Italiensk er redda

Italiensk blir ikkje lagt ned ved Universitetet i Oslo. Det er klart etter at instituttstyret samrøystes har vedtatt å be fakultetet om å lysa ut stillinga som førsteamanuensis i italiensk litteratur. - Dette viser at kamp nyttar, seier Marianne Hobæk Haff , som tidlegare leia Klassisk og romansk institutt.

REDDA: - Dette viser at den to år lange kampen eg har ført for å redda italiensk, endeleg er krona med siger, seier Marianne Hobæk Haff.
Foto: Ola Sæther

Det er stillinga etter Lone Klem, som fyller 70 år i mai, fakultetet no truleg kjem til å lysa ut. Dermed blir det mogleg å studera både italiensk språk og litteratur også i åra framover. For rett før jul, godtok dekanen at det blei lyst ut ei stilling som førsteamanuensis i italiensk språk etter at det italienske utanriksdepartementet hadde lova å betala ein tredel av lønna i tre år.

På det siste styremøtet i Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS), blei det også vedtatt å be fakultetet om å omgjera den mellombels stillinga som universitetslektor i italiensk, til ei fast stilling. Frå før har faget ein italiensk sendelektor, heilfinansiert av Italia.

- Dette viser at den to år lange kampen eg har ført for å redda italiensk, endeleg er krona med siger. No går saka vidare til fakultetet for endeleg godkjenning, men eg er overtydd om at dette er ein rein formalitet. Difor kan me no endeleg leggja ned våpna, konstaterer franskprofessor Marianne Hobæk Haff, som tidlegare var leiar for Klassisk og romansk institutt.

Heildekkjande språkfag

Med dei siste tilsetjingane, blir det mogleg for italiensk å tilby det same som andre språkfag.

- Me kjem for første gong til å oppretta ei studieretning i italiensk språk på bachelornivå. Dessutan kan me oppretta ein master i italiensk språk og halda fram med masterstudiet i italiensk litteratur. Og sist, men ikkje minst, kan me framleis tilby innføringskurs i italiensk, som universitetslektoren har hatt ansvaret for, fortel Hobæk Haff, som er svært glad på vegner av italienskfaget.

- Tidlegare dekan Even Hovdhaugen truga jo me å flytta heile italienskfaget til Universitetet i Bergen. Det har me klart å hindra blant anna med å alliera oss med Italias ambassadør i Oslo, Uberto Pestalozza, som blei heilt sjokkert over desse planane, og klarte å skaffa 160 000 kroner i året over tre år som delfinansiering av stillinga som førsteamanuensis i italiensk språk. Føresetnaden var at instituttet finansierte resten, og det har no styret for ILOS sagt ja til, seier Hobæk Haff.

- Ingen føringar

- Både du som instituttleiar og italienskfaget fekk masse kritikk etter at de hadde tatt imot pengar frå helikopterprodusenten Agosta, som deretter fekk halda ei forelesing om italiensk luftfartshistorie. Er du ikkje redd for at dette kan bli ei liknande sak?

- På ingen måte. Det ligg ingen føringar bak desse pengane. Difor kan me for den saks skuld godt visa kritiske filmar om den italienske statsministeren, om me skulle ynskja det, understrekar ho.

Stillinga blei lyst ut rett etter nyttår og då fristen hadde gått ut, hadde det meldt seg fleire søkjarar med doktorgrad i italiensk språk.

- Dermed fekk dekan Bjarne Rogan heldigvis ikkje rett i at det ikkje ville melda seg kvalifiserte søkjarar, slår ho fast. Hobæk Haff gir samtidig honnør til styret for Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS).

- Både instituttleiar Per Winther og dei andre representantane har lytta til dei gode argumenta våre og har gitt oss medhald i at det var viktig å halda oppe både språk- og litteraturdelen på italiensk.

- Produserer mange studiepoeng

- Vil italiensk få nok studentar til at det er mogleg å oppretthalda desse vitskaplege stillingane?

- Innføringskurset i italiensk har vore ein stor suksess og er blitt rent ned av studentar. Ja, heile studiepoengsproduksjonen på italiensk har skote i vêret det siste året. Dette viser at nedleggingstruga fag må ha eldsjeler som kan forsvara dei, dersom dei skal overleva i ei tid der mange små fag fryktar diskusjonen om fagdimensjonering, meiner Hobæk Haff.

Emneord: Italiensk, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2005 15:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere