75 millionar til ny informatikkbygning

Den avtroppande regjeringa har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett for 2006. Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet presenterte sitt fagbudsjett på ein pressekonferanse i dag. Rektor Arild Underdal ved UiO er særleg glad for løyvinga til ny informatikkbygning og meir pengar til forsking.

GODT NYTT: Informatikkbygningen vert meir enn eit luftslott.
Foto: Martin Toft

Budsjettdokumenta kan no lesast på departementets nettsider. Her lovar statsråden ei kraftig auke i forskningsmidlane i 2006, alt i alt 1,4 milliardar kroner meir enn i år.

Løyvingane til grunnforsking gjennom Forskingsrådet over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er styrkte med over 250 millionar kroner. Kapitalauken i Fondet for forsking og nyskaping gir ei auka avkasting i 2007 på rundt 1,4 milliardar kroner.

Over områda til andre departement foreslår regjeringa ein særleg sterk auke i løyvingane til næringsretta forsking.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 132 millionar kroner til dei 100 nye doktorgradsstillingane som blei oppretta frå hausten 2005, og til å opprette 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006.

Løyvinga til kvalitetsreforma aukar ikkje

Kvalitetsreforma blei fullfinansiert med ei løyving på 1 144 millionar kroner i 2004. Løyvingsnivået blei halde oppe i 2005, og no foreslår Regjeringa å føre det vidare og gjere det permanent.

Budsjetta til universiteta og høgskulane er styrkte med 156 millionar kroner som følgje av at talet på oppnådde studiepoeng aukar.

Glad rektor

Det er gjort framlegg om å løyve 75 millionar kroner til å vidareføre byggjeprosjektet til Institutt for informatikk (IFI II) ved Universitetet i Oslo.

- Det er gledeleg at det no er løyve pengar til nytt informatikkbygg. Det er rettnok inga stor løyving i statsbudsjettet for 2006, men det har samanheng med at utgiftene for alvor kjem seinare. Dette er jo bortimot eit milliardprosjekt, seier rektor ved UiO, Arild Underdal, som kjem rett frå møte med departementet.

- Gledeleg er det også at Regjeringa følgjer opp Forskingsmeldinga med ein stor auke i løyvingane til forsking, og at det er lagt opp til ein vidare vekst i 2007. Regjeringa har òg varsla eit krafttak for neste når det gjeld vitskapleg utstyr, legg han til.

- Resultatbasert forskingsfinansiering stadfesta

Underdal noterer seg med glede at Regjeringa har tatt dei første skritta i retning av å leggje om til ei resultatbasert forskingsfinansiering på grunnlag av publikasjonar.
- Dette vil slå positivt ut for Universitetet i Oslo med 45-46 millionar i 2006.

På utdanningssida er det små endringar, meiner Underdal.
- UiO vil få nokre påplussingar som følgje av fleire studiepoeng og ein liten vekst i studieplassar på lærerutdanninga.

Påtroppande rektor Geir Ellingsrud seier at han ikkje har fått studert statsbudsjettet godt nok til å kommentere det enno. Men også han er positiv til at løyvingane til forsking er blitt såpass auka.

Emneord: Økonomi Av Lars Hoff
Publisert 14. okt. 2005 10:30 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere