Tilbyr meir IT-hjelp på Blindern

IT-tenesta på Universitetet i Oslo (USIT) opnar klokka 10.00  i dag ein eigen hjelpesentral i dei gamle banklokala i Kristian Ottosens hus på Blindern.

GIR IT-HJELP: Arbeidsleiarane Leif Uwe Uppman Vogelsang (t.v.), Rune Olsen og Tarjei S. Tjønn er frå i dag klare til å gi IT-hjelp til studentar og tilsette frå dei gamle lokala til Nordea i Kristian Ottosens hus.

Foto: Ola Sæther

Den nye hjelpesentralen til USIT i Kristian Ottosens hus blir både ein filial av hovudhjelpesentralen Houston og samtidig blir den det nye lokalet for IT-tenesta til Sentraladministrasjonen, på folkemunne kalla for Admin-luka.

 – Kjem dit studentane er

– Målet vårt er å nå nye studentar som enno ikkje er knytte til eit bestemt fakultet, men me skal også hjelpa studentar som har nokre år med studiar bak seg, fortel USIT-direktør Lars Oftedal. Både for han og Fredrik Langfeldt, som er gruppeleiar for lokal IT-støtte, er det viktig å koma dit studentane er.

– Me kjem nærare studentane og det er utruleg viktig etter kvart som IT-tenester utgjer ein endå større del av undervisninga. Dessutan vil me peika på at denne hjelpefilialen berre er eit supplement til Student-IT på fakulteta. Me ser fram til også å kunna gi ei endå betre teneste til dei tilsette i Sentraladministrasjonen, fortel dei.

 Lettare å finna fram

Begge har stor tru på at studentane vil finna ut kvar dei kan få hjelp langt lettare enn før.

 – Ja, i desse lokala er me berre 20 meter frå Knutepunktet til Studieavdelinga, og me held til i same bygning som både Akademika, Helsetenesta og SiO studentliv. Pågangen kjem truleg til bli stor på opningsdagen, spår Fredrik Langfeldt.

 Den sentrale IT-hjelpesentralen Houston i Kristen Nygaards hus vil halda fram som før. Dette vil bli ei forlenging av førstelinja til Houston. Men dei som arbeider i den nye filialen på Blindern vil også ta vakter hos Houston i Kristen Nygaards hus i Gaustadbekkdalen.

 Hjelper også UiO-tilsette

Den nye filialen vil heile tida ha tre personar til stades skal hjelpa folk som har problem med datamaskina si.

– Denne nye hjelpedesken skal også hjelpa UiO-tilsette som har dataproblem, sjølv om det i hovudsak blir studentar som kjem til å gå dit for å få hjelp, seier Fredrik Langfeldt. Han er svært nøgd med at USIT endeleg har klart å realisera ein draum som dei hadde for over tre år sidan.

 – Grunnen til at den ikkje har gått i oppfylling før, er mangel på pengar og andre ressursar. No har me fått det me har bede om, og difor kan me starta opp med hjelpedesken som eit prøveprosjekt på eitt år, seier Langfeldt.

I samband med innflyttinga har også hjelpetenesta til USIT fått ei heilt ny e-postadresse. Den er it-support@uio.no. Den gamle adressa til houston houston@usit.uio.no vil framleis vera aktiv, men endringa fører til at alle som vender seg til førstelinja vil få svar frå it-support@uio.no . Telefonnummer og opningstider i Kristen Nygaards hus er uendra.

 – Studieavdelinga og universitetsleiinga har støtta oss i etableringa av denne hjelpesentralen, og me ser fram til å arbeida endå tettare saman med dei, seier Langfeldt.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: USIT, Studentforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2012 16:08 - Sist endra 12. aug. 2012 22:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere