Den dansande misjonærlingvisten

– Eg tjuvlas gresk og esperanto i norsktimane på gymnaset, medan eg pugga swahili i fritida, fortel Kjell Magne Yri. Han er Noregs fremste ekspert på etiopiske språk. Men han byrja karrieren som bibelomsetjar.  

KAN LÆRA: - Me nordmenn kan læra mykje av etioparane når det gjeld korleis dei tar seg av storfamilien sin, og korleis dei tar seg av gjester, seier Kjell Magne Yri, som byrja karrieren som bibelomsetjar, men som no er Noregs fremste ekspert på etiopiske språk. Etter arbeidstid drar han ofte heim til Nittedal på ski.

Foto: Ola Sæther

Det står eit par langrennsski utanfor kontoret til førsteamanuensis Kjell Magne Yri ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Han tar imot oss i skistøvlar og lett fritidstøy.

– De må orsaka meg, men eg skal gå på ski heim til Nittedal i ettermiddag. Når det er fullmåne, er det ein heilt fantastisk flott tur, seier Kjell Magne Yri. Turen er på mellom 15 og 20 kilometer. Men det skremmer ikkje han.

– I førre veke gjekk eg den turen tre gonger, smiler den 65 år gamle lingvisten frå Hareid på Sunnmøre. Det var der han fann ut at han hadde talent for språk.

– Eg klarte å krydra dei keisame norsktimane med å lesa gresk og esperanto for meg sjølv. Og i fritida prøvde eg å pugga ei lærebok i swahili, som eg hadde fått tak i. Det likte eg svært godt, så eg forstod tidleg at eg var flink til å læra litt eksotiske språk, fortel han.

Ein dag fekk gymnaset besøk av generalsekretæren i Det Norske Bibelselskapet.

– Då sa ein god venn til meg at ein jobb som bibelomsetjar måtte vera noko for meg. Og eg tok han på ordet, og drog etter kvart til Oslo, der eg tok både teologisk embetseksamen på Menighetsfakultetet og gresk mellomfag ved Universitetet i Oslo. Sommaren 1965 heldt eg til i bibelomsetjarane sitt Mekka, nemleg Summer Institute of Linguistics (SIL) i England, seier Yri. I Noreg hadde Det Norske Bibelselskapet utgitt ei ungdomsomsetjing av Det nye testamentet. Det opna vegen for han som bibelomsetjar.

Bibelomsetjar

– I den konservative misjonsorganisasjonen Norsk Luthersk Misjonssamband og i andre grupper var det fleire som ville gi ut ei ”piratutgåve” av Det nye testamentet i protest, fordi dei meinte at ungdomsomsetjinga frå 1968 var altfor liberal. Etter å ha studert nytestamentet grundig både som teologistudent og på bibelomsetjarsenteret i England, visste eg at omsetjinga var langt frå liberal i høve til grunnteksten. Det sa eg ikkje noko om, men eg takka ja til oppdraget, sidan det var perfekt for meg som hadde tenkt å bli bibelomsetjar. Og med studium både i hebraisk, nytestamentleg gresk og latin, og med lingvistikk grunnfag i tillegg, syntest eg at dette var ei oppgåve som passa for meg. Det tok meg fem år å bli ferdig, og eg gjorde mitt beste for at dei som hadde gitt meg oppdraget, skulle bli nøgde med arbeidet, sjølv om det blei for mange ”og” og ”men” etter min smak, minnest han.

Slik fann Misjonssambandet den bibelomsetjaren dei hadde leita etter.

- Lærte tre etiopiske språk på tre år

– Etiopia valde eg sjølv, etter at eg hadde lese ei bok av ein som eg seinare blei kollega med. I 1973 drog eg saman med familien min til Etiopia, som skulle bli heimlandet mitt i 15 år. Det første eg måtte gjera, var å læra meg hovudspråket amharisk. Det var det vanskelegaste språket å læra av dei språka eg kan godt. Seinare blei eg send til Gudji-området, til Gudji-folket som snakkar eit heilt anna språk enn amharisk, nemleg oromo. Då måtte eg læra eit nytt språk igjen.

- Læraren min var ein 15 år gamal gutunge. Etter rundt eitt år kunne eg så mykje, at eg kunne halda den første andakten min på oromo. Men då hadde eg fått beskjed om å dra til presteseminaret i Sidaama-regionen. Ein av dei etiopiske lærarane hadde gått over til Jehovas vitne, og eg måtte steppa inn som vikar. Sjølv tenkte eg at eg kunne dra tilbake til Gudji-folket etter ei tid, for å omsetja nytestamentet til deira språk, men då eg lanserte den tanken på presteseminaret, meinte dei at eg heller burde omsetja nystestamentet til sidaama, eit språk som blei tala av rundt to millionar menneske i området der presteseminaret heldt til. På den måten lærte eg meg tre etiopiske språk på tre år. Og det blei starten på eit tolv år langt intensivt arbeid med omsetjing av nytestamentet til sidaama.  

Jeger

Fram til då hadde Yri vore mest oppteken av å driva med faglege syslar. Heilt til han arva ei rifle av ein amerikansk misjonær som hadde reist heimatt.

– På eitt eller anna vis blei også den handskrivne våpenlisensen hans overført til meg. Dermed tok eg med meg ein etiopisk venn, og saman for me ut i skogen for å gå på jakt. Etter nokre timar oppdaga me eit villsvin. Eg heva rifla, sikta godt og fyrte av. Villsvinet fall daudt om. Det var det første rifleskotet eg hadde løyst i heile mitt liv, og det var det første og det siste villsvinet eg har skote. Saman bar me villsvinet mellom oss på typisk Asterix-Obelix-vis heilt tilbake til der me budde . Eg kunne ingenting om partering og flåing, men eg rista opp igjen den kunnskapen eg fekk frå faren min då eg som tiåring såg på at han slakta sauer. Det var det eg trong å vita, og villsvinkjøtet la me rett i frysaren. Jaktinteressa mi var vekt, men seinare er det berre hjort og elg eg har jakta på i Noreg. I Oldedalen i Stryn, der faren min kom ifrå, går eg på jakt kvar haust.

Etiopia er eit land han har fått eit godt forhold til.

– Det er heilt fantastisk . Og hovudstaden Addis Abeba ligg på same høgd som Galdhøpiggen. Me nordmenn kan læra mykje av etioparane når det gjeld korleis dei tar seg av storfamilien sin, og korleis dei tar seg av gjester. Dei er også svært høfleg, og etioparane som kjem hit, forstår ikkje at nokon kan lata vera å seia hei eller god morgon til kvarandre når dei byrjar på jobben.

Eit nytt liv

I 1988 var han ferdig med å omsetja Det nye testamentet til det etiopiske språket sidaama. Året etter raste det livet han hadde levd, saman.

– Eg kom midt i eit vegkryss. Alt gjekk i oppløysing, både familien og karrieren som bibelomsetjar. Det kom så langt at eg melde meg ut av Norsk Luthersk Misjonssamband. Då slapp eg i alle fall å bli ekskludert. Summer Institute of Linguistics ville gjerne utmemna meg til æresmedlem for omsetjingsarbeidet mitt. Det takka eg nei til, fordi eg ikkje ville at dei skulle ha ein som hadde feila, blant æresmedlemane sine.

– Men det er menneskeleg å feila?

– For nokon går det ikkje an å feila. Enden på visa blei at eg vende tilbake til Noreg og starta som student igjen i 1990. Då byrja eg på lingvistikk, og eg gav meg ikkje før eg blei ferdig med doktorgraden min i 1996.

– Og då fekk du bruk for det du hadde gjort som bibelomsetjar?

– Ja, absolutt. I doktorarbeidet fekk eg bruk for alt eg hadde lært i livet, då avhandlinga handla om tydingsutviklinga til religiøse omgrep når dei blir omsette.

Lærte indianarspråk

Kort tid etter fekk han jobb som vikar for dåverande dekan, Even Hovdhaugen. Først i år 2000 fekk han fast jobb som førsteamanuensis, 11 år etter at han hadde gjort eit nytt karriereval. I mellomtida hadde han også gifta seg med ein lingvist frå Chile. Då han kom på besøk til heimlandet hennar, tykte han at han måtte ta ei ny språkleg utfordring.

– Eg lærte meg sjølvsagt spansk, men som lingvist syntest eg det var viktig å læra seg eit indianarspråk også. Dermed byrja eg å studera mapuchefolket sitt språk, mapudungun. Eg oppdaga straks at det var endå vanskelegare å læra enn amharisk. Framleis kan eg ikkje snakka det, men eg prøver no å koma gjennom nytestamentet på det språket.

Tilbake til Etiopia som språkforskar

I 2002 drog han tilbake til Etiopia som språkforskar. Då leidde han eit stort forskingsprosjekt som blant anna såg på bruken av morsmåla i grunnskulen i Etiopia. Saman med lingvistane Elizabeth Lanza og Rolf Theil og fem forskarar frå Addis Abeba University forska dei på bruken av fem etiopiske språk i 16 skular i fire regionar frå 2002 til 2007. Prosjektet fekk nesten fem millionar kroner i støtte frå NUFU (The Norwegian Programme for Development, Research and Education). Men dei har ikkje fått pengar til å halda fram med prosjektet.

– No vil eg konsentrera meg om eigne prosjekt og ikkje kasta bort meir tid på å skriva søknader om støtte. Her på instituttet har eg fått gjort akkurat det eg likar. Eg har skrive artiklar om grammatikkar og fått undervist i eksotiske språk. Difor synest eg at eg har hatt eit rikt liv både på og utanfor universitetet. 

Ein annan dans

Men livet på dansegolvet oppdaga han seint.

– Eit kurs i afrikansk dans på Center for afrikansk kulturformidling (CAK) inspirerte meg til å byrja å dansa både swing, rock og tango. Då var eg godt over 40, og eg fann ut at dette var ein dimensjon som hadde mangla i livet mitt. No dansar eg så ofte eg kan både i Teaterkjelleren i Akersgata og på Grorud samfunnshus. Det kjem eg til å gjera så lenge det er sprett i meg.

Emneord: Etiopia, Lingvistikk Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2009 10:32 - Sist endra 24. feb. 2009 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere