Teologidekan Trygve Wyller vil bli rektor

Dekan Trygve Wyller ved Det teologiske fakultetet vil stilla opp som rektorkandidat ved valet ved UiO frå 31. mars til 2. april, stadfestar han overfor Uniforum. Prorektorkandidaten hans er medisinprofessor Guro Valen, medan instituttleiar Arne Bugge Amundsen ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) er kandidat til viserektorvervet.

REKTORKANDIDAT: Teologidekan Trygve Wyller (i midten) stiller som rektorkandidat med medisinprofessor Guro Valen som prorektorkandidat og professor i kulturhistorie, Arne Bugge Amundsen som kandidat til viserektorvervet.  

Foto: Martin Toft

 – Universitetet i Oslo skal ha kvalitet i breidda og utdanning skal spela ei rolle. Me meiner at fagleg leiing er noko anna enn å vera fagleg merittert. Det er ein kompetanse som kjem i tillegg, seier ein engasjert dekan Trygve Wyller, som no er fast bestemt på å utfordra medisinprofessor Ole Petter Ottersen i kampen om å bli vald til ny rektor for Universitetet i Oslo.

- Lite konkret

Og han legg ikkje skjul på at han undrar seg litt over valprogrammet til den andre rektorkandidaten.
– Me synest det er lite konkret. Det inneheld mange bra ting, som også me støttar og har sans for. Men samtidig ser det ut til å ha ein profil som er ute etter at alle skal få litt. Det er grunnen til at me vil ha Ole Petter Ottersen og teamet hans ut på bana for å få han til å koma ut med meir konkrete ting om kva han vil gjera dersom han blir vald til rektor. Det er greitt nok at han seier at det er viktig med høg studiekvalitet og høg forskingskvalitet, me vil gjerne vita korleis han ynskjer å få det til, seier Trygve Wyller.

– Undervurderer ikkje Ole Petter Ottersen

– Vil dette seia at du bestemte deg for å seia ja til å stilla som rektorkandidat, etter at Ole Petter Ottersen hadde lansert kandidaturet sitt?
– Ja, det stemmer. Eg synest det er viktig med fleire kandidatar i eit rektorval og at dei kjem frå forskjellige delar av universitetet. Dessutan veit eg at me har stor støtte over store delar av universitetet. Men me undervurderer ikkje Ole Petter Ottersen, prorektorkandidat Inga Bostad og dei to andre i teamet hans. Dei er sterke kandidatar med sterke støttespelarar, synest Wyller. 

– Er det eit problem for rektorkandidat Ole Petter Ottersen at prorektorkandidaten hans, Inga Bostad, er viserektor i dagens rektorat?

– Ja, det er eit problem. Anten må ho gjera noko heilt anna enn det ho sa ho ville gjera, sist gong det var rektorval, eller så vil ho berre vera med på å føra politikken til dagens rektorat vidare, spår Wyller, som er godt nøgd med dei to andre på rektorlaget sitt, prorektorkandidat Guro Valen frå Det medisinske fakultetet og instituttleiar og professor i kulturhistorie, Arne Bugge Amundsen. Sistnemnde blir peika ut som viserektor med spesielt ansvar for undervisning, dersom Trygve Wyller og Guro Valen blir valde til rektor og prorektor. 

– Det er ei flott gruppe å samarbeida med, og me har alle tre våre ulike spesialitetar. Me skal nok i fellesskap klara å meisla ut eit bra valprogram. For meg var det viktig å ha ein kvinneleg prorektorkandidat som kom frå det medisinske eller naturfaglege fagmiljøet. Dermed var Guro Valen det rette valet for meg. Arne Bugge Amundsen har stor kompetanse på undervisning og utdanning, og får difor ei viktig rolle, dersom teamet vårt vinn rektorvalet, understrekar Wyller. 

– Naturleg vidareføring

For Guro Valen var det ikkje vanskeleg å svara ja på førespurnaden frå Trygve Wyller om å bli prorektorkandidaten hans.
- Eg har vore engasjert i forskingspolitikk på Det medisinske fakultetet i mange år. Stort sett har det dreia seg om å få meir pengar til forsking for det har det aldri vore rikeleg av. Engasjementet mitt har også omfatta aksjonar for å få meir pengar til grunnforskinga. Av den grunn er dette ei naturleg vidareføring av det eg har gjort før. I eit verv som prorektor kan eg gjera noko med det eg har brunne for og eg kan gjera noko både for kollegaene mine og for studentane, slår ho fast. 

Får hovudansvaret for undervisninga

Arne Bugge Amundsen har samtidig takka til å bli utpeika til viserektor om dei vinn rektorvalet.
– Då vil eg få hovudansvaret for undervisninga ved Universitetet i Oslo. Det er mitt spesialområde etter at eg har leidd eit undervisningsprogram på HF samtidig som eg også har fartstid som undervisningsleiar ved eit institutt og er instituttleiar ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Gjennom fase 2 i den faglege prioriteringsprosessen har me fått nyttig røynsle i kva kriterium me skal bruka for å finna ut kva som er god undervisning. Det kan vera nyttig i debatten om korleis det skal vera mogleg å måla kva som er god undervisning, trur Bugge Amundsen. 

Vil styrkja forskingskvaliteten

– Hovudbodskapen vår er å styrkja forskingskvaliteten på heile universitetet. UiO er fullt av sterke fagmiljø, anten det er einskildpersonsfag eller forskargrupper. Mange fag står i fare for å tørka bort på grunn av budsjettsituasjonen. Difor må eit nytt rektorat syta for å få meir pengar til Forskingsrådet, slik at fleire enn 5 til 10 prosent av forskarane får dei løyvingane dei bør få i framtida, meiner Wyller.  

Positive kjensler for Ole Petter Ottersen

– Me må satsa på breidda samtidig som me satsar på spissmiljøa. Forskinga forandrar seg fort, og behovet for nye spissmiljø veks fram i takt med det. Viss me ikkje har breidde i kompetansen, klarer me heller ikkje å få fram nye spissar, meiner Guro Valen. Sjølv har ho positive kjensler for den andre rektorkandidaten, medisinprofessor Ole Petter Ottersen.

– Det er viktig at han får alternative motkandidatar. Om han skulle bli valt, så ville også det ha vore flott, sjølv om me håpar at me vil vinna rektorvalet, understrekar ho.

Rektorvalet går føre seg frå 31. mars til 2. april. Det vil for første gong i historia bli elektronisk. Det vil seia at alle dei røysteføre ved UiO kan røysta via Internett. Fristen for å melda seg som offisiell rektorkandidat går ut måndag 16. februar klokka 16.00. 

Valplattform for Trygve Wyller.

(Oppdatert kl. 10.30)

 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2009 18:33 - Sist endra 26. feb. 2009 11:35

Flott Trygve. Det er flott at du og Guro stiller. Dere er flotte kandidater og vi trenger konkurranse. Hilsen Per Nortvedt Professor Seksjon for medisinsk etikk

Per Nortvedt - 11. feb. 2009 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere