Gundersen: - Duckert og Evensen mot oss andre

- Rektorvalet handlar om kampen for eller imot det instrumentelle universitetet. I denne kampen står Fanny Duckert og Stein A. Evensen på den eine sida medan eg sjølv, Geir Ellingsrud og Lars Walløe står på den andre sida. Det sa rektorkandidat Kristian Gundersen på den første debatten mellom alle dei fem rektorkandidatane i Helga Engs hus fredag 26. august. Arrangørar var dei humanistiske og teologiske fakulteta.

VALDEBATT: Dei fem rektorkandidatane møttest til den første valdebatten fredag 26. august.
Foto: Martin Toft

Framfor 200 tilhøyrarar gjekk Kristian Gundersen hardt ut mot dei som argumenterer for at universitetet ikkje har eit eige samfunnsoppdrag.

- Men lat universitetet bli den femte statsmakta på same måten som pressa er den fjerde statsmakta. Gjennom vervet mitt som universitetsstyremedlem har eg sett universitetet i fugleperspektiv og kome i kontakt med forskarar frå alle fakultetet. Uavhengig av fagleg bakgrunn tenkjer me heilt likt i verdispørsmål. På den måten skil me oss frå den operative delen av UiO. Derfor har eg dei aller fleste støttespelarane mine ved HF-fakultetet, trass i at eg kjem frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, meinte han.

- Må visa kva me kan

Ein av dei erklærte motpolane til Kristian Gundersen, rektorkandidat Stein A. Evensen viste til kva røynsle han hadde som dekan for Det medisinske fakultetet.

- Eg er øvste sjef for 1400 tilsette. Det er truleg ingen andre rektorkandidatar som har dagleg ansvar for så mange personar. Samtidig vil eg nytta meg av høvet til å gratulera HF med topprangeringa i Norden i The Times Higher Education Review på oversikten over dei beste humanistiske fakulteta. Det står respekt av at de også kom på femteplass i Europa og på 16. plass i verda. Men UiO kan ikkje berre seia: Me eg gode. Send oss meir pengar! Me må ut i det omkringliggjande miljøet og det politiske miljøet i Oslo og visa kva me kan. Det handlar om å prioritera og skapa gode leiarkandidatar. Og dersom UiO skal bli betre, må det bli meir vitskap og ikkje mindre, sa Evensen.

Han gav også sterkt støtte til studiereforma som han syntest hadde vore god for studentane.

- Men alle reformer som blir innførte før alle detaljane er på plass, må justerast, konstaterte han. Han såg heller ikkje med blide auge på teljekantsystemet.

- Det er ein byrjande strid mellom humaniora og dei medisinske og naturvitskaplege faga, ikkje minst fordi det er dei sistnemnde faga som blir favoriserte med det systemet. Det er rett og slett ikkje rettferdig, slo han fast.

- Har sett UiOs andre side

Rektorkandidat Geir Ellingsrud trekte fram sin eigen bakgrunn som initiativtakar til professoroppropet og Vox Academica.

- I den perioden hadde eg kontakt med alle partigrupper og utvalsmedlemar på Stortinget. Som nyleg avgått leiar i Forskarforbundet ved UiO har eg også sett ei anna side av universitetet. I det vervet brukte eg mykje tid på å jobba for dei vitskaplege tilsette.

- Diverre opnar dagens universitetslov for at det skal vera mogleg å tilsetja rektor. Det vil eg på det sterkaste gå imot. Eg vil dessutan stå fast på kravet om at ein forskar skal driva med 50 prosent forsking og 50 prosent undervisning, lova han.

Han ville også kjempa med nebb og klør mot forslaget om å kunna tilsetja forskarar i mellombelse stillingar i opptil 12 år.

- Det vil skremma mange bort frå alle planar om å gjera ein akademisk karriere, trudde han.

- Lita gjennomslagskraft

Den einaste kvinnelege rektorkandidaten, Fanny Duckert lova eit ope, synleg og offensivt universitet, dersom ho blir valt til rektor.

- UiO er det beste universitetet i Noreg, eitt av dei beste i Norden og eit svært godt internasjonalt universitet. Diverre har UiO lita gjennomslagskraft i resten av samfunnet. Men me treng meir oppbacking og litt meir aksept i samfunnet rundt oss. Difor vil eg ha eit ambassadørkorps av tilsette og studentar som kan bringa denne bodskapen ut, konstaterte ho.

- Individuelle forskarar må få støtte

Rektorkandidat Lars Walløe lova å gjera alt han kunne for å oppretthalda dagens fagportefølje ved UiO. Han kom også inn på forskingspolitikken til styresmaktene.

- Satsinga på forsking har stort sett skjedd gjennom senter for framifrå forsking og dei store programma til Forskingsrådet. Men det er også viktig at individuelle forskarar får støtte til forskinga si, slo han fast. Og Walløe gjentok forsvaret for Kvalitetsreforma.

- Den har vore vellukka for studentane, sjølv om det har vore enkelte startproblem. Difor vil også eg ha vekk einsensurordninga, sa han.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 30. aug. 2005 16:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere