Valstyret avviser klagen på valopptellinga

Dei fem professorane som klagde på opptellingsmåten under valet til nytt universitetsstyre, får ikkje medhald av valstyret. Etter å ha handsama klagen ser ikkje valstyret at dei forholda som dei fem professorane peika på i samband med gjennomføringa av valoppgjeret, gir grunnlag for å hevda at opptellingsmåten er utført i stid med valreglementet til universitetet. Valstyret forklarar og grunngjev i ei 18 sider lang utgreiing kvifor klagen ikkje er blitt tatt til fylgje. No blir klagen oversendt til endeleg handsaming i Universitetsstyret tysdag 20. desember.

FÅR IKKJE MEDHALD: Jussprofessor Henning Jakhelln og fire andre professorar får ikkje medhald frå valstyret i klagen på opptellingsmåten under styrevalet.
Foto: Trine Nickelsen

I klagen blei det altså uttrykt tvil om det var lov å avslutta opptellinga av stemmene før det var blitt gjennomført ein siste avsluttande opptellingsrunde.

Det var først og fremst opptellingsmåten under valet til nytt universitetsstyre dei fem professorane Nils Roll-Hansen, Dag Hessen, Henning Jakhelln, Petter Laake og Vigdis Ystad klagde på. Valgstyret har i fylgje dei fem stansa opptellinga ein runde for tidleg. Ved valet til nytt universitetsstyre 17. november blei professor Nils Damm Christophersen og professor Johanne Sundby valde inn som representanter for dei vitskaplege tilsette. Sundby blei valt inn, trass i at professor Olav Gjelsvik hadde fleire stemmer, fordi reglane seier at ein av dei to representantane for dei vitskaplege tilsette skal vera ei kvinne.

- Stoppa opptellinga ein runde for tidleg

Jussprofessor Henning Jakhelln presiserte då klagen blei innlevert til valstyret at det ikkje er regelen om kjønnskvotering dei fem ynskte å retta søkjelyset mot.

- Klagen handlar om forholdet mellom preferansevalet og kjønnskvotering. Då dette valet blei avslutta, stod det igjen tre representantar. Slik me tolkar reglane skal preferansevalet avsluttast før regelen om kjønnskvotering blir sett i verk. Det vil seia at preferansevalet skal pågå til det står igjen to representantar. Valstyret har dermed gripe inn i opptellingsprosedyren og stoppa opptellinga ein runde for tidleg i forhold til regelverket, sa Henning Jakhelln til Uniforum onsdag 23. november.

"Korrekt valoppgjer"

I konklusjonen frå valstyret får altså verken jussprofessor Henning Jakhelln eller dei fire medklagarane hans medhald. Valstyret vil, med mindre Universitetsstyret vedtar noko anna, halda fast på praksisen sin med ikkje å gjennomføra opptellingar og utrekningar som ein med logisk visse kan seia ikkje vil få noko å seia for kven som blir valt. Men valstyret rår til at det blir vurdert på nytt å innføra i valreglementet detaljerte reglar om korleis ein skal ta omsyn til kravet om kjønnsbalanse ved valoppgjeret for preferanseval. Valstyret slår difor fast at det gjennomførte valoppgjeret er korrekt både i prosedyre og resultat. Gjennomføring av endå ein ny opptellingsrunde, kan ikkje føra til noko endring i resultatet, presiserer valstyret.

Heile utgreiinga til valstyret blir lagt ut på UiOs nettsider seinare denne veka:

Dette er dei åtte punkta i konklusjonen til valstyret:

Konklusjon

Valgstyret finner ikke grunnlag for å gi klagerne medhold. Klagen blir derfor oversendt universitetsstyret sammen med vår begrunnede uttalelse.
Hovedpunktene i valgstyrets uttalelse kan oppsummeres på denne måten:

1. Valgstyret legger til grunn at klagen bare gjelder valget for fast vitenskapelig tilsatte, der klagerne har stemmerett og dermed klagerett (se avsnitt 1).

2. Valgstyret vil, med mindre universitetsstyret vedtar noe annet, holde fast ved sin praksis med ikke å gjennomføre opptellinger og beregninger som man med logisk sikkerhet kan si ikke vil få betydning for hvem som blir valgt (se avsnitt 2).

3. Det bør vurderes på nytt å innføre i reglementet detaljerte regler om hvordan man skal ta hensyn til kravet om kjønnsmessig balanse ved valgoppgjøret for preferansevalg (se avsnitt 5).

4. Valgstyret mener at det gjennomførte valgoppgjøret er korrekt, både i prosedyre og resultat.

5. Det som i avsnitt 7 er omtalt som klagernes prinsipale standpunkt, har ingen støtte i reglementets ordlyd. Standpunktet strider mot logikken for preferansevalg og vil kunne gi klart urimelige resultater.

6. Gjennomføring av ytterligere en opptellingsrunde i tillegg til dem valgstyret gjennomførte, kan ikke føre til noen endring i resultatet, selv om man legger klagernes prinsipale standpunkt til grunn (se avsnitt 7).

7. Alternative framgangsmåter som kan tenkes å gi et annet resultat, strider mot forholdstallsprinsippet og logikken for preferansevalg.

8. Det som i avsnitt 8 er omtalt som klagernes subsidiære standpunkt, samsvarer godt med den prosedyren valgstyret har brukt og kan ikke føre til noe annet resultat.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2005 15:53 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere