Kristian Gundersen er den femte personen som melder seg på i konkurransen om å overta rektorkappa etter Arild Underdal. Frå før har både psykologiprofessor Fanny Duckert, medisinprofessor Stein. A. Evensen, matematikkprofessor Geir Ellingsrud og medisinprofessor Lars Walløe meldt frå om at dei er rektorkandidatar. Gundersen går til val på mottoet "Ny kurs for UiO: Frihet, fornyelse og faglighet."
- Kvifor stiller du opp som kandidat?
- Det er på tide med eit generasjonsskifte ved UiO. Teamet vårt har ein gjennomsnittsalder på under 50 år. Programma til dei andre kandidatane er for gamaldagse. Det må vera mogleg å fornya universitetet utan å falla på kne overfor eit kvart reformforslag utanifrå. Difor meiner me at det er viktig med eit reformkritisk, men moderne alternativ, seier Gundersen til Uniforum.
- Men på kva måte er de eit alternativ?
- Me er leie av bedriftsretorikken som har prega universitetsdebatten og vil kjempa imot reformforslaga som trugar kjerneverdiane til universitetet, lovar han. Han viser til at Universitetet i Bergen valde den reformkritiske Sigmund Grønmo til ny rektor.
- Han peika dessutan ut to andre forskarar som medlemar av
rektoratet sitt. Det er eit teikn på at det er på tide at
forskarane igjen overtar styringa av universitetet, meiner
Gundersen. Det er professor i medisinsk etikk, Jan Helge
Solbakk og filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen som står bak
kandidaturet til Kristian Gundersen. Når det gjeld fordelinga
av postane til dei to kvinnelege medlemane av teamet kjem han
med dette svaret:
- Johanne Sundby vil fungera som prorektor overfor Styret,
men me stiller som eit team, understrekar han.
Andre prorektorkandidatar
Tre av dei andre rektorkandidatane har også peika ut sine prorektorkandidatar. Franskprofessor Marianne Hobæk Haff blir prorektorkandidat for Geir Ellingsrud medan prodekan for forsking ved HF, Trine Syvertsen har akseptert å stilla som prorektorkandidat for Stein A. Evensen. Informatikkprofessor Nils Damm Christophersen blir prorektorkandidat for Fanny Duckert.
Geir Ellingsrud lanserer dessutan medisinprofessor Haakon B. Benestad som prorektorkandidat med ansvar for forsking. Seinare vil han lansera ein tredje prorektorkandidat med ansvar for undervisning. Dermed foreslår han eit rektorat på fire personar.
Fanny Duckert vil, dersom ho blir valt, utnemna teologiprofessor Trygve E. Wyller til viserektor for undervisning. Den siste uoffisielle rektorkandidaten, medisinsprofessor Lars Walløe vil offentleggjera namnet på sin prorektorkandidat førstkomande fredag, opplyser han til Uniforum.
Ikkje kandidat
Samtidig slår greskprofessor Øivind Andersen fast at han ikkje er aktuell som rektorkandidat.
- Det var hyggeleg å få så mange oppfordringar om at eg måtte stilla. Så eg måtte tenkja alvorleg på det. Men eg stiller ikkje, seier Andersen til Uniforum..
Professor i statsvitskap, Janne Haaland Matlary held framleis korta tett inntil brystet når ho blir spurt om ho har bestemt seg for å bli rektorkandidat. " Ikke foreløpig," er svaret Uniforum får på ein førespurnad via e-post.
Logg inn for å kommentere