HF legg ned mellomalderstudium

Det humanistiske fakultetet har bestemt seg for å leggja ned bachelorprogrammet i vesteuropeiske mellomalderstudium, utan å ha handsama saka i demokratisk valde organ. - Sjølv om vedtaket er formelt korrekt, så er det moralsk og politisk uheldig, synest førsteamanuensis Terje Spurkland, som er fagleg ansvarleg for studieprogrammet.

UHELDIG: HF legg ned bachelorprogrammet i mellomalderstudium. - Sjølv om vedtaket er formelt korrekt, så er det moralsk og politisk uheldig, synest førsteamanuensis Terje Spurkland.
Foto: Ola Sæther

Fakultetet grunngjev avgjerda med den reduserte undervisningskapasiteten i seksjonen for mellomalderstudium (Mellomaldersenteret) ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium. Vedtaket blir sett i verk frå studieåret 2006-2007, men alle dagens studentar på programmet får høve til å fullføra bachelorgraden sin i vesteuropeisk mellomalderhistorie. Studentar som ynskjer det kan også be om overgang til andre studieprogram, lovar fakultetsleiinga. Fakultetet vil leggja fram eit forslag om å leggja ned studieprogrammet for Universitetsstyrets studiekomité 9. desember.

Har bede om meir ressursar

Både førsteamanuensis Terje Spurkland og Rune Ersdal, som er leiar for studentutvalet ved Mellomaldersenteret, avviser argumenta fakultets- og instituttleiinga brukar for å få lagt ned studieprogrammet i vesteuropeisk mellomalderhistorie.

- Eg underretta instituttleiinga og fakultetet om ein akutt vanskeleg undervisningssituasjon på mellomalderseksjonen på instituttet. Akkurat no er me råka av ei rekkje uheldige omstende, der nokre av lærarane har sabbatsår, medan andre er sjukemelde. I møte med instituttleiinga har eg sagt at dersom me ikkje får gjort nokre grep i denne akutte situasjonen, vil det gå ut over studieprogrammet. I verste fall må det leggjast ned. Og så er det nettopp det dei gjer, men utan å samrå seg med programrådet. Og det reagerer rådet sterkt på, seier han.

130 studentar

Det er eit livskraftig program fakultetet no vil leggja ned.

- Då det blei oppretta, tykte me at det ville ha vore sånn passe bra om me fekk fleire enn ti studentar, men dårleg om me fekk færre enn ti. Resultatet blei at det byrja 30 studentar kvar einaste haust. Dermed er det over 85 studentar som er registrerte på dette bachelorprogrammet denne hausten. Når me tar med studentane som går på masterstudiet, er studiemiljøet på rundt 130 studentar. Mange av dei går på det internasjonale masterstudiet.

- I utlandet synest kollegaene mine at det er fantastisk at me har eit tverrfagleg vikingtid- og mellomalderstudium.. Cambridge-universitetet i England sender dessutan doktorgradsstudentane sine i "Viking studies" til oss, på grunn av det gode fagmiljøet ved Mellomaldersenteret, fortel Spurkland. Han viser til at dette studieprogrammet er det mest tverrfaglege programmet på bachelornivå.

- Det blei plassert administrativt under Senter for mellomalder og vikingtid, men det er mange emne i programmet som ligg under andre avdelingar og institutt på HF. Likevel har ikkje fakultetet og instituttet å ta det inn over seg. Dei handlar som om det eine og åleine er instituttet som eig programmet. Difor burde fakultetet ha late programrådet handsama forslaget om nedlegging før den endelege avgjerda blei tatt, meiner Spurkland.

Prinsippsak

Spurkland meiner at denne saka kan bli ei prinsippsak for
fakultetet.

- Dersom forslaget om nedlegging kjem opp i Universitetsstyrets studiekomité 9. desember og blir vedtatt der, blir det det første studieprogrammet som blir lagt ned utan at det har vore oppe i eit demokratisk valt organ, slår han fast. Han fryktar også at andre fagmiljø kan stå i fare for å forsvinna dersom dette studieprogrammet blir viska ut.

- Emne som norrøn religionshistorie og kunsthistorie i vikingtida er det berre dette studieprogammet som tilbyr. Dei kan bli heilt borte, om programmet blir lagt ned, understrekar Spurkland., Rune Ersdal synest dette er trist.

- Berre fordi det har vore underskot på budsjettet fram til no, vil instituttet leggja ned studiet. Eg meiner at det blir brukt som eit påskot for å få lagt ned faget. Me studentar synest at Noreg burde ha eit spesielt ansvar for å halda liv i eit fag som ser på vikingtid og mellomalder, slår Ersdal fast. Terje Spurkland og leiinga for programmet vil be om eit møte med studiedekan Tor Egil Førland, for å fortelja han at avgjerda er tatt på feil grunnlag og at forslaget difor enno ikkje bør sendast til endeleg handsaming i studiekomiteen no.

- Ikkje nok lærarar

Studiedekan Tor Egil Førland opplyser til Uniforum at han vil ha eit møte med leiinga for studieprogrammet for å drøfta forslaget om nedlegging.

- Eg vil gjerne understreka at det ikkje er fakultetet som har tatt initiativet til å leggja ned dette studieprogrammet, men at me berre har tatt konsekvensen av at undervisnings-koordinator og instituttleiar har slått fast at det ikkje er nok lærarar til å gi den undervisninga som trengst på programmet. Me kan ikkje satsa på at situasjonen blir betre om tre år og risikera å stå utan lærarar.

- Men bør ikkje UiO prioritera studium i vikingtid og mellomalderhistorie?

- Det vil finnast emne både i historie, filologi, arkeologi og kunsthistorie for dei som ynskjer å studera dette feltet. No har me valt å konsentrera kreftene om det engelskspråklege masterprogrammet Nordic Viking and Medieval Culture, seier Førland.

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2005 10:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere