Ottersen og Wyller einaste rektorkandidatar ved UiO

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen og teologidekan Trygve Wyller var dei einaste som hadde meldt seg på i kampen om å bli UiOs neste rektor, då fristen gjekk ut i dag klokka 16.00. Ein av dei to vil dermed etterfyljga dagens rektor Geir Ellingsrud frå og med 1. august i år og fram til 1. august 2013. 

Det blir dermed ein rein duell om å overta rektorvervet denne gongen, medan det var heile fem rektorkandidatar under førre rektorval i 2005.  Denne gongen blir rektorvalet for første gong elektronisk, det vil seia at alle røysteføre kan stemma via Internett.   Rektorvalet startar den 31. mars og blir avslutta 2. april.  Det endelege resultatet blir også kunngjort tidleg på kvelden 2. april.  

Offisielt heiter det altså at fylgjande personar stiller til val som ny rektor ved Universitetet i Oslo:

Professor i medisin, Ole Petter Ottersen (rektorkandidat) og noverande viserektor Inga Bostad (prorektorkandidat).
Viserektorkandidatar er professor Doris Jorde og professor Ragnhild Hennum.

Valplattform for Ole Petter Ottersen.

Professor i teologi, Trygve Wyller (rektorkandidat) og professor i medisin, Guro Valen (prorektorkandidat). Viserektorkandidat er professor Arne Bugge Amundsen.

Valplattform for Trygve Wyller.

Valet finner stad mellom 30. mars – 2. april 2009. Det nye rektoratet vil ta til  1. august 2009.


Dei som vil ha meir informasjon om rektorvalet kan ta kontakt med fylgjande personar:
Valstyrets sekretær, Bjørnar Sarnes tlf: 90851931
Rektorkandidat Ole Petter Ottersen tlf: 90132610
Rektorkandidat Trygve Wyller: 48054 316

 

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 16. feb. 2009 17:13 - Sist endra 19. feb. 2009 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere