Ole Petter Ottersen vil bli rektor

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen seier ja til å bli foreslått som rektorkandidat ved UiO. Viserektor Inga Bostad stiller som prorektorkandidaten hans. Det stadfestar dei overfor Uniforum.  

STILLER I REKTORVALET: Medisinprofessor Ole Petter Ottersen og viserektor Inga Bostad stiller som rektorkandidat og prorektorkandidat ved UiO til valet i vår, viss dei blir foreslått, opplyser dei til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen stiller som rektorkandidat under valet i april. Det mest overraskande er likevel at viserektor Inga Bostad har takka ja til tilbodet om å bli prorektorkandidaten hans.
 

– Det faktum at ho sa ja til å stilla som prorektorkandidat denne veka, var heilt avgjerande for at eg endeleg bestemte meg for å bli rektorkandidat, dersom eg blir foreslått. Etter at eg arbeidde med evalueringa av Universitetet i Oslo for nokre år sidan, blei eg gripen av kompleksiteten og såg det store potensialet til universitetet. No ser eg føre meg korleis me kan gjera eit slikt universitet endå sterkare, seier Ottersen.

-Viktig med kontinuitet

Inga Bostad er i dag viserektor, og det vervet har gitt henne meirsmak.
– Eg talde likevel lenge på knappane då Ole Petter Ottersen spurde meg, fordi eg saknar fagleg fordjuping, Samtidig veit eg at det er  ein både vanskeleg og krevjande jobb, sidan eg har vore viserektor i 3 og eit halvt år og sett på nært hald korleis rektoratet fungerer. På den andre sida veit eg at det er ein svært interessant jobb. Dessutan trur eg det er viktig med kontinuitet, ikkje minst for administrasjonen, meiner ho. 
 

– Men er du ikkje redd for å bli assosiert med dagens rektorat?
– Eg trur me kan byggja på mykje av det som har eksistert under dagens rektorat, men me kan gjera det på ein annan måte, trur ho. I tillegg til at viserektor Inga Bostad har sagt ja til å vera prorektorkandidat, har både professor Doris Jorde ved UV-fakultetet og professor Ragnhild Hennum ved Det juridiske fakultetet sagt seg villige til å dela viserektorvervet, viss Ole Petter Ottersen og Inga Bostad blir valde til rektor og prorektor under valet i månadsskiftet mars/april.
– Dette blir eit godt team, som dekkjer om lag heile verksemdsområdet til UiO. Då kan me garantera oss imot at ordningar som fungerer for eit fagmiljø blir innført for eit fagmiljø det ikkje passar for, understrekar Ottersen.
 

- Trygg og demokratisk arbeidsplass

Valprogrammet er enno ikkje heilt ferdig, men dei har klare visjonar om kva dei vil gjera, dersom dei blir valde under rektorvalet i frå 31. mars til og med 2. april .
– Me er svært opptekne av at UiO skal vera ein trygg og demokratisk arbeidsplass, der alle tilsette og studentar føler at dei får utnytta potensialet sitt til fulle. Sjølvsagt ser me det også som plikta vår å kjempa for at dei finansielle vilkåra til forskarane blir betra. Og me vil dessutan sjå på korleis studierettleiinga til studentane kan bli betre, seier Ottersen.

Inga Bostad nikkar og legg til:
– Visjonen vår er også å lyfta opp studiekvaliteten på eit strategisk plan og gå gjennom alle sider ved den, presiserer ho. Men dei stansar ikkje der.
– I tillegg skal me sjå på korleis livet rundt studia, kan bli endå betre, lovar Ottersen. Begge går inn for at UiO skal samarbeida endå nærmare med Kunnskap Oslo og Universitetsalliansen med Universitetet for miljø- og biovitskap, Høgskolen i Akershus og Høgskolen i Oslo.

– UiO kan gjera meir for å byggja bruer over til andre institusjonar og få til ei arbeidsdeling når det gjeld forsking og undervisning, meiner dei.

- Dekanar og rektor skal veljast

Samtidig er dei opptekne av universitetsdemokratiet.
– Me står fast på dei demokratiske prinsippa om at både dekanar og rektor skal veljast og at grunneiningane skal få velja styreforma si, seier Ottersen og Bostad.

– Me vil gjerne at forskarane skal ha faglege møteplassar der dei kan vera med å delta i både den faglege og organisatoriske utviklinga av fagmiljøet sitt. Det er viktig at dei får ei kjensle av å kunna påverka avgjerder, meiner dei. Og begge lovar å respektera og ta omsyn til heterogeniteten ved UiO.
 

– Difor vil me passa oss for å pressa ei løysing som passar på eit fagmiljø på alle andre fagmiljø. Me vil gi dei ulike fagmiljøa høve til ei positiv utvikling. I tillegg ynskjer me ein endå tettare kontakt og samarbeid mellom den faglege og den administrative linja. Det er viktig at også dei teknisk-administrative tilsette får utnytta potensialet sitt, poengterer dei.

- UiO må bli blant dei beste i Europa

Dei har store ambisjonar for Universitetet i Oslo.
– Me deler visjonen til dagens rektorat om at UiO må ta mål av seg til å bli blant dei beste universiteta i Europa. Det er viktig å sikta høgt, seier Ottersen. 
 

– I dag leier du eit senter for framifrå forsking, og du har nyleg fått tildelt Anders Jahres medisinske pris. Kvifor vil du likevel stilla opp som rektorkandidat, viss du blir foreslått?
– Det var eit vanskeleg val. Forskinga trekkjer enormt. Eg likar å skriva vitskaplege artiklar (papers), og eg likar å rettleia studentar. Men det er også fantastisk å sjå kva ein kan gjera for den institusjonen eg har vore tilsett ved sidan 1978. Det var den sterkaste drivkrafta denne gongen, svarar Ottersen.
– Ingen av oss ynskjer likevel å riva av bandet til forskinga. Det gir oss både styrkje og legitimitet i den moglege rektorgjerninga, seier Ottersen og Bostad.

Valplattform for Ole Petter Ottersen.

Kristian Gundersen stiller ikkje

Førebels har ingen andre meldt seg som rektorkandidatar. Det einaste som er klart er at tidlegare rektorkandidat Kristian Gundersen ikkje vil stilla denne gongen. Det gjorde han klart i Uniforum måndag 19. januar. I 2005 stilte det opp heile fem rektorkandidatar: Geir Ellingsrud, Lars Walløe, Fanny Duckert, Kristian Gundersen og Stein A. Evensen.

Siste frist for å melda seg på i kampen om å etterfylgja Geir Ellingsrud som rektor ved Universitetet i Oslo er 16. februar kl. 16.00. Valet vil gå føre seg frå 31. mars til og med 2. april. Det vil vera elektronisk, det vil seia at alle som har stemmerett kan røysta via Internett. 


 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2009 10:33 - Sist endra 26. feb. 2009 11:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere