– Vil ha ei open og inkluderande kyrkje

– Eg vil ha ei open og inkluderande folkekyrkje som ikkje skil mellom dei omvende og andre kyrkjemedlemar. Det seier UiO-professor Knut Lundby, som stiller opp som leiarkandidat i Kyrkjerådet.

LEIARKANDIDAT: – Eg synest det er ein svært viktig periode kyrkja og samfunnet går inn i, med store endringar på gang i forholdet mellom kyrkja og staten, seier medieprofessor Knut Lundby, som er kandidat til leiarvervet i Kyrkjerådet.

Foto: Ola Sæther

Det er det høgste tillitsvervet i Den norske kyrkja professor Knut Lundby ved Institutt for media og kommunikasjon håpar å bli valt til på Kyrkjemøtet i Tønsberg 12.–17. april. Då stiller han opp mot dagens leiar, omsorgssjef og tidlegare Bhutan-misjonær Svein Arne Lindø frå Stavanger bispedømme.

Og Knut Lundby er godt motivert for oppgåva.

– Eg synest det er ein svært viktig periode kyrkja og samfunnet går inn i med store endringar på gang i forholdet mellom kyrkja og staten. Me står mellom anna rett før ei grunnlovsendring når det gjeld forholdet mellom stat og kyrkje, konstaterer han.

Forska på Tøyenkirka

Lundby viser til at doktoravhandlinga hans i religionssosiologi nettopp handla om utviklingstrekk ved ei folkekyrkje i oppløysing. – Då såg eg på korleis arbeidarane på Tøyen med glede tok imot og begynte å bruka den nye kyrkja i bydelen etter at ho stod ferdig i 1907.  Dei blei etter kvart trengt tilbake av folk frå «betre» delar av byen som ville delta i vekkinga i Tøyenkirka. Ei slik deling av dei som går i kyrkja, ynskjer eg ikkje. Kyrkja eg vil ha, skal vera ei inkluderande folkekyrkje, understrekar Lundby.

Han synest utviklinga i kyrkja no går den rette vegen. – Skiljet mellom dei omvende og dei folkekyrkjelege er ikkje så strengt lenger. Mange av min generasjon har såre kjensler overfor kyrkja nettopp fordi dei opplevde å bli haldne utanfor.

– Kor stor makt har Kyrkjerådet i dag?

– Det får delegert mange oppgåver frå Fornyings-,  arbeids- og kyrkjedepartementet og frå Stortinget. I dag er også Kyrkjerådet det førebuande og utøvande organet for Kyrkjemøtet, som er det høgste politiske organet til Den norske kyrkja. Oppgåvene til Kyrkjerådet kan bli utvida alt etter kor stort skiljet mellom kyrkja og staten vil bli, seier Lundby.

Støttar ny religionspolitikk

Mannen som ynskjer det høgaste valde tillitsvervet i Den norske kyrkja støttar utviklinga mot ein ny religionspolitikk.

– Eit utval regjeringa har sett ned, kjem til å gå inn for at norske regjeringar har ein felles politikk overfor alle trus- og livssynssamfunn. For meg viser måten kyrkja tok imot sørgjande og andre på etter massakren den 22. juli, at kyrkja er inkluderande og ikkje har ein høg terskel. Eit godt teikn på det er at AUF sjølv bad om at kyrkja burde halda ei gudsteneste for alle offera etter tragediane fem månader etter, den 22. desember.

– Om du blir vald, korleis skal du fordela arbeidet mellom professorstillinga og leiarvervet i Kyrkerådet?

– Det er mogleg å kjøpa meg fri frå 40 prosent av den faste stillinga mi. I alle fall er leiarvervet i Kyrkjerådet ein spennande jobb som utfordrar meg.

 

 

Emneord: Religion, Media Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2012 16:14 - Sist endra 15. feb. 2012 16:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere