Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet blei møtt med applaus både av studentar og tilsette ved Institutt for informatikk og Universitetsstyret i dag før ho kunngjorde at ho endeleg hadde funne pengar til ei startløyving til eit nytt informatikkbygg, populært kalla IFI II.
- Regjeringa vil gi 10 millionar kroner i startløyving til nytt informatikkbygg ved UiO i revidert budsjett førstkomande fredag. Etter at stortingsrepresentant Ine Marie Eriksen (H) har mast på meg i fire år, er eg glad for at eg kan kunngjera dette nyhendet. Eg tar i alle fall mål av meg til både å leggja ned grunnsteinen og opna bygningen når den står ferdig, annonserte ho.
Ein milliard
Clemet bad tilhøyrarane om ikkje å leggja vekt på at summen førebels berre er på 10 millionar kroner.
- Når eit prosjekt får ei startløyving, så kan ikkje finansministeren seia nei til å setja av heile byggjesummen i løpet av dei neste budsjettperiodane. Til saman vil denne bygningen koma på over ein milliard kroner og desse pengane vil bli løyvde, garanterte ho. Statsråden trudde at dette ville få mykje å seia for informatikkfaget i framtida.
- Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er eit viktig satsingsområde for Noreg. Med ein ny bygning vil det bli betre forhold for betre undervisning og betre forsking. Det vil føra til fleire studentar og fleire forskarar på dette feltet, meinte ho.
Rektor Arild Underdal takka både statsråd I>Kristin Clemet og stortingsrepresentant Ine Marie Eriksen for at dei saman kom til UiO for å kunngjera den glade bodskapen og overrekte dei kvar sin blomsterbukett.
- Universitetet i Oslo vil leggja dei infrastrukturelle forholda til rette for at den nye informatikkbygningen skal bli eit nytt kraftsenter. Det blir lettare å knyta partnarskap med både offentlege og private institusjonar når me får ferdig denne bygningen. Difor gratulerer eg alle med dagen, sa Underdal.
I dag er over 2000 studentar registrerte ved Institutt for informatikk. Dei er spreidde på fleire ulike stader på Blindern.
- Når denne bygningen blir ferdig, kan alle studentane få plass under same tak, sa instituttleiar Morten Dæhlen.
Lang ventetid
Det var tidlegare kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun som var den første statsråden som lova UiO at regjeringa skulle løyva pengar til eit nytt informatikbygg.
Bakgrunnen var at Stortinget hausten 1998 vedtok at det skulle byggjast eit stort tilbygg til Informatikkbygningen på Blindern/Gaustadbekkdalen. Bygningen skulle finansierast av Noregs forskingsråd, og leigast ut til Universitetet i Oslo. Stortinget skulle så tilføra Universitetet dei naudsynte friske midlane for å dekka husleiga.
Vedtaket var også det som skulle til for at framlegget om å flytta heile Institutt for informatikk til IT-Fornebu ikkje fekk nokon oppslutnad. Difor har instituttet heile tida stått på at lovnadane om nytt informatikkbygg måtte oppfyllast av Stortinget. Dei tilsette har vist til at instituttet er i ein sterk oppbyggingsfase, og at det sommaren 2005 starta opp eit nytt 5-årig profesjonsstudium i informatikk.
For tre og eit halvt år sidan demonstrerte også både studentar og tilsette ved Institutt for informatikk utanfor Stortinget for å få politikarane overtydde om kor viktig det var å få sett i gang arbeidet med nytt informatikkbygg.
I dag kan dei altså endeleg heisa flagget til topps og sjå fram til å flytta inn i nytt informatikkbygg ein gong i løpet av dei næraste åra. Truleg vil anleggsarbeidet ta til i løpet av hausten.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere