er eit langt større problem for dei kvinnelege forskarane enn det ektemennene deira representerer. Ja, utan ektemennene er det ikkje sikkert familieliv og forskarkarriere kunne ha blitt kombinerte, slår han fast.

Både Øystein Gullvåg Holter og forskarkollega Hege Elisabeth Løvbak hadde notert seg ein viss frustrasjon hos informantane. 

– Alle ser at det er eit generasjonsskifte på gang ved Universitetet i Oslo.  Mange av dei ledige stillingane blir ikkje lyste ut, dei blir frosne eller forsvinn. Dermed ser mange av dei kvinnelege forskarane at håpet om å få fast jobb blir borte. Det må vera frustrerande fordi mange av dei arbeider både i helgar og feriar for å kunna publisera flest mogleg vitskaplege artiklar. Og for henne som blei tilsett i ei fast vitskapleg stilling nettopp på grunnlag av ein vitskapleg artikkel ho skreiv i ferien, vil det vera verdt offeret ho valde å gjera, har Gullvåg Holter og Løvbak funne ut.

Mentorordninga må halda fram

Forskarane rår Universitetet i Oslo til å halda fram med mentorordninga. Dei legg likevel fram forslag til endringar. Det bør vera meir forskings- og organisasjonskunnskap som er UiO-nær. Døme på dette er korleis systemet fungerer og kva som tel ved tilsetjingar. For det andre vil dei ha meir innføring i kjønns- og likestillingskunnskap. Pedagogikken bør også utviklast vidare. Ordninga må førast vidare saman med utgreiing av og forsøk med andre tiltak.

Eiga ordning for menn

Dei meiner at ei mogleg mentorordning som også omfattar yngre, mannlege forskarar med omsorgsansvar, må koma inn som eit tillegg til dagens ordning. Dei meiner

Mentorprogrammet blei innført på UiO i 2002.

Ein eldre forskar skal rettleia ein yngre, kvinneleg forskar i korleis ein skal organisera arbeidsdagen, knyta nettverk og publisera vitskaplege artiklar.  Målet er å få fleire kvinner til å halda fram med forsking.

Studien av mentorprogrammet omfattar intervju med 17 kvinner som hadde deltatt i perioden 2002–2010.

 

også at kombinasjonen graviditet og mellombels tilsetjing og kva fylgjer det får for den akademiske karrieren vidare, bør greiast ut nærare.  Rapporten konkluderer dessutan med at det bør haldast fram med vidare forsking på kva verknad ulike likestillingstiltak har for karriereutviklinga til kvinner i akademia sett i samanheng med arbeid og familie.

– Sterke og flotte kvinner

– Undersøkinga avlivar myten om den kjenslekalde, single kvinna som ofrar både familieliv og barn for karrieren. Det me ser, er at dette er sterke og flotte kvinner som taklar både familieliv og akademisk karriere. Dei manglar likevel rom til seg sjølve, til å gå ut med venner og vera sosiale. På det punktet må dei bli flinkare til å ta vare på seg sjølve, synest Øystein Gullvåg Holter.

– ”Flink pike”-syndromet er i alle fall borte. No er dei både kreative og offensive. Dei er sjølvsikre og veit kva dei vil. Det har dei fått hjelp til gjennom mentorprogrammet, konkluderer Øystein Gullvåg Holter.

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Likestilling, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2012 15:11 - Sist endra 19. sep. 2012 08:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere