Lærarstudentar får lite godt i matematikk

Lærarstudentar på norske universitet presterer langt dårlegare i matematikk enn tilsvarande lærarstudentar i andre land.

SVAK KOMPETANSE: – Både norske lærarstudentar og elevar i grunnopplæringa har svak kompetanse i aritmetikk og algebra, seier førsteamanuensis Liv Sissel Grønmo ved Institutt for lærutdanning og skuleforsking, UiO.

Foto: Maria Wozny

Samanlikna med lærarstudentar som spesialiserer seg i matematikk i Tyskland, Polen Singapore, Taiwan, Russland og USA, gjer norske bachelor- og masterstudentar det svakare. Dette er alle lærarstudentar som kan undervisa i matematikk både på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen. Dei same lærarstudentane frå desse samanlikna  landa, får også langt betre resultat enn dei norske lærarstudentane i kunnskap om undervisningsmetodar i matematikk (matematikkdidaktikk). Jamn over gjer allmennlærarstudentar på høgskulane det langt dårlegare i matematikk enn lærarstudentar på norske universitet.

Gjennomført i 17 land

Det er Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO som har koordinert den norske delen av undersøkinga i samarbeid med Universitetet i Agder, Høgskulen i Bergen og Høgskolen i Sør-Trøndelag.  Førsteamanuensis Liv Sissel Grønmo ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på UiO, har vore prosjektleiar for undersøkinga i Noreg. Forskingsfunna blei presenterte på ein pressekonferanse i Realfagsbiblioteket på UiO, torsdag 22. mars.

Studien blei gjennomført i 2008, men på grunn av ulike oppfatningar om målemetodar og ulike lærarutdanningar, har det tatt lang tid å sy saman tala frå den internasjonale undersøkinga.  I Noreg omfattar studien 500 allmennlærarstudentar i tillegg til bachelor- og masterstudentar. Undersøkinga Teacher Education and Development Study – Mathematics (TEDS-M) er  blitt gjennomført i 17 land.  

Kan undervisa på barnetrinnet

Allmennlærarstudentane  i Noreg med fordjuping i matematikk har god kompetanse til å undervisa på barnetrinnet. Derimot er ikkje kompetansen god nok for ungdomstrinnet, slår undersøkinga fast.  Den viser også at det er ein stor skilnad i matematikkunnskapar mellom allmennlærarstudentar som har fordjuping i matematikk og dei som ikkje har det. 

Studien syner at norske allmennlærarstudentar utan fordjuping i matematikk presterer på nivå med allmennlærarstudentar som kan undervisa frå 1. til 4.trinn i Tyskland og Sveits, men svakare enn lærarstudentar i Russland for tilsvarande trinn. Alle dei norske lærarstudentane presterer likevel noko betre i matematikkdidaktikk enn i matematikk.

–Svake i algebra og i aritmetikk

Den norske allmennlærarutdanninga skilde seg i 2008 ut på den måten at den gav kompetanse til å undervisa frå 1. til 10. trinn.  Det var ingen av dei andre landa som hadde lærarutdanningar som gav studentane kunnskap til å undervisa eit så stort aldersspenn av elevar, går det fram av ein omtale av undersøkinga. 

– Norske lærarstudentar har svake kunnskapar i formell matematikk. Sviktande kunnskapar i formell matematikk er gjennomgåande for heile utdanningssystemet vårt. Både norske lærarstudentar og elevar i grunnopplæringa har svak kompetanse i aritmetikk og algebra, peikar prosjektleiar Liv Sissel Grønmo på.

 – Kan ikkje kjøpa inn matematikklærarar

– Me kan ikkje kjøpa inn matematikklærarar frå andre land, slik som oljeselskapa kan gjera med ingeniørar. Det me har behov for er matematikklærar som også underviser på norsk.  Den norske staten har sytt for at det finst for liten kompetanse i matematikk i dette landet. No me må jobba for å endra dette, slik at det lenger ikkje er eit problem.  Etter mi meining må matematikkunnskapane inn så tidleg som mogleg i skuleløpet, meiner Liv Sissel Grønmo.

 – Men kan ikkje problemet også ha noko å gjera med nivået på dei som underviser lærarstudentane i matematikk?

– Denne gongen er ikkje deira matematikkunnskapar undersøkte, men det er på sin plass å stilla spørsmålet, synest Grønmo.

– Lærarutdanninga svarar på utfordringane

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet slår minister for høgare utdanning, Tora Aasland fast, at dei manglande kunnskapane i matematikk hos lærarstudentane er eit problem.

– Svake resultat på internasjonale undersøkingar er det alltid grunn til å ta alvorleg. Samtidig er me allereie godt i gang med ei omlegging av lærarutdanninga for grunnskulen, som skal svara på utfordringane og gi betre høve til spesialisering, seier Aasland som truleg går av i statsråd fredag 23. mars. 

Heile undersøkinga om matematikkunnskapane til lærarstudentar i Noreg og andre land står i boka «Mange og store utfordringar», redigert av Liv Sissel Grønmo og Torgeir Onstad, Unipub 2012.

 

Emneord: Realfag, Naturfag, Matematikk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2012 16:43 - Sist endra 22. mars 2012 17:17

Logg inn for å kommentere