14 vektarar ved UiO går til streik

Vektarane går til streik frå klokka 20.00 i kveld. Ved UiO vil 14 av vektarane ved Kulturhistorisk museum bli tatt ut i streik. Det er klart etter at Norsk Arbeidsmandsforbund valde å bryta meklinga for medlemane sine i ettermiddag.

Dei vektarane som er organiserte i YS-forbundet Parat har derimot godtatt framlegget til avtale frå NHO Service. Det er LO-organiserte vektarar tilsette i vaktselskapet G4S som blir tatt ut i streik frå klokka 20.00 i kveld. 14 av dei 60 vektarane som vaktselskapet brukar på Universitetet i Oslo vil bli tatt ut i streik. Dei arbeider med vakthald ved Kulturhistorisk museum. - Me skal klara å sikra bygningane og eigendelane til UiO med eigne tilsette, lovar avdelingsleiar Stig Rune Backsæther i Vakt- og alarmsentralen ved UiO til Uniforum.

Det er sikringskontrollen på flyplassane, vakttenester, verditransport, minibankar, bomstasjonar og alarmsentralar som blir hardast råka når 1800 vektarar legg ned arbeidet.

Når det gjeld streiken i staten, har både Unio, LO Stat og YS vore i frivillig mekling hos riksmeklaren sidan klokka 09.00 i dag, men det har enno ikkje kome noko resultat ut av meklinga. Difor er 440 UiO-tilsette framleis i streik.

(Oppdatert kl. 16:35)

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2012 14:41 - Sist endra 1. juni 2012 16:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere