Inga endring i lønsforhandlingane

UiO vil likevel ikkje desentralisera forhandlingsfullmakta i samband med dei lokale lønnsforhandlingane. Det går fram av eit brev universitetsleiinga har sendt Moderniseringsdepartementet.

SNUDDE: Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen vil likevel ikkje desentralisera fordelinga av heile potten i dei lokale lønsforhandlingane.
Foto: Ståle Skogstad

UiO-leiinga sende 24. januar i år eit brev til Utdannnings- og forskingsdepartementet der dei bad om at den formelle forhandlingsfullmakta ved dei lokale lønsforhandlingane blei fordelt til kvart einskild fakultet, Universitetsbiblioteket, musea og Sentraladministrasjonen.

Bakgrunnen for innspelet var at dei meinte at dei lokale tenestemannsorganisasjonane ikkje ville gå med på ein modell med førebuande forhandlingar der den siste delen av forhandlingane blei ført sentralt.

Snudde

På eit evalueringsmøte om dei lokale lønsforhandlingane torsdag 21. april gjekk det derimot klart fram at det var akkurat det alle dei tre største fagforeiningane ved UiO ynskte. Dermed har UiO-leiinga endra standpunkt og bede Moderniseringsdepartementet om ikkje lenger å ta omsyn til den første førespurnaden. Dermed er både UiO-leiinga og fagforeiningane samde om korleis forhandlingane skal gå føre seg i 2005. Det vil seia at til dømes 90 prosent av dei lokale lønstillegga blir forhandla på einingane medan dei siste ti prosenta blir forhandla sentralt. UiO-leiinga søkte i utgangspunktet om at heile potten skulle forhandlast lokalt.

- Dette vil seia at me stiller det første forslaget i bero inntil me har hausta røynsler med den alternative løysinga, seier organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen til Uniforum.

Nøgd

Fungerande hovudtillitsvalt for Forskarforbundet, Randi Halveg Iversby er godt nøgd med dette.

- Me er svært glade for at UiO-leiinga trekte tilbake innspelet sitt til Utdannings- og forskingsdepartementet om dette spørsmålet. Eg vil gi dei ros for at dei tok konsekvensane av kritikken som kom fram på evalueringsmøtet. Det lovar godt for vidare samarbeid, konstaterer ho.

- For Forskarforbundet er dette eit viktig prinsipp, og dersom endringa i forhandlingsfullmakta hadde blitt ein realitet, hadde det vore alvorleg for universitetet, legg ho til.

- UiO er ei verksemd og må difor ha ein felles lønspolitikk. Dersom potten til dei lokale lønsforhandlingane skulle fordelast etter eit pro-rataprinsipp(samsvaret mellom lønsmassen og lønspotten), ville dette føra til ei sementering av dei ulikskapane som eksisterer mellom fakulteta og avgrensa handlingsrommet for særskilde satsingar. Universitetet må halda på praktiseringa av lønspolitikken som eit sentral verkemiddel, understrekar ho.

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2005 16:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere