Seksjon for arkivleiing får nytt og lengre namn

Seksjon for arkivleiing får frå denne veka namnet Seksjon for forvalting av elektronisk sakshandsaming og dokumentasjon (eSak). – Det seier meir om kva me held på med i dag, seier seksjonssjef Esben Nielsen, som tidlegare var arkivleiar.  

NYTT NAMN: – Seksjon for forvalting av elektronisk sakshandsaming og dokumentasjon blir det nye namnet på Seksjon for arkivleiing, fortel seksjonssjef Esben Nielsen.

Foto: Martin Toft

– Meininga var ikkje å laga eit kortare og enklare namn, men å laga eit namn som kan fortelja UiO-tilsette og andre at me ikkje berre driv med tradisjonelt arkivarbeid, men i høgste grad med prosessen rundt utarbeidinga av eit ferdig dokument og forvaltinga av dei, seier Esben Nielsen.

– Meir elektronisk sakshandsaming

Han viser til at etter innføringa av elektronisk sakshandsaming ved UiO, handlar ein langt større del av arbeidet om ansvaret seksjonen har for dette området.

– Eit viktig teikn på dette, er at at seks av dei åtte tilsette i seksjonen berre jobbar med elektronisk sakshandsaming. Dessutan er eSak-prosjektet ikkje lenger eit prosjekt, men går inn i den administrative linja ved UiO. Etter denne overføringa vil det bli lagt mykje mindre vekt på ansvaret for eit tradisjonelt arkiv med journaldatabase, og mykje større vekt på at seksjonen har ansvaret for å drifta og forvalta eit system for elektronisk sakshandsaming og arkiv, understrekar Nielsen.

Fylgjer opp styrevedtak

I eit dokument han har sendt til HR-direktør Anita Sandberg, viser han til at namneskiftet også er ein naturleg konsekvens av vedtaket til Universitetsstyret frå 30. september 2006 om at delarkiva skulle få den nye nemninga dokumentsenter og vera kompetansesenter for brukarane og syta for brukarstøtte for førstelinja. Det vedtaket er aldri blitt effektuert, peikar han på i brevet.

Etter at prosjektet har gått inn i den vanlege administrative linja igjen, meiner han det no er på tide å få sett i verk vedtaket til Universitetsstyret.

– Derfor skiftar me namn til Seksjon for forvalting av elektronisk sakshandsaming og dokumentasjon (eSak).

Arkivfagleg kompetanse framleis viktig

– Reknar du med at namneendringa vil få kritikk?

– Det kan henda. Mange har frykta at arkivarbeidet blir nedprioritert så lenge det ikkje er ein del av namnet til seksjonen. Namneskiftet inneber ikkje at det ikkje lenger er behov for arkivfagleg kompetanse. Faktisk så er det meir bruk for denne kompetansen enn nokon gong tidlegare, presiserer seksjonssjef Esben Nielsen.

Og for ordens skuld tar me med at på bokmål blir det nye namnet Seksjon for forvaltning av elektronisk saksbehandling og dokumentasjon (eSak).

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arkiv Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2010 14:19 - Sist endra 25. juni 2010 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere