UiOs postjournal blir elektronisk

Universitetet i Oslos postjournal blir for første gang lagt ut på Internett tysdag 13. september. Då blir det også slutt på papirversjonen av denne journalen som inneheld ein oversikt over inn- og utgåande post ved UiO.

ELEKTRONISK POSTJOURNAL: Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen legg ut den offentlege postjournalen ved UiO på Internett frå 13. september.
Foto: Ståle Skogstad

Den offentlege journalen eller postjournalen til dei offentlege institusjonane er ei av dei viktigaste informasjonskjeldene til journalistar som er på jakt etter nyhende. Mange departement legg kvar veke den offentlege journalen ut på Internett slik at den er tilgjengeleg både for journalistar og andre interesserte. Universitetet i Oslo vil i neste månad koma etter og leggja den offentlege journalen ut på nettsidene til UiO. Dermed blir det også slutt på at journalistar får ein 40 sider tjukk bunke med oversikt over inn- og utgåande post ved kvart delarkiv. I tillegg innheld den notatar som blir sende mellom dei ulike einingane på universitetet.

Dette vil føra til at den offentlege journalen både i Sentraladministrasjonen og alle dei andre einingane ved UiO, kjem til å liggja på nettsidene til universitetet. Den 13. september vil den første nettutgåva liggja klar med oversikt over dokument som blei sende frå eller tekne imotved universitetet i veka før.

Lågare terskel

- Dette fører til at terskelen for å henta opplysningar frå UiO blir lågare. Til no er det berre Uniforum, Universitas og Radio Nova som har fått papirversjonen av den offentlege journalen. I byrjinga vil truleg andre massemedium også visa interesse for å driva dokumentjakt ved UiO, trur seniorkonsulent Are Holsted i arkivleiinga ved UiO og organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen. Kvar utgåve av den offentlege journalen vil liggja på nett i tre månader før den blir fjerna.

Felles kjørereglar

- Det skal innførast felles kjørereglar internt for å kvalitetssikra opplysningane som blir lagde ut på nettet og for å hindra at informasjon som kjem inn under teieplikta, blir tatt med, understrekar Holsted og Halsen.

- Dei dokumenta som journalistar eller andre vil ha, må dei tinga hos kvart einskilt delarkiv ved universitetet, presiserer dei to. Førebels er det ikkje aktuelt å lata all sakshandsaming ved UiO bli elektronisk.

- Men det blir det neste temaet me skal gripa tak i, lovar Are Holsted og Elisabeth Halsen.

Den elektroniske postjournalen vil du finna på fylgjande nettside:

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2005 09:12 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere