- Forskarforbundet blei motarbeidd av Akademikerne

- Forskarforbundet hadde problem med å få gjennomslag for lønspolitikken sin i Akademikerne. Politikken vår blei dermed motarbeidd av hovudorganisasjonen vår. Difor melde foreininga seg ut og inn i Unio, forklarar tillitsvald Randi Halveg Iversby og hovudtillitsvald Kristian Mollestad.

NØGDE: Tillitsvald Randi Halveg Iversby og hovudtillitsvald Kristian Mollestad er begge nøgde med at Forskarforbundet har meldt seg ut av Akademikerne og inn i Unio.
Foto: Martin Toft

Det var 1. juli i år Norsk Forskarforbund vedtok å melda seg ut av hovudorganisasjonen Akademikerne og inn i den nystifta Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna (Unio). Dermed blir Forskarforbundet med i same organisasjon som Utdanningsforbundet, Politiforbundet, Sjukepleiarforbundet og Presteforeininga.

- Hovudårsaka til at Forskarforbundet melde seg ut av Akademikerne var usemje i synet på korleis lønsforhandlingane skulle førast. Akademikerne hadde som prinsipp at mest mogleg av lønna skulle forhandlast lokalt, medan Forskarforbundet stod fast på ei tredeling mellom generelle forhandlingar, justeringsforhandlingar og lokale lønsforhandlingar. Politikken vår blei dermed motarbeidd av hovudorganisasjonen vår, konstaterer Randi Halveg Iversby og Kristian Mollestad.

Ulikt syn på offentleg sektor

Men det var også andre viktige prinsippsaker Forskarforbundet ikkje fekk gjennomslag for.

- Forskarforbundet har eit anna syn på offentleg sektor enn Akademikerne som har flest medlemar i privat sektor og i frie yrke og dette pregar naturleg nok politikken deira, konstaterer Halveg Iversby. Både ho og Kristian Mollestad er godt nøgde med at dei no er med i Unio.

- I Unio Stat er Forskarforbundet saman med Politiforbundet dei to største organisasjonane. Her føler me at me får større handlingsrom og mykje lettare gjennomslag for synspunkta våre, slår dei fast.

Vil ha omkamp om Tenestemannslova

Ei av dei viktigaste sakene dei vil kjempa for no, er å få til ein omkamp om endringane både i Tenestemannslova og i Arbeidsmiljølova.

- Endringane i Tenestemannslova blei ikkje gjorde på den måten ei lovsak skal handsamast på frå regjeringa si side. Den blei tatt opp som ei hastesak, utan at det var tatt omsyn til arbeidstakarane sitt innspel mot det klare åtaket på stillingsvernet til dei offentleg tilsette. Det går ikkje an med eit pennestrøk å fjerna faglege rettar som er blitt kjempa fram over 100 år. Akademikerne var villig til å selja desse rettane mot høgare løn, meiner Iversby og Mollestad.

Signalet deira til ei ny raudgrøn regjering er at den må handsama både endringane i Arbeidsmiljølova og Tenestemannslova på nytt.

- Me er klar over at det var den første regjeringa til Jens Stoltenberg som sette i gang med moderniseringa av den offentlege sektoren. No ser det ut som om han er komen på andre tankar, og då vil me stå på for å få dei til å oppfylla lovnadene sine på dette området. Dessutan vil me kjempa for at Utdannings- og forskingsdepartementet skal vera som i dag, lovar dei.

Fram til nyttår vil Forskarforbundet vera med både i Akademikerne og i Unio. Samtidig vil ikkje Forskarforbundet lenger forhandla for dei UiO-tilsette som berre er med i ein av medlemsorganisasjonane til Akademikerne. Grunnen er at alle medlemsorganisasjonane i Akademikerne no har sagt opp ein avtale om dobbeltmedlemskap.

- Det er viktig å understreka at Forskarforbundet ikkje har endra politikken sin, og at me framleis vil arbeida for å betra løns- og arbeidsvilkåra til alle medlemsgruppene våre, seier Mollestad og Iversby.


Dette er Unio:
Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna.
Medlemsorganisasjonar: Utdanningsforbundet, Norsk Sjukepleiarforbund, Norsk Forskarforbund, Politiets Fellesforbund, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Ergoterapeutforbund, Den norske kyrkjas presteforeining, Universitets- og høgskuleutdannas forbund og Det Norske Diakonforbund.
Politisk leiar: Anders Folkestad
Unio har 255 000 medlemar og er Noregs nest største arbeidstakarorganisasjon
Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2005 14:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere