Ynskjer bygg for Life Sciences klart i 2011

- Tanken er at eit bygg for kjemi, bioteknologi og molekylærmedisin i Gaustadbekkdalen bør kunna stå klart til UiOs 200-årsjubileum i 2011. I eit slikt bygg for Life Sciences skal toppforskarar frå alle desse miljøa koma saman, seier prorektor Anne-Brit Kolstø til Uniforum. Universitetsstyret skal ta stilling til planane i november.

FORNYING: - Planen om å byggja eit bygg for Life Sciences er ein eineståande sjanse til å få til fornying, seier prorektor Anne-Brit Kolstø.
Foto: Ståle Skogstad

Det som er sikkert er at det skal byggjast ny kjemibygning i Gaustadbekkdalen. Det vedtok det dåverande Kollegiet allereie i 2001.

- Men me bør utnytta det høvet som dette gir i samsvar med den visjonsrapporten som blei lagd fram for Kollegiet den gongen og som blei utarbeidd i samarbeid med Statsbygg og Forskingsrådet, meiner Anne-Brit Kolstø.

Etter at det før sommarferien også blei vedtatt å senda ein søknad om å etablera ein norsk node i eit nordisk EBML (European Molecular Biology Laboratory)-tilknytt senter for molekylærmedisin, er tanken å utvida planane til å omfatta eit endå større bygg der fag som er knytt til kjemi, som bioteknologi, farmasi og molekylærmedisin, kunne vera moglege samarbeidspartnarar.

- Eit løft

- Ein slik bygning kunne bli eit ordentleg løft både for det medisinske fagmiljøet og for realfagmiljøet i Noreg, og kunne også vera med på å letta rekrutteringa til naturfaga. Dessutan vil det kunne føra til at Noreg kunne ta eit langt steg opp mot kvalitetstoppen når det gjeld den naturfaglege forskinga i Europa, trur prorektor Anne-Brit Kolstø. Ho ser for seg at både Bioteknologisenteret og statlege forskingslaboratorium kan få innpass i eit slikt bygg.

- På den måten kunne me få ein synergieffekt med andre forskingssenter, meiner ho.

Det er no sett ned ei styringsgruppe som skal greia ut fleire alternativ for eit slikt bygg, før Universitetsstyret får det på sitt bord i november.

- Personleg meiner eg at me bør gå inn for dette. Det finst eit liknande senter i Finland, Biomedicum, som samarbeider nært både med Universitetet i Helsingfors og dei statlege styresmaktene der, fortel ho.

Eit nybygg skal liggja om lag der Veglaboratoriet ligg no og vidare opp mot Ringvegen. I første omgang trur Kolstø det også kan vera mogleg å leggja eit eventuelt nytt senter for framifrå forsking til dette bygget.

- Skal konkurrera

- Men det skal vera permanente miljø som konkurrerer med andre universitet om toppforskarane. Slik kan me koma godt ut i konkurransen med dei beste nordiske universiteta, trur ho.

I bygningen for Life Sciences skal altså forskarar frå ulike faggreiner halda til og samarbeida. Det vil også liggja i nærleiken av Forskingsparken, det nye informatikkbygget, dei medisinske og odontologiske bygningane, Rikshospitalet og Mikro- og nanoteknologisenteret. I tillegg vil det liggja i kort avstand frå forskingsmiljøa på Ullevål universitetssjukehus og Radiumhospitalet.

- Ja, eg trur det er viktig å nytta denne eineståande sjansen til å få til fornying. Nyskaping skjer jo nettopp der forskarar frå ulike miljø arbeider saman. Og det må også bli viktig som eit nytt element i kunnskapsbyen Oslo, understrekar ho.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2005 14:04 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere