Den nye resepsjonen til USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi) skal både ta seg av besøkjande som vil snakka med administrasjonen og dei som ynskjer å løysa eit dataproblem. Difor sit både resepsjonistar og dataproblemløysarar bak same skranke.
Avstengt rom
Inngangsdøra til det neste lokalet er derimot stengd for vanleg publikum. Det er kontrollrommet, som er dominert av ein svær skjerm med eit kart over alle UiOs nettlinjer.
– Inn i dette kontrollrommet kjem ingen andre enn dei som jobbar med dagleg drift og brukarstøtte over telefon og nett, fortel USIT-direktør Lars Oftedal og Fredrik Langfeldt. Sistnemnde er gruppeleiar for lokal IT-støtte.
– På dei to plassane nærmast utgangen sit to personar som tilhøyrer førstelinjetenesta, medan dei andre som sit der, er ein del av andrelinjetenesta, forklarar Fredrik Langfeldt.
Studenttilsette
Og nesten alle som jobbar i andrelinjetenesta, arbeider i turnus.
– I hovudsak er det studentar som arbeider på timebasis i førstelinjetenesta. Me kan tilby dei opptil 15 timar i veka, og sjølv om fleirtalet av dei kjem frå Institutt for informatikk, håpar me også å rekruttera studentar frå andre fagmiljø. I dag er berre fire av dei 15 studenttilsette, kvinner, men me håpar å auka talet på kvinner etter kvart, seier Fredrik Langfeldt.
– For dei er dette fin praksis og for UiO kan dei bli framtidige tilsette i IT-organisasjonen, legg han til.
Brukarstøtta har ope kvar dag frå kl. 08.00 til 20.00 og frå 08.00 til 18.00 på fredagane. Laurdag har senteret ope frå kl. 10.00 til 16.00 og sundag12.00 –16.00.
– Dermed kan både forskarar som arbeider på kontoret eller heimefrå, få hjelp om dei får eit dataproblem også utanfor ordinær arbeidstid, understrekar Lars Oftedal.
Inne i kontrollrommet treffer Uniforum også senioringeniør Ketil Klepsvik i USIT.
– I dag er eg vaktsjef og styrer drifta og arbeidet med å handsama og ta imot feilmeldingar frå tilsette ved UiO. Vaktrolla går på omgang mellom dei fast tilsette i USIT, slik at kvar og ein av oss brukar fem til seks veker av arbeidsåret på å jobba som vakt i brukarstøtteorganisasjonen, forklarar han.
Alle datasystema til UiO blir styrte herifrå. Det same blir Internett- og telefonsystemet til Universitetet i Oslo.
Opna av universitetsdirektøren
Det var universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe som opna dei nyoppussa og ombygde lokala til USIT i Kristen Nygaards hus i går. Teknisk avdeling har stått bak og finansiert heile oppussinga og ombygginga av lokala til USIT. – No har me også fått eigne kursrom. Dermed kan folk som melder seg på datakursa våre, koma hit i staden for å dra til kurssenteret på Kringsjå, seier Fredrik Langfeldt og Lars Oftedal. I e-postadressa til førstelinja lever Houston vidare. Den er houston@usit.uio.no
BAK STENGDE DØRER: Kontrollrommet til USIT er berre ope for dei som jobbar der.(Foto: Ola Sæther)
Logg inn for å kommentere