Den latinamerikanske våren

I skuggen av den arabiske våren har det også vore ein latinamerikansk vår. – Brasil, Argentina og Venezuela har alle opplevd ein postnyliberal revolusjon, meiner filosofen Enrique Dussel.

MEXICO BETALER: – I år vil ti prosent av Mexicos statsbudsjett gå til Det internasjonale pengefondet, som vil bruka pengane til å gi lån til europeiske land i krise, seier den latinamerikanske filosofen Enrique Dussel.

Foto: Ola Sæther

Den argentinsk-meksikanske filosofen Enrique Dussel (1934–) er ein av grunnleggjarane av den latinamerikanske frigjeringsfilosofien. I staden for berre å ta utgangspunkt i dei gamle filosofane frå Antikken tar den også med filosofien til inkafolket i Sør-Amerika og til mayafolket og aztekarane i Mellom-Amerika og Mexico. Den er også sterkt inspirert av moderne filosofar som Emmanuel Levinas, Max Horkheimer, Theodor W. Adorno og Herbert Marcuses bok «One-Dimensional Man».

Filosofien har frå 1970-talet og fram til i dag prøvd å skapa ein eigen latinamerikansk identitet. Frigjeringsteologien innanfor den katolske kyrkja i Latin-Amerika har vore sterkt inspirert av denne ideologien. Nyleg var Enrique Dussel på besøk ved Senter for utvikling og miljø på Universitetet i Oslo.

– Den latinamerikanske frigjeringsfilosofien kjempar for dei andre, offera, det kan anten vera kvinnene som er undertrykt i eit patriarkalsk samfunn eller framtidas generasjonar som vil arva ei dårleg vedlikehalde jord. Denne filosofien har også ei etisk medkjensle som tillét filosofane å bli opprørte når dei ser den urettferda som er påført dei andre. Difor vil dei vera opptekne av leveforholda til urfolk, immigrantar frå fattige land og den politiske utviklinga i den tredje verda, forklarar Dussel.

– Forsvarar Argentina

Han blei sjølv råka av eit bombeattentat frå ei paramilitær gruppe i heimlandet Argentina i 1973. Kort tid etter drog han i politisk eksil til Mexico. No er han meksikansk statsborgar og ein av dei mest kjende intellektuelle i Latin-Amerika. Enrique Dussel gler seg over dagens politiske utvikling i Latin-Amerika og trekkjer fram fødelandet sitt som eit godt døme på det.

– Eg synest det er heilt på sin plass at Argentina krev å få nasjonal kontroll med det statlege oljeselskapet YPF, sjølv om det inneber at det spanske oljeselskapet Repsol mister posisjonen som hovudeigar av selskapet. Grunnen til at Repsol opphavleg fekk kontroll over selskapet var at det overtok både selskapet og gjelda til selskapet midt under den økonomiske krisa i Argentina frå 1999–2002. Det betalte selskapet nesten ingenting for. Eg vil kalla det for ein rein svindel. Difor er det rett og rimeleg at den argentinske staten overtar kontrollen med selskapet igjen, meiner Dussel. No har EU på vegner av Spania protestert kraftig mot Argentina.

– Hugo Chavez er attvald fem gonger

For han er det også heilt uforståeleg at mange statsleiarar i Europa og i USA ser med stor skepsis på Venezuelas president Hugo Chavez.

– Han er attvald fem gonger som president. Kor mange andre presidentar kan stilla opp mot det? Grunnen til at han er uglesett, er at han opponerer mot USA og Vesten, samtidig som dei same landa er avhengige av å kjøpa olje frå Venezuela, konstaterer han.

Brasil og tidlegare president Lula ser han også på som eit svært godt døme på kvifor Latin-Amerika no er kome ut av skuggen frå USA og står fram med ein ny og stolt latinamerikansk identitet.

– I dag skjer den økonomiske veksten i Latin-Amerika og i Asia, medan både Europa og USA blir akterutsigla av denne økonomiske røyndommen. Eit viktig poeng å ta med seg, er at i år vil ti prosent av Mexicos statsbudsjett gå til Det internasjonale pengefondet, som vil bruka pengane til å gi lån til europeiske land i krise, minner han oss om.

– Obama er ein katastrofe

Enrique Dussel er heller ikkje redd for å kritisera politikken til USAs president Barak Obama.

– Obama har vore ein katastrofe, og han har heller ikkje klart å få has på rasismen i USA. Snart vil også USA tapa makta si i Organisasjonen for amerikanske statar (OAS) og Cuba vil bli medlem. Ofte står USA og Mexico saman i synspunkta sine mot dei andre latinamerikanske landa. Difor kallar eg den meksikanske regjeringa for femtekolonistar. Dessverre ser det ut til at det gamle statsberande partiet PRI vil vinna presidentvalet i Mexico seinare i år med kandidaten sin, Enrique Peña Nieto. Av moralske grunnar støttar eg sentrum-venstrekandidaten Andres Manuel López Obrador, sjølv om han vil tapa stort, seier Dussel.

Det er i USA den latinamerikanske frigjeringsfilosofien har fått størst gjennomslag på universiteta.

– Det er dei spansktalande intellektuelle som har innført frigjeringsfilosofien på amerikanske universitet og gjort den kjent og vidareutvikla den. Den einaste filosofien USA har utvikla på eiga hand, er pragmatismen, meiner Dussel.

Les meir om Enrique Dussel her: http://en.wikipedia.org/wiki/Enrique_Dussel

Og her kan du lesa artiklane hans: http://enriquedussel.com/philosophy.html

:

 

                                                                            

Emneord: Latin-Amerika, Filosofi Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2012 16:44 - Sist endra 30. mai 2012 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere