Vil gå gjennom studiereforma

- Reint pedagogisk er studiereforma vellykka, men det er finansieringsordninga som skaper problem og som det må gjerast noko med. Det lovar rektorkandidat Geir Ellingsrud og prorektorkandidaten hans, Marianne Hobæk Haff .

KRITISKE: - Me er kritiske til marknadstilpassinga av universitetet, seier rektorkandidat Geir Ellingsrud og prorektorkandidat Marianne Hobæk Haff.
Foto: Ola Sæther

Medan det lenge har vore klart at medisinprofessor Haakon B. Benestad skal utnemnast til viserektor for forsking om Geir Ellingsrud blir valt til rektor, har førsteamanuensis i filosofi, Inga Bolstad, nyleg sagt ja til å bli utnemt til viserektor for undervisning om dei vinn rektorvalet 29. september. Det meiner rektorkandidat Geir Ellingsrud dei har ein god sjanse til å gjera.

- Viktig med HF i rektoratet

- Marianne Hobæk Haff har gode kontaktar på HF etter å ha sete som leiar og nestleiar ved det gamle Klassisk og romansk institutt dei siste fem åra. Det faktum at det heller ikkje har vore nokon frå HF i rektoratet sidan Hans Vogt var rektor på 1960-tale,t talar også for kandidaturet vårt. Eg synest det er viktig at det største fakultetet ved UiO er representert i universitetsleiinga, presiserer han.

- Det viktigaste er sjølvsagt ikkje at ein prorektor kjem frå HF, men at vedkomande fører ein rett politikk, repliserer Hobæk Haff før ho forklarar kvifor ho sa ja til å stilla som prorektorkandidat.

- Det er ikkje maktsjuke som fekk meg til å seia ja. Eg er faktisk svært interessert i universitetspolitikk og synest at det er spesielt viktig å engasjera seg no.

- Universitetet står ved eit vegskilje, og det er viktig å styra UiO i rett retning etter alle reformane me har vore gjennom. Det var også viktig for meg at det var Geir Ellingsrud som spurte meg om å stilla som hans kandidat. Han var ein av initiativtakarane til Vox Academica, som jo klarte å mobilisera forskarar og andre universitetstilsette mot dei mest vidtgåande forslaga til fleirtalet i Ryssdal-utvalet.

- Ein ting er å koma lenge etterpå og slutta seg til denne protestrørsla. Noko heilt anna er det å ta initiativ akkurat når situasjonen krev det. Dessutan er han eit menneske som har empati og ikkje ein bulldoser. Det er ein slik rektor me skal ha, reklamerer Hobæk Haff.

- Eg synest det er frykteleg viktig å få eit rektorat til å fungera som eit team. Som leiar for Forskarforbundet, lang fartstid i fakultetsstyret og styrar for Matematisk institutt har eg fått eit godt innblikk i det indre livet til universitetet og er godt oppdatert på det som skjer, konstaterer Geir Ellingsrud.

- Bør vera to sensorar

- Men kva vil de gjera om de blir valde?

- Me vil først sjå nærmare på studiereforma eller Kvalitetsreforma. Reint pedagogisk har den fungert godt, men den har enno fleire veikskapar. Det har blitt for mykje prøving eller vurdering på ein del emne. Dessutan bør det i større grad vera to sensorar når karakterane blir sette.

-På den positive sida vil me nemna at me har gjort ein skikkeleg gjennomgang av studia, og at studentane difor møter eit heilt nytt pedagogisk opplegg. Men finansieringsordninga fungerer ikkje etter føresetnaden. Me er imot at pengane skal fylgja studentane og at studiepoengproduksjonen skal avgjera storleiken på kvart fag, seier Ellingsrud.

Begge peikar på paradokset i dette finansieringssystemet.
- Då både HF og SV hadde klart å produsera mange studiepoeng
og på den måten skaffa fakulteta rett til store overføringar frå statskassen, reduserte regjeringa talet på studieplassar ved dei to fakulteta. Slik kan me ikkje ha det, synest dei og lovar at dei vil føra ein heilt annan universitetspolitikk.

- Først og fremst vil me ha eit langsiktig perspektiv på budsjettarbeidet. Me er dessutan kritiske til marknadstilpassinga av universitetet. Fagforeiningane og studentorganisasjonane vil me også ha god kontakt med, slår dei fast.

Satsar på grunnforskinga

- Kva forskingspolitikk vil de føra?

- Det må vera ein fornuftig balanse mellom grunnforskinga og den bruksretta (anvendte) forskinga. Sjølv om nokon sjølvsagt skal driva næringsretta forsking, må hovudvekta leggjast på grunnforskinga. Forskingsrådets fokus på satsingsområde fører til at forskarar som fell utanfor desse områda, ikkje får nok pengar til forskinga si. Gode forskarar må få pengar anten dei tilhøyrer eit satsingsområde eller ikkje, meiner dei. Men dei vil ikkje berre vera ei universitetsleiing for forskarane.

- Nei, me skal arbeida for at universitetet blir ein god plass å vera både for dei vitskapleg tilsette, dei teknisk/administrative tilsette og studentane. Når det gjeld studentane vil me til dømes prøva å leggja forholda betre til rette for dei som ikkje er "A4-studentar", til dømes dei som er funksjonshemma.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2005 15:18 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere