– Universiteta må ikkje bli instrument for økonomisk omstilling

– Der universiteta berre blir sett på som eit instrument for økonomisk omstilling, er faren stor for at den kulturelle arven som ligg i dei humanistiske faga, blir neglisjert. Det sa rektor Ole Petter Ottersen då han ynskte dei nye studentane velkomne til Universitetet i Oslo i ettermiddag.

TOPP VELKOMST: Både kunnskapsminister Kristin Halvorsen og UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunne ynskja dei nye studentane velkomne til Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt for aller første gong også ein tale for dei nye studentane. Framfor dei tre tildekte universitetsbygningane på Universitetsplassen i sentrum, understreka ho kor viktig det var å satsa på akademisk utdanning.

Før ho overtok talarstolen, kom UiO-rektor Ole Petter Ottersen med ein forsvarstale for universitetet sin idé og universitetet si samfunnsrolle.

– Me må alle hugsa at høgare utdanning er eit gode for samfunnet. Universitetet skal ta vare på , gi ny innsikt i, utvikla og overføra til neste generasjon heile den intellektuelle, vitskaplege og kulturelle arven vår. Det er på universiteta at fakkelen blir overført frå ein generasjon til den neste. Og det er på universiteta de skal dyrka fram den kombinasjonen av kunnskap, kreativitet og kritisk tenking som skal gjera samfunnet i stand til å utvikla seg vidare, til å møta kjende og ukjende utfordringar og til å omstilla økonomien sin, understreka Ottersen.  

– Eit gode for heile samfunnet

Samtidig la han stor vekt på kor viktig det er at universitetet er eit gode for heile samfunnet.

– Universiteta er eit privat gode og eit samfunnsgode i skjønn foreining. Det er ein stad for utvikling av både individ og samfunn. Mange stader i verda er dette balanserte synet på universitetet i ferd med å sleppa taket. Der høgare utdanning berre blir sett på som eit privat gode, blir det freistande å innføra skulepengar, meinte UiO-rektoren.

Ottersen viste til at i Noreg er det ikkje skulepengar og at det er aksept for at høgare utdanning er eit samfunnsgode og ikkje berre eit privat gode.

– Men også i den heimlege debatten ser me av og til at universiteta blir reduserte til instrument for økonomisk vekst. Universiteta er så mykje meir enn det, konstaterte han.

«Global citizens»

Ottersen slo også eit slag for den internasjonale fellesskapen som universiteta og studentane er ein del av.

– Å begynna på eit universitet er å bli med i ein internasjonal fellesskap. Me ynskjer at de skal tenkja på dykk sjølve som «global citizens» og kvalifiserte for ein arbeidsmarknad som blir stadig meir internasjonal, sa UiO-rektoren. Han meinte at uttrykket romma eit ansvar som går langt utanfor Noregs grenser.

– Med kunnskap fylgjer ei forplikting til ikkje å vera likegyldig overfor dei store utfordringane verdssamfunnet no møter – innanfor så forskjellige område som klima og energi, menneskerettar og helse, poengterte Ottersen.

 – Tar internasjonalisering på alvor

 Han peika på at Universitetet i Oslo er midt inne i Internasjonaliseringsåret sitt, og at det har dei tenkt å ta alvorleg.

– Me har ikkje tenkt å gi oss før Universitetet i Oslo står fram som ein leiande institusjon for forsking og utdanning retta mot dei store globale utfordringane. Forskarar ved UiO spelar ei framifrå rolle i arbeidet til FNs klimapanel. UiO har nettopp etablert ei ny tverrfakultær satsing på forsking og utdanning innanfor energi.

– UiO har ein høg profil i forsking på menneskerettar, konfliktar og kulturell kompleksitet. Og UiO leier ein internasjonal kommisjon som skal sjå på styringsutfordringane innanfor global helse. Studentane våre spelar viktige roller i alle desse initiativa, slo Ole Petter Ottersen fast.

FANN VEGEN FRAM PÅ NYNORSK: Alle fadderane til Universitetet i Oslo hadde nynorsk tekst på ryggen og på veskene sine. Teksten lydde altså: "Ikkje få panikk". (Foto: Ola Sæther)

Også Kristin Halvorsen har i dag lagt vekt på kor viktig det er at Noreg kan tilby ungdom gratis høgare utdanning. 

– I Noreg skal me ha lik rett til utdanning. Me skal ha ei god studiefinansiering og framleis fråver av studieavgifter til offentlege universitet og høgskular. Medan mange land kuttar i budsjetta  til høgare utdanning og forsking, held me fram med å auka budsjetta. Det smartaste me kan gjera for framtida, er å investera i kunnskap og kompetanseutvikling, understreka Kristin Halvorsen i ei pressemelding tidlegare i dag. 

Studentane fekk til slutt også høyra Oslo-ordførar Fabian Stang ynskja dei velkomne til Noregs hovudstad.

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2012 13:00 - Sist endra 28. jan. 2013 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere