Oslo sluker utsette dialektar

- Om du held på dialekten din eller ikkje, handlar i stor grad om kva slags forhold du har til heimplassen din. Talemålet i Oslo har stor påverknadskraft over heile Austlandet, slår dialektforskaren Unn Røyneland fast.

RØROS VS. TYNSET: - Ungdomen på Røros har i større grad halde på dialekten sin enn Tynset-ungdomen, som har nærma seg talemålet på austkanten i Oslo, konstaterer dialektforskaren Unn Røyneland, UiO.
Foto: Ola Sæther

I doktoravhandlinga "Dialektnivellering, ungdom og identitet" har Unn Røyneland frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO samanlikna dialektendringar i dei to grannebygdene Røros og Tynset. Ho er med i eit europeisk nettverk av sosiolingvistar som forskar på dialektkonvergens og -divergens i Europa og har vore med i det norske prosjektet TEIN (Talemålsendring i Noreg).

- Noreg skil seg ut ved at dialekt vert nytta innafor fleire domene enn det som er vanleg i andre europeiske land. Dialektane sin høge status hos oss kan mellom anna forståast på bakgrunn av språkstriden og det faktum at vi har eit skriftspråk som var meint å byggje på "norsk folkemåls grunn", seier ho på klangfull sunnmørsdialekt. Ho arbeider no ved Norsk Ordbok 2014 og er dessutan nyinnvald styremedlem i Noregs Mållag

Dialektnivellering

I Europa går det føre seg to parallelle og motsette utviklingar: På den eine sida har dialektane fått auka respekt, og minoritetsspråka er blitt revitaliserte. På den andre sida skjer det ei nivellering, eller utjamning, av dialektane. Røyneland valde å sjå nærare på Røros og Tynset fordi dialektane der tradisjonelt har hatt mykje felles, trass i at bygdene ligg på kvar si side av "vasskiljet" mellom trønderske og østerdalske målføre.

- Ungdomen på Røros har i større grad halde på dialekten sin enn Tynset-ungdomen som har nærma seg talemålet på austkanten i Oslo. Det personlege pronomenet i første person har tradisjonelt vore je begge stader. Det blir framleis brukt blant dei unge på Røros, medan mange på Tynset no seier jæi. Hos tynsetingane forsvann dei karakteristiske palatalane, som i mannj og ballj, allereie hos foreldregenerasjonen eller før, og det same har no byrja å skje på Røros òg. Det har oppstått ein mellomvariant som minner om den såkalla Østfold-l-en, den same l-en som vi finn i ord som pærle. Dette illustrerer at nivelleringa av språktrekk i mange høve kan føre til framvekst av nye hybride former som kan fungere som kompromiss både språkleg og sosialt.

Rånaren vil bli, sossen vil vekk

Røyneland har intervjua ungdom mellom 17 og 19 år på begge plassane. Språkval og språkbruk blant dei unge viser seg å gå langs ein mobilitets-/lokalitetsakse og ein modernitets-/tradisjonsakse. "Rånarene" (på Tynset) eller "busen" (på Røros) er gruppa med den sterkaste lokale identiteten og dei som held mest på dialekten. "Sossen" og "skatarane" er dei urbant orienterte ungdomane, som er lite opptekne av dialekten sin og som ønskjer seg vekk frå bygda.

- Rånarane og busen er opptekne av lokale tradisjonar og verdiar og driv gjerne med lokalt baserte aktivitetar som jakt og fiske, bilmekking og tradisjonsmusikk. Sossen og skatarane følgjer derimot meir med på internasjonale ungdomstrendar. Dei står på snøbrett om vinteren framfor å køyre snøskuter. Mellom desse plasserer idrettsungdomen og den kulturelt og samfunnsinteresserte ungdomen seg. Dei sistnemnde kombinerer eit lokalt med eit globalt engasjement. Begge gruppene er dominerte av jenter, medan fleirtalet i begge yttergruppene er gutar, fortel Røyneland.

- Rånarane opplever i tillegg dialektbruk som ein arena for å spele ut kjønnsidentiteten sin, medan korkje jentene eller sossen gjer det same. Eit skikkeleg mannfolk snakkar dialekt, legg ho til.

Regionalisering og jernbane

Ulik historie kan forklare kvifor dei to grannedialektane har fjerna seg frå kvarandre. Etter at Rørosbanen stod ferdig i 1877, vaks det fram ein stasjonsby på Tynset som også blei overnattingsstad for reisande med toget. Den utkonkurrerte etter kvart det tradisjonelle bygdesentret, Neby. På 1970-talet opplevde Tynset ei stor tilflytting då offentleg sektor vart utbygd. Resultatet har vorte mykje dialektblanding.

- Røros er på si side blitt sett på UNESCOs liste over verdas kulturarv og lever mykje av tradisjonsturisme. Om du reiser til Røros, vil du gjerne høyre rørosdialekt. Talemålet her har difor fått ein høgare marknadsverdi enn tilsvarande på Tynset. Men også på Røros blir dialekten påverka av regionaliseringa. Lokale drag med avgrensa geografisk utbreiing forsvinn, medan trekk som er felles for trøndelagsregionen overlever, fortel Røyneland.

Til slutt slår ho eit slag for knoting, eller blanding av dialektar: - Når var dialekten mest ekte? Alle språk og dialektar er i prinsippet eit resultat av blanding.

Emneord: Nynorsk, Lingvistikk, Forskning Av Lars Hoff
Publisert 17. juni 2005 10:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere