Det var i førre veke Uniforum kunne melda at andre universitetsrektorar reagerte svært sterkt på at UiO reklamerte på nettsidene sine med slagordet ”Bli student på Norges ledende universitet.”
– Uverdig
Rektor ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB), Knut Hove reagerte sterkast.
– Etter mi meining startar UiO då på ein vulgærmarknadsføringskonkurranse som er uverdig det eldste universitetet vårt , og som ikkje byggjer opp respekt for akademiske verdiar, sa Hove til Uniforum.
Også rektor Jarle Aarbakke ved Universitet i Tromsø, prorektor for forsking ved NTNU, Kari Melby og rektor Torunn Lauvdal ved Universitetet i Agder reagerte på marknadsføringa til UiO.
Rektor Ole Petter Ottersen forstod at slagordet kunne verka litt provoserande på dei andre rektorane, sidan UiO ikkje er best på alle område.

– Men det må vera lov å peika på institusjonen sin generelle styrke. Altså at me i marknadsføringa vår kan nytta generelle uttrykk som dekkjer over det som er typisk for universitetet, sa Ottersen i ein kommentar til Uniforum.
Under kommentarfeltet til artikkelen strøymde det inn innlegg til støtte for at UiO skulle stå fast på at det er ”Norges ledende universitet.”
– Ikkje omstridd
No har altså Universitetet i Oslo endra slagordet på nettsidene sine til ”et ledende europeisk universitet”. Rektor Ole Petter Ottersen trur ikkje det blir omstridd.
– Eg trur ikkje det er omstridd at me er eit leiande europeisk universitet – på Shanghai-rankinga er me vel nummer 18 av fleire hundre europeiske universitet.
– Vil det nye slagordet passa betre inn i UiOs mål om å bli eit europeisk toppuniversitet?
– Ja, det er nettopp koplinga til strategiplanen som ligg bak skiftet.
– Reknar du med reaksjonar frå dei andre universitetsrektorane på det nye slagordet også?
– Nei!
Logg inn for å kommentere