– Lærer å respektera andre folkegrupper

– Det viktigaste me lærer på Den internasjonale sommarskulen, er å respektera personar frå andre folkegrupper. Den lærdommen får me også bruk for i heimlanda våre, seier Alexander Tkeshelashvili frå Georgia.

RESPEKT OG TOLERANSE: Desse fem studentane på Den internasjonale sommarskulen er glade for det dei har lært om respekt og toleranse. Frå venstre Aleksander Tkeshelashvili frå Georgia, Sabina Rahimova frå Aserbajdsjan, Win Win Shwe og Mya Thander frå Myanmar og Soheir Hassan frå Somaliland.

Foto: Ola Sæther

I år har over 580 studentar og 60 Erasmus-studentar frå til saman 96 land fått plass på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Dei brukar seks veker av sommarferien sin til mellom anna intensive kurs i norsk, både bokmål og nynorsk, den nordiske velferdsmodellen, helsetenesta i Noreg, menneskerettar og norsk arkitektur og kunst. Innimellom får dei tid til å besøkja Bergen, Hallingdal eller Jotunheimen.

Toleranse og forståing

Uniforum samla dei fem studentane Win Win Shwe og Mya Thander frå Myanmar, Soheir Hassan frå Somaliland, Aleksander Tkeshelashvili frå Georgia og Sabina Rahimova frå Aserbajdsjan  for å høyra kva dei syntest om Den internasjonale sommarskulen. Alle var einige om at dei hadde lært masse om toleranse og forståing av andre kulturar.

– For meg har det vore utruleg flott å ha blitt venn med personar frå andre land, folk som er heilt annleis enn meg. Den kunnskapen kan eg bruka til å visa større respekt og toleranse for minoritetar i mitt eige land. Og eg er viss på at det same vil gjelda for mange av dei andre studentane, seier norskstudenten Aleksander Tkeshelashvili frå universitetet i Tblisi i Georgia.

– Elskar filmkveldane

Norskstudenten Sabina Rahimova frå Aserbajdsjan synest det har vore ei utfordring å ikkje vera for mykje saman med dei 14 andre studentane frå heimlandet sitt på sommarskulen. – Eg trur likevel eg har klart det. For målet mitt er å snakka mest mogleg norsk, og då kan eg ikkje vera saman med landsmennene mine heile tida. Heldigvis har eg god kontakt med norske studentar som har deltatt i norskundervisninga ved Språkuniversitetet i Baku. Eg synest også det er kjekt å bli kjend med folk frå heilt andre kulturar enn min eigen. Og så elskar eg å gå på filmkveldane som sommarskulen tilbyr oss, fortel ho.

– Har opna auga mine

Soheir Hassan frå Somaliland er lege og deltar på kurset i Internasjonal samfunnshelse.  – Det har vore ei flott oppleving for meg å vera student på sommarskulen. Det har opna auga mine for andre kulturar og folk. Det vil vera ein stor fordel å ta med seg i det vidare arbeidet mitt som lege. 

– Beundrar det norske helsesystemet

Både Win Win Shwe og Mya Thander frå Myanmar er studentar på kurset i Internasjonal samfunnshelse, og dei er begge svært opptekne av det norske helsesystemet.

– Helsesystema i Myanmar og Noreg er heilt ulike. Det er også helsesystema i mange andre land samanlikna med helsesystemet i Myanmar. Me håpar me kan læra av dykk, seier Win Win Shwe, før ho gir ordet vidare til landskvinna Mya Thander. – Også me synest det er flott å bli kjend med studentar frå heile verda på sommarskulen. Dessutan ser me fram til den forskingsavtalen vår rektor skal skriva under saman med dykkar rektor ein gong i løpet av neste år. Kurset i menneskerettar og sjukdomar har vore svært spennande og lærerikt for oss. Og me beundrar helsesystemet i Noreg, understrekar ho. 

Vil ha fleire kurs på norsk

Aleksander Tkeshelashvili er litt overraska over at alle kursa er på engelsk. – Personleg synest eg at ein del av kursa burde vore på norsk. Då måtte studentane ha lært seg litt norsk på førehand. Det synest eg er ein fin måte å visa både respekt og interesse for landet du bur i. Om eg ikkje tar heilt feil, er dei fleste kursa på sommarskulen i Bergen på norsk, meiner han å hugsa.

– Ber andre legar om å koma til sommarskulen

Soheir Hassan vil gjerne be andre legar frå heimlandet om å delta på sommarskulen.

– I heimlandet mitt er det ikkje noko særleg godt helsetilbod for verken dei rike eller dei fattige. Dei som har råd til det, drar til Djibouti, Kenya eller Etiopia. Difor trur eg Somaliland har mykje å læra av korleis helsevesenet fungerer her. Synet mitt på helsevesenet i Somaliland har i alle fall endra seg etter at eg kom hit. Eg kjem difor til å be andre legar frå Somaliland om å melda seg på kurs ved Den internasjonale sommarskulen. På den måten vil det kanskje vera mogleg å skapa eit betre samfunn, håpar ho. 

Det er likevel eit felles problem alle fem har på Den internasjonale sommarskulen.

– Sjølvsagt ynskjer me å vera med på alt som skjer på ettermiddags- og kveldstid og vera sosiale med medstudentane våre. Men då får me ikkje førebudd oss godt nok til førelesingane våre. Uansett er me alle takksame overfor Den internasjonale sommarskulen som har gitt oss høve til å vera studentar her, er alle einige i.

100 studentar bur på Sogn

Direktør Einar Vannebo i Den internasjonale sommarskulen er godt nøgd med både studentane og kursa dei kan tilby i år. 

– Ja, det er eg. Den største utfordringa har vore at 100 av studentane må bu på Sogn studentby fordi Blindern studenterhjem er under oppussing. Men det har gått greitt, understrekar han. Sommarskulen arbeider stadig meir medvite på å kopla studentane til masterprogram og samarbeidsavtalar fakulteta har med søsterfakulteta sine i andre land.

– Det er viktig å knyta studentane til eit fakultet og til dei samarbeidsavtalane dei allereie har. Difor skal me på ein besøksrunde til alle fakulteta for å presentera sommarskulen, fortel han.

Den internasjonale sommarskulen blir avslutta med ein stor fest den 2. august.

 

 

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Internasjonalisering, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 25. juli 2012 16:17 - Sist endra 25. juli 2012 16:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere