Vil verna norsk fagspråk

- UiO må ta vare på norsk fagspråk sjølv om engelsk er både det naturlege daglegspråket og fagspråket i mange internasjonale forskingsmiljø. Det konstaterer rektor Arild Underdal, som no set ned eit utval som skal koma med forslag til ein eigen språkpolitikk for universitetet.

BRUK NORSK! - Me må kunna krevja at forskaren skal kunna forklara faget sitt på norsk til eit norsk publikum, synest Arild Underdal, som vil verna norsk fagspråk.
Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo har som mål å gjera institusjonenbåde til eit internasjonalt forskingsuniversitet som tilhøyrer den europeiske meisterligaen samtidig som det skal ta vare på norsk språk og kulturarv. I dag har UiO 32 masterstudium på engelsk, og fleire og fleire av forskarane kjem frå utlandet.

- Dette er ei ynskt utvikling, men òg eit stort dilemma, vedgår rektor Arild Underdal. - Skal me kunna krevja at ein russisk forskar underviser og rettleier studentane sine på norsk, eller bør kinesiske studentar læra seg norsk for å kunna fylgja med på undervisninga? I dag finst det ikkje klare nok retningslinjer, og praksis vert difor ustø, slår han fast.

Må forklara faget på norsk

UiO-rektoren ser også at det er engelsk som er det felles fagspråket i dei vitskaplege fagtidsskrifta.

- Det er slik det bør vera, men me må likevel kunna krevja at forskaren skal kunna forklara faget sitt på norsk til eit norsk publikum. Difor er eg oppteken av å ta vare på den norske fagterminologien i dei faga der ein slik terminologi finst, seier han. Som døme viser han til Institutt for statsvitskap, der han sjølv er professor.

- Der har forskarane skrive fleire bøker på norsk, mellom anna fordi engelskspråklege bøker ikkje gir nok kunnskap om norsk og skandinavisk politikk, som er eit viktig tema på dette studiet. Utan at me medvite tenkte på det, var me på den måten også med på å ta vare på ein norsk fagterminologi. Så kom det internasjonale ekspertpanelet som evaluerte faget og kritiserte oss for dette fordi det meinte at det fanst gode nok bøker på engelsk og fordi det gjekk ut over forskinga, fortel han.

Ein felles språkpolitikk

- Det siste har dei rett i, men UiO skal også vera ein allmenn kulturinstitusjon. Difor har me ei plikt til å ta vare på norsk fagspråk. Me bør difor kunna få ein felles språkpolitikk med felles grunnprinsipp som heile universitetet bør etterleva. Komiteen som skal greia ut desse spørsmåla, skal kunna leggja eit slikt forslag på bordet til Universitetsstyret før jul, håpar han.

Underdal understrekar at undervisninga i framandspråka sjølvsagt skal drivast på eigne premissar.

- Det er ei spenning mellom det å vera eit internasjonalt orientert universitet og på same tid leva i eit lite språksamfunn, vedgår han.

Aarhus Universitet først ute

Ved Aarhus Universitet, der Arild Underdal er styremedlem, har dei allereie meisla ut ein eigen språkpolitikk. I hovudpunkta blir det lista opp kor viktig det er for studentane å meistra dansk munnleg og skriftleg, og det blir også understreka at dansk skal vera det dominerande undervisningsspråket på bachelornivå. Studentoppgåver og rapportar skal vera på dansk slik at studentane kan meistra eit danske fagspråk, heiter det i dei språklege retningslinjene til Aarhus Universitet. Det blir lagt vekt på at alle vitskapleg tilsette skal få kurs i engelsk fagspråk, slik at dei også kan undervisa på engelsk.

Sjølv om store delar av forskinga ved Aarhus Universitet blir formidla på engelsk, tar universitetet mål av seg til å formidla meir av forskinga på dansk til eit breiare dansk publikum. Når det gjeld informasjon på engelsk, skal aktivitetane til dette universitetet i størst mogleg grad kommuniserast på engelsk på dei sentrale heimesidene og på heimesidene til institutta og fakulteta. Studieopphald ved utanlandske universitet og språkkompetanse i andre framandspråk skal takast med på vitnemålet til studentane, går det fram av dokumentet.

Emneord: Tekst/Historie, Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 24. aug. 2005 09:36 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere