Krev gangfelt i Problemveien

Kvar dag kryssar mange hundre studentar ein tofelts bilveg og to trikkelinjer på veg mellom Vestgrensa studentby og Blindern. – Oslo kommune må straks leggja eit gangfelt der, krev leiar for Studentparlamentet, Stian Skaalbones.

GANGFELT: – Oslo kommune må leggja eit gangfelt her for å hindra at fotgjengarar blir påkjørde, krev leiar for Studentparlamentet, Stian Skaalbones. Her prøver han å kryssa Problemveien ved Forskningsparken stasjon.

Foto: Ola Sæther

I morgonrushet og ettermiddagsrushet går det ein fast straum av studentar mellom Vestgrensa studentby og Blindern. Andre er på veg til eller frå trening i Domus Athletica. Mange av dei tar snarvegen som endar vest for Forskingsparken stasjon. Der må dei med fare for livet kryssa den sterkt trafikkerte Problemveien og to trikkelinjer. Førebels har ikkje Oslo kommune planar om å leggja eit gangfelt der. Derimot blei det rett før jul sett opp eit trafikklys litt nærmare Blindern, slik at bilane får raudt lys kvar gong det kjem ein trikk. Der er det også eit lysregulert gangfelt.

– Dårleg overfor studentar og tilsette

Leiaren for Studentparlamentet, Stian Skaalbones synest dessutan at det må vera eit sjølvsagt krav å få gangfelt i dumpa der dei gåande kryssar både Problemveien og to trikkespor. – Eg har sjølv kryssa denne vegstubben mange gonger, og då har eg lurt på kva grunnen kan vera til at Oslo kommune ikkje har lagt eit gangfelt der. Eg synest at det er svært dårleg både mot studentane og dei tilsette ved UiO og dei andre forskingsinstitusjonane i området at det ikkje er gjort, seier Stian Skaalbones til Uniforum.

Studentparlamentet har enno ikkje diskutert spørsmålet om behovet for eit gangfelt ved nordenden av Ole-Johan Dahls hus.

– Derimot har me kravt at det blir sett opp gatelys på denne strekninga fordi studentane føler seg utrygge, seier Stian Skaalbones.

– Kan ta saka opp med universitetsleiinga

Om ikkje Oslo kommune bestemmer seg for å oppretta gangfelt for å unngå trafikkuhell, vil Studentparlamentet gå vidare med saka.

– Då vil eg ta saka opp med universitetsleiinga. Det er svært mange folk som går fram og tilbake over denne trafikkfarlege vegstrekninga og trikkelinja både etter opninga av den nye informatikkbygningen, Ole-Johan Dahls hus og etter at studentane flytta inn i dei nye bygningane i Vestgrensa studentby. No er det viktig å hindra at det skjer ulykker. Difor vil eit gangfelt vera ei god løysing, synest han.

For seks år sidan kravde dei UiO-tilsette som då arbeidde i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 at Oslo kommune la eit gangfelt over den farlegaste delen av denne vegstrekninga. Då kravde dei at det måtte setjast opp eit fotgjengarregulert trafikklys, slik at dei kunne kryssa Problemveien utan at dei risikerte å bli påkjørde av trikken eller av bilane.

– Me lever i livsfare kvar gong me skal gå til og frå arbeidsplassen vår eller til Blindern, sa verneombod Per Leikvang i Økonomi- og planavdelinga og professor Dagfinn Worren i Norsk Ordbok til Uniforum 7. september 2006. Den gongen kom Uniforum i kontakt med sjefsingeniør Tor Olav Mangset i Trafikkplanseksjonen hos Samferdselsetaten i Oslo kommune, som ikkje kunne lova at noko ville skje:

– Eg var med og laga trikketraseen. Men me har ingen planar om å endra den noverande trafikkløysinga der, opplyste han til Uniforum. For halvtanna år sidan blei det faktisk lagt eit gangfelt i det mest trafikkfarlege området. Fleire skildra det som landets smalaste og skeivaste gangfelt.Men etter ein månad blei det starta eit gravearbeid der gangfeltet låg, Det er lenge sidan arbeidet var ferdig, men gangfeltet har aldri dukka opp igjen.

Nesten seks år seinare hugsar Tor Olav Mangset godt kravet om å få eit gangfelt over Problemveien og vidare over trikkelinjene. No er det laga ein reguleringsplan for området.

– Så vidt eg veit, inneheld den ingen planar om gangfelt i dumpa ved Forskingsparken stasjon. No er det Statsbygg som finansierer den vidare vegutbygginga i området, seier han. Mangset ber oss samtidig om å ta kontakt med overingeniør Astrid Aadnanes som har arbeidd med reguleringsplanen.

Lovar tryggare kryssing for fotgjengarar

Ho viser til at Oslo kommune allereie har gjort noko.

– For å betra trafikkforholda og trafikktryggleiken bygde Bymiljøetaten i fjor om varslingsanlegget i Problemveien ved Nils Henrik Abels vei til signalanlegg. Førebels har me ingen andre planar for området i år, opplyser ho til Uniforum.

Aadnanes peikar dessutan på at når tiltaka i reguleringsplanen blir realiserte, vil det bli langt tryggare for gåande langs vegstrekninga.

– Planen inkluderer ei endra vegløysing for delar av Problemveien. Den planlagde oppstramminga av Problemveien vil føra til ei tryggare kryssing for fotgjengarar, lovar ho. Derimot kan ho ikkje seia om det vil koma eit lysregulert gangfelt for fotgjengarar.

– Det vil først bli klart under arbeidet med byggjeplanen, seier Aadnanes.

Oslo kommune har ein eigen infrastrukturavtale med Statsbygg om utbygginga av dette området.

– Etter den avtalen skulle arbeidet med bygginga av den nye vegløysinga i Gaustadbekkdalen nord vera i gang, men byggjeplanarbeidet er forseinka. Eg torer heller ikkje å spå når me kan rekna med at det nye veganlegget skal vera ferdig, seier Aadnanes.

 

 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2012 16:55 - Sist endra 14. mars 2012 17:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere