Statsminister Jens Stoltenberg takka Tora Aasland for innsatsen då han kom ut på Slottsplassen for å fortelja om ommøbleringa i regjeringa.
– Nyt stor respekt
–Tora Aasland har stått i brodden for ein historisk vekst i talet på studieplassar på høgskulane og universiteta. Og eg veit at ho nyt stor respekt mellom tilsette og studentar på lærestadene og forskingsinstitusjonane våre, sa Jens Stoltenberg til dei frammøtte pressefolka. Statsministeren var heller ikkje tvil om at Kristin Halvorsen ville klara å ta vare på det nye ansvarsområdet sitt innanfor forsking og høgare utdanning. – Ho er ein røynd statsråd som vil takla nye oppgåver utan problem, konkluderte han med.
– Må prioritera høgare utdanning
Forskarforbundet var raskt ute med ein kommentar i ei pressemelding om ommøbleringa i Kunnskapsdepartementet. – Me har store forventingar til samspelet med Kristin Halvorsen. Ho må derimot sjå behovet for å prioritera høgare utdanning og forsking og visa dette gjennom handling frå dag ein, seier Bjarne Hodne, leiar i Forskarforbundet.
Logg inn for å kommentere