Slåst om rektorjobben

Både psykologiprofessor Fanny Duckert og dei to medisinprofessorane Stein A. Evensen og Lars Walløe ynskjer å etterfylgja Arild Underdal som rektor ved Universitetet i Oslo. Det stadfestar dei overfor Uniforum. Dessutan finst det fire personar til som verken vil avkrefta eller stadfesta at dei er kandidatar.

VIL OVERTA: Både psykologiprofessor Fanny Duckert og medisinprofessorane Stein A. Evensen (i midten) og Lars Walløe vil overta rektorjobben etter Arild Underdal.
Foto: Ståle Skogstad

Dei fire usikre er Olav Gjelsvik, Kristian Gundersen, Øivind Andersen og Janne Haaland Matlary. Siste frist for å fremja forslag på rektor blir truleg 31. mai, medan rektorvalet sannsynlegvis skal haldast frå 26. til 29. september.

- Eg har sagt ja til oppfordringa om å stilla opp som rektorkandidat. Det seier psykologiprofessor Fanny Duckert til Uniforum. Ho har kriminologiprofessor Liv Finstad som valkampgeneral, men også enkeltpersonar frå andre fakultet finst blant støttespelarane hennar. - Enno er ikkje arbeidet med valprogrammet ferdig. Det er ein del formelle ting som må i orden før det kan gjerast, konstaterer Duckert, som i dag er instituttleiar ved Psykologisk institutt. Førebels er Fanny Duckert den einaste kvinna som har meldt seg på i kampen om å få overta rektorkappa etter Arild Underdal.

Medisinprofessorar

Dei to andre påmelde kandidatane har to ting til felles: Dei er menn og medisinprofessorar.

- Jo, eg kan stadfesta at eg har sagt ja til å stilla opp som kandidat under rektorvalet til hausten, seier medisinprofessor Lars Walløe til Uniforum. Det var ikkje lenge sidan tanken var framand for han.

- For rundt tre veker sidan blei eg kontakta av fleire kollegaer som spurte meg om eg ikkje kunne stilla opp som rektorkandidat. Etter å ha tenkt over det ei stund, har eg altså kome til at eg vil ta den utfordringa. Men eg har enno ikkje utarbeidd noko skriftleg valprogram eller bestemt meg for ein prorektorkandidat, fortel han.

Dermed får ein annan medisinprofessor, nemleg dekan Stein A. Evensen, konkurranse om rektorvervet frå ein kollega frå Det medisinske fakultetet. For Stein Evensen har også sagt ja til å delta i kappløpet om å overta rektorstolen etter Arild Underdal.

- Eg kan stadfesta at eg er rektorkandidat, seier Evensen til Uniforum. Men den offisielle lanseringa vil han førebels venta med.

- Det er naudsynt med meir tid for å få laga eit godt valprogram, slår han fast. Han har enno ikkje peika ut nokon prorektorkandidat.

- Eg vil ikkje ha nokon offisiell lansering av mitt kandidatur før valprogrammet og prorektorkandidaten er klare ut på vårparten, understrekar han.

Ingen kommentar

På Universitetet i Oslo har det også versert harde rykte om at både filosofiprofessor Olav Gjelsvik og professor i statsvitskap Janne Haaland Matlary skal lanserast som rektorkandidatar. Då Uniforum tar kontakt med Olav Gjelsvik for å høyra om han er kandidat, får me berre eit standard politikarsvar.

- Eg har ingen kommentar til det spørsmålet, svarer han kontant både første og andre gongen me spør han. Etter det Uniforum kjenner til, står Vox Academica og Fritt Akademia bak forslaget på Olav Gjelsvik. Det skal også vera dei som har prøvd å få professor i statsvitskap, Janne Haaland Matlary til å stilla opp. Sjølv avviser Haaland Matlary heile problemstillinga.

- Nei, det veit eg ingenting om, seier ho.
Nokon fryktar, medan andre håpar, at styrerepresentant og biologiprofessor Kristian Gundersen seier ja til å bli rektorkandidat. I ein e-post frå Sør-Kinahavet skriv Gundersen at han akkurat no ikkje har nokon kommentar til om han vil stilla som rektorkandidat til hausten. Det går også rykte om at greskprofessor Øivind Andersen vurderer å stilla opp i rektorvalet.

- Eg har ingen kommentar til det spørsmålet i dag, seier han til Uniforum.

Emneord: Rektorvalet 2005, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2005 15:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere