Støttar ulydig professor

I morgon skal Universitetsstyret avgjera om Arnved Nedkvitne skal få sparken frå stillinga som professor i mellomalderhistorie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). I dag går etikkprofessor Jan Helge Solbakk (biletet) og professor i arbeidsrett, Henning Jakhelln ut i Uniforum og forsvarar Nedkvitne. Dei får støtte frå professorane Bernt Hagtvet, Kristian Gundersen, Arne Johan Vetlesen og Unni Wikan.  

SKJEMMEST: – Eg skjemmest på eigen stands vegner over at me ikkje tidlegare har gått ut med støtte til ein professorkollega, seier professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk.

Foto: Ola Sæther

Det var den 16. juni i fjor fakultetsstyret ved Det humanistiske fakuletet vedtok å avsetja Arnved Nedkvitne frå stillinga som professor i mellomalderhistorie. Grunngjevinga var utilbørleg åtferd overfor leiing, kollegaer og eksterne sensorar. Sidan han ikkje hadde møtt opp til møte han var kalla inn til hos dåverande instituttleiar Jorunn Bjørgum, blei han også skulda for ordrenekt. Den 16. desember i fjor skulle saka opp til endeleg avgjerd i Universitetsstyret. Nokre dagar før blei det bestemt at saka skulle utsetjast på grunn av kompleksiteten ved saka. I morgon, tysdag 24. februar, skal Universitetsstyret ta ei endeleg avgjerd om Arnved Nedkvitne skal få sparken.

– Skjemmest

– Eg skjemmest på eigen stands vegner over at me ikkje tidlegare har gått ut med støtte til ein professorkollega. Etisk sett har det blitt vanskelegare og vanskelegare for meg å halda kjeft. Det seier professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk. Saman med professor i arbeidsrett Henning Jakhelln har han no tatt initiativ til å få fleire professorar på bana for å uttrykkja støtte til oppseiingstruga Arnved Nedkvitne.

– Ikkje servil

– Etter mi meining gjer han det ein professor skal gjera. Han forskar, rettleier og underviser. Det einaste gale han har gjort er at han ikkje er servil overfor leiinga. Det er ei del av ei ny utvikling av UiO der dei vitskaplege tilsette sin akademiske fridom er truga, synest Solbakk.

– Åtak på den akademiske fridomen

Han vil difor kalla dette ei viktig prinsippsak for forskarane.– Nedkvitne blir truga med oppseiing berre fordi han har brukt ytringsfridomen sin. Dette er faktisk eit alvorleg åtak på den akademiske fridomen. Difor går det ikkje an å sjå på dette som ei vanleg sak. Ein vitskapleg tilsett har den primære lojalitetsplikta si overfor faget, studentane og dei akademiske kollegaene sine. Leiinga må akseptera at me akademikarar ikkje alltid er A 4-menneske, understrekar han.

– Faglege diskusjonar er alfa og omega

Også professor i arbeidsrett, Henning Jakhelln går hardt ut i denne saka.
– Hovudpunktet mitt er at Universitetet i Oslo er eit kunnskapssamfunn. Det føreset difor at det finst tenkjande menneske der som frå dag 1 er oppdregne til å tenkja kritisk. Nokre av professorane er spesielle menneske, som er flinke fagleg, men som ikkje kan noko om diplomati, konstaterer han. Jakhelln meiner at eit universitet lever av og for diskusjonar.

– Faglege diskusjonar er alfa og omega for heile Universitetet i Oslo. Også spørsmål som har å gjera med fagleg styring og leiing, må kunna diskuterast. Dette handlar om vanleg ytringsfridom. På eit universitet må det vera svært høgt under taket. Det skal ikkje vera ei gamaldags loftslafta hytte, men heller ein katedral med eit høgt spir, slår han fast.

- UiOs viktigaste ressurs

Saka til Arnved Nedkvitne ser han på som ei viktig prinsippsak.
– Ytringsfridomen er heilt sentral i den akademiske verda. Me kan sitja saman og snakka om forskjellige ting, men me kan også vera inderleg ueinige med kvarandre. Som professorar er me opptekne av faget vårt både dag og natt. Det krev at me også har gode kjensler for faget vårt. Det er dette engasjementet og denne kunnskapen som er UiOs viktigaste ressurs. Me må akseptera at me av og til oppfører oss litt utanfor det vanlege mønsteret, utan at det skal føra til negative reaksjonar knytte til stillingar. Det skal svært gode grunnar til for å seia opp ein professor, meiner Jakhelln, som håpar det vil vera mogleg å få til ei anna ordning.

– Då kan universitetet framleis få glede av kunnskapane og engasjementet hans, seier han.

– Må vera plass for eksentrikarar

Professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet tykkjer dette er ei viktig sak for akademia.
– Det kan tenkjast at Arnved Nedkvitne har oppført seg på ein måte som har ført til dårleg arbeidsmiljø. Då vil han i tilfelle ikkje vera den første som har gjort det på historie. Og det er fullt mogleg å seia at han har dårleg dømmekraft, men det er likevel tydeleg at mannen er sint på vegner av faget sitt. Mitt prinsipielle standpunkt er at det må vera plass for eksentrikarar og vanskelege personar på eit universitet. Det vil vera eit nederlag å avsetja dei, meiner Hagtvet.

- UiO er notorisk dårleg på personalpolitikk. Med litt klokskap burde denne saka forlengst ha blitt tatt av sakskartet og den openberre kompetansen til Nedkvitne blitt  att betre vare på og hovudpersonen sjølv blitt roa ned, trur Hagtvet. 
 

– Nederlag

Også professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen sluttar seg til det synspunktet.
– Eg synest det er eit nederlag både for fakultetsleiinga og instituttleiinga at saka har kome så langt. Det gir meg ein vond smak i munnen når universitetet skal seia opp ein professor der ein av grunnane er at han har brukt ytringsfridomen sin. Universitetet skal jo hegna om den faglege ytringsfridomen. Dessverre viser det seg at ytringsfridomen er truga på universitet. Eg har fått vita om kollegaer som har fått ytringsfridomen sin avgrensa, og folk utanfor universitetet, har også prøvd å få mine leiarar til å avgrensa min, seier Gundersen.

– Ei katastrofe for omdømmet

– Dersom Arnved Nedkvitne blir sagt opp på tysdag, kva konsekvensar vil det få?
– Det vil vera svært skadeleg for Universitetet i Oslos omdømme. Og dersom universitetet seinare skulle tapa ei arbeidsrettsak mot ein professor som blei sagt opp på grunn av ytringane sine, vil det vera ei katastrofe for omdømmet til UiO. Så vidt eg skjønar dreiar det seg jo om opne ytringar om leiing og kollegaer på universitetet. Dei faglege tilsette må ha høgt toleransenivå for det. Elles må dei ta USAs tidlegare president Harry Truman på ordet: ” If you can’t stand the heat, get out of the kitchen”. Når det er sagt, så er det opplagt at Nedkvitne også har gjort ein del feil, konstaterer han.

Lojalitetskrav

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen har fylgt med I saka mot Arnved Nedkvitne som ein vanleg avislesar. Han har aldri treft Nedkvitne, og han har ikkje hatt høve til å sjå saka frå fleire sider.

– Difor har eg ikkje noko konkret syn i denne saka, men eg kan likevel uttala meg på generelt grunnlag. Viss det er snakk om ei sak der det handlar om å krevja at ein tilsett professor viser lydnad og lojalitet overfor leiinga, då vil eg forsvara den professoren sin rett til å gå imot eit slikt lojalitetskrav. Viss han har stor støtte frå studentar og andre vitskaplege tilsette som han arbeider saman med, så tilseier det at han bør halda fram som forskar og forelesar, meiner Vetlesen.

– Universitetet bør kunna takla det

Ein av Noregs mest kjende professorar i sosialantropologi, Unni Wikan synest dette er ei uheldig sak.

– Eg synest det må vera eit nederlag for universitetet å seia han opp. Det er mange som har opplevd store konfliktar på arbeidsplassen, eg er sjølv ein av dei. Det kan henda det skjer uheldige ting, men universitetet bør og kan takla det. Personleg veit eg om fleire som har slutta på grunn av konfliktar på eit institutt. Det uvanlege denne gongen er at denne professoren ikkje sluttar, men står heile løpet ut, seier Wikan.

Rektorkandidat Ole Petter Ottersen synest ikkje han kjenner saka  godt nok og vil difor ikkje kommentera den. Rektorkandidat Trygve Wyller har denne kommentaren.

– Som rektorkandidat og som dekan meiner eg det same i denne saka som dekanen ved Det humanistiske fakultetet, seier han.

Dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet ynskjer ikkje å kommentera støtta Arnved Nedkvitne får frå desse seks professorane. - Saka har gått frå oss, så det er betre å lata universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kommentera denne saka, seier ho til Uniforum. Heller ikkje universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kan kommentera saka.

- Dette er ei personalsak som skal handsamast i Universitetsstyret på tysdag. Av den grunn kan eg ikkje uttala meg konkret om innhaldet i saka, seier Bjørneboe til Uniforum.

Oppseiingssaka mot Arnved Nedkvitne blir handsama av Universitetsstyret i morgon etter kl. 10.00. Møtet finn stad i Kollegierommet i Administrasjonsbygningen.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2009 17:21 - Sist endra 23. feb. 2009 07:53

Ære være professor Jan Helge Solbakk og de andre årvåkne professorer som kritiserer avskjedigelsesprosessen mot professor Arnved Nedkvitne. Jeg kjenner ikke Nedkvitne eller de spesifikke grunnene til at det er reist sak mot ham ut over det jeg har lest i pressen, men vil uttrykke støtte til kritikken på prinsipielt grunnlag. Hvis Universitetsstyret beslutter å avskjedige Nedkvitne, vil det kunne sette akademia på et skråplan som truer den akademiske frihet. Det må ikke skapes tvil om at vitenskapelig ansatte fortsatt skal kunne gi uttrykk for kontroversielle meninger uten å frykte avskjedigelse, - hva enten de deltar i fag-, universitets- eller samfunnsdebatten.

Jens Saugstad - 24. feb. 2009 10:02

Hvordan vil det gå videre? Er problemene løst med hans avskjedigelse?

Bare halvparten av statsansatte er fornøyd med nærmeste leder. Statlige ledere holder ikke mål](http://www.aftenbladet.no/innenriks/article601015.ece). Allikelvel er ”i praksis imidlertid den [øredøvende taushet å være kanskje det mest karakteristiske når det gjelder arbeidstakeres uttalelser" Henning Jakhelln: "Ytringsfrihet i arbeidsforhold".

Tier ansatte fordi de frykter at ledelsen ikke takler kritikk? Sikker er det at imidlertid at det ikke vil bli bedre når ansatte ikke tørr si hva misnøyen gjelder.

Sjefer som svikter sine ansatte må ta skylden for høyt sykefravær i egne rekker- Ansatte som har tillit til ledelsen og vurderer kvaliteten på ledelsen som god, er mindre sykmeldte, sier Randi Wagø Aas, forskningssjef ved IRIS ved Universitetet i Stavanger til Dagbladet.

Vil ledelsen nå bruke dommen for å opprettholde den øredøvende taushet? Truer dommen ytringsfriheten? Har ledelsen fått et nytt maktmiddel?  

walterk@hist.no - 9. feb. 2010 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere