UD vil avgjera delinga av menneskerettssenter

Før jul blir det truleg ei avklaring på korleis det kan etablerast ein nasjonal institusjon for menneskerettar skilt frå Norsk senter for menneskerettar (SMR) ved UiO, avslørte utanriksminister Jonas Gahr Støre på 25-årsjubileet til SMR.

TRULEG AVGJERD: I desember vil det truleg bli avgjort korleis ein nasjonal institusjon for menneskerettar kan etablerast utanfor UiO og Norsk senter for menneskerettar, opplyste utanriksminister Jonas Gahr Støre denne veka. Rektor Ole Petter Ottersen er ein av pådrivarane  for at det skal skje. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Sist fredag sette regjeringa ned eit interdepartementalt utval som skal finna ei løysing på korleis det kan byggjast opp ein nasjonal institusjon for menneskerettar skild frå Norsk senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo. Det opplyste utanriksminister Jonas Gahr Støre under markeringa av 25-årsjubileet til Norsk senter for menneskerettar denne veka. Planen er at utvalet skal leggja fram ei innstilling 14. desember i år. Det går også fram at eit dokument som Uniforum har fått ein kopi av.

Støre fortalde at han hadde vore i dialog med Universitetet i Oslo om framtida til den nasjonale institusjonen.

– Eg forstår at det er prinsipielle grunnar som til dømes akademisk fridom og forskingsfridom som er bakgrunnen for at UiO ikkje lenger kan husa den nasjonale institusjonen. Likevel har eg til no berre forstått 50 prosent av argumentasjonen bak dette, vedgjekk han.

– Då har me ei didaktisk oppgåve i å forklara desse prinsippa endå betre, kvitterte UiO-rektor Ole Petter Ottersen, då han fekk ordet.

FN har sett kniven på strupen

Sidan 2001 har Nasjonal institusjon for menneskerettar vore ein del av Norsk senter for menneskerettar ved UiO. Nasjonale institusjonar har som hovudformål å overvaka menneskerettssituasjonen i landet, fremja og verna menneskerettane, samtidig som dei skal hjelpa styremaktene, frivillige organisasjonar og enkeltmenneske med rådgjeving, utgreiing og informasjon knytt til menneskerettar.

Hovudoppgåva til Norsk senter for menneskerettar som ei tverrfagleg grunneining ved Det juridiske fakultetet er å driva sjølvstendig forsking og undervisning i menneskerettar. FN har sett kniven på strupen til den norske regjeringa og sagt frå om at Nasjonal institusjon for menneskerettar ikkje lenger kan vera høyringsinstans for FN, så lenge det er ein del av staten gjennom tilknytinga til Universitetet i Oslo. FNs høgkommisær for menneskerettar krev difor at den nasjonale institusjonen må skiljast ut og bli ein heilt uavhengig institusjon. Universitetet i Oslo er i dag det einaste universitetet i verda som er vertskap for ein nasjonal institusjon for menneskerettar.

Direktør Nils A. Butenschøn i Norsk senter for menneskerettar synest det tok urimeleg lang tid før utanriksminister Jonas Gahr Støre kom med eit svar på dette spørsmålet.

– Me har venta lenge på at ei slik arbeidsgruppe skulle bli etablert. Faktisk heilt sidan Sveaass-komiteen la fram tilrådinga si i mars 2011. Den konkluderte me at det var naudsynt å skilja Nasjonal institusjon ut av Norsk senter for menneskerettar for å oppfylla reglane i FNs Paris-prinsipp, seier Butenschøn.

Paris-prinsippa krev at nasjonale institusjonar skal ha eit mandat forankra i lov eller grunnlov på sjølvstendig grunnlag og sjå til at dei menneskerettspliktene styresmaktene har påtatt seg, blir gjennomførde i praksis. FNs høgkommissær for menneskerettar har peika på at Noregs nasjonale institusjon kan mista statusen som høyringsinstans i FN-systemet om den ikkje blir omorganisert i samsvar med måten Paris-prinsippa no blir praktiserte.

– Pinleg for Noreg

– Det vil sjølvsagt vera pinleg for norske styresmakter om det skulle skje, sidan Noreg heile tida peikar på kor viktig det er at andre land fylgjer opp FNs krav om å ha ein uavhengig og sjølvstendig nasjonal institusjon som kan overvaka korleis styresmaktene i landet respekterer menneskerettane, seier Butenschøn. Han viser til at det var han sjølv som i den første perioden som direktør ivra for at det dåverande Institutt for menneskerettar skulle bli ein Nasjonal institusjon. Slik fekk det status som Nasjonal institusjon frå 2001.

Frå rådgjevarar til overvakarar

 – Då var hovudformålet at me skulle vera rådgjevarar for styresmaktene i menneskerettslege spørsmål bygd på vår eigen forskingskompetanse, og samtidig byggja opp ny forskingsbasert kompetanse på menneskerettsområdet. Slik eg såg det var universitetstilknytinga ein garanti for sjølvstende og fagleg kvalitet. Men dette er ikkje lenger anerkjent av FN som kjernen i den rolla ein Nasjonal institusjon skal ha i dag. Ein nasjonal institusjon skal overvaka at styresmaktene respekterer menneskerettane og rapportera om dette til FN. Difor må det vera ein heilt sjølvstendig institusjon utanfor Universitetet i Oslo, peikar Butenschøn på. Han trekkjer fram at senteret dermed hadde to val.

– Me kunne slutta å vera eit universitetsstilknytta senter og gå heilt inn i rolla som menneskerettsovervakarar, eller me kunna kvitta oss med rolla som nasjonal institusjon og gå djupare inn i forskings- og undervisningsaktivitetar på Universitetet i Oslo. Av dei to vala, valde med det siste, slår han fast. Men han legg til med ettertrykk:

– Me blei oppretta i 1987 ved eit stortingsvedtak for å bli eit nasjonalt kompetansesenter som kunne byggja og spreia kunnskap om menneskerettane. Den rolla vil me framleis ha, også som universitetstilknytta senter – det er overvakinga og det som følgjer med den rolla vi ikkje lenger kan ha.
 

Overlever på ekstern finansiering

I denne saka har prinsippa vunne over økonomien.

– Fleire av forskarstillingane våre er finansierte gjennom løyvinga til den nasjonale institusjonen. Når den blir skilt ut frå senteret, er det klart at dei må finansierast på andre måtar. Også i dag er mellom 80 og 85 prosent av budsjettet vårt basert på eksterne inntekter, opplyser Butenschøn.

Den interdepartementale arbeidsgruppa vil bli leidd av Utanriksdepartementet og ha med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justisdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Norsk senter for menneskerettar blir invitert til å delta i delar av drøftingane i gruppa. I mandatet til gruppa blir det understreka at minst eitt av forslaga til arbeidsgruppa må vera basert på dagens ressursbruk og vera innanfor det gjeldande budsjettet. Butenschøn seier at Norsk senter for menneskerettar (SMR) er godt nøgd med mandatet til arbeidsgruppa.

– Ingen liten prestasjon

I talen sin på 25-årsmarkeringa understreka også utanriksminister Jonas Gahr Støre den viktige rolla senteret har spelt internasjonalt.

– Sjølv om forholdet til Kina akkurat no ikkje er det beste, klarte senteret i løpet av den tida me hadde ein felles menneskerettsdialog med Kina, både å innføra eit studium i menneskerettar i landet og gi ut ei lærebok i menneskerettar på mandarin. Det er ingen liten prestasjon, konstaterte Støre. 

På lang sikt trudde han det kunne få positive konsekvensar.

– Under skjer, berre sjå på utviklinga i Myanmar/Burma. For kort tid sidan ville ingen ha trudd at det politiske klimaet der skulle endra seg så drastisk så raskt. Og i Vietnam har også senteret deltatt i ein viktig menneskerettsdialog, slo utanriksministeren fast.

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2012 00:06 - Sist endra 31. aug. 2012 00:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere