Statsråd Tora Aasland fortel om ei god og gemytteleg stemning blant Europas kunnskapsministrar som i dag og i morgon er samla i Budapest for å bli einige om den endelege slutterklæringa om høgare utdanning i Europa. - Medan det på tidlegare møte har vore ein del debatt om den sosiale dimensjonen i erklæringa og om studentane si rolle, gjekk studentrepresentantane i dag på talarstolen og uttrykte stort sett støtte til innhaldet.
- Og Noreg kan også støtta alt som står i erklæringa?
- Ja, det kan me. Den erklæringa som no ligg på bordet, blir vedtatt. Og det som også er interessant er at fleire og fleire av landa som står utanfor, gjerne vil bli med i Bologna-prosessen. Den har faktisk gått føre seg i ti år, og det blei også markert på opningsmøtet i dag, fortel Aasland. Sjølv må ho dra frå ministermøtet før det er slutt.
- Eg har ein jobb å gjera i samband med regjeringa sin budsjettkonferanse på Thorbjørnsrud, seier Aasland til Uniforum
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere