Frankrike mest populære studieland

UiO-studentar drar helst til Frankrike på Erasmus-opphald medan UiO tar imot flest Erasmus-studentar frå Tyskland. - Norske studentar er hyggelege, men altfor sjenerte, synest utvekslingsstudentar ved UiO.

FOR SJENERTE: - Norske studentar er svært vennlege, men dei er for sjenerte til å ta kontakt med oss Erasmus-studentar, synest Pola Slabon frå Polen.
Foto: Ola Sæther

Det kom 88 Erasmus-studentar frå Tyskland til Universitetet i Oslo studieåret 2004/2005. Dermed er det Tyskland som forsyner UiO med flest studentar på Erasmus-opphald. Eit stykke bak kjem Frankrike, Italia, Storbritannia/Irland og Spania. Samtidig drog 49 norske studentar til Frankrike på Erasmus-stipend. Det gjer landet til det mest populære blant utreisande Erasmus-studentar. På dei neste plassane fylgjer Storbritannia/Irland, Tyskland, Italia og Spania.

- Me har som mål å fordobla talet på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar fram til 2006, opplyser Erasmus-koordinator Gøril Mellem i Seksjon for internasjonale studium.

- Venn tilrådde Noreg

Sebastian Podwojewski er ein av dei 88 tyske Erasmus-studentane ved UiO. Han kjem frå Dortmund, men er student ved Universitetet i Essen.

- Eg kom til Noreg fordi ein tysk medstudent rådde meg til det etter at han hadde vore her sjølv. Dessutan blei dei skandinaviske universiteta tilrådde av professorane mine i Tyskland fordi dei har spesialisert seg på medie- og kommunikasjonsfag, fortel Podwojewski.

- Personleg forhold til forelesarane

Ein annan grunn til at han valde Noreg, var at alle kunne snakka engelsk her og at det er mange engelskspråklege studium. Det er mange ting som er forskjellig samanlikna med studentlivet i Essen.

- Du får eit personleg forhold til forelesarane her, og du treng ikkje kalla dei for herr eller fru professor som i Tyskland. Eg tar også eit kurs i germanistikk, og der har lærarane delt ut telefonnummera sine til studentane og bede oss om å ta kontakt med dei dersom me lurer på noko. Det hadde heller aldri skjedd i Tyskland, peikar han på.

Han trivst også med å bu på studentbustadane på Kringsjå.

- Der er me tre tyske og tre norske studentar som deler kjøken og felles opphaldsrom. Kvar dag et me middag i lag og i helgane har me festar på kjøkenet. Du kan tru at eg byrja å lura då dei norske studentane inviterte meg på vorspiel med 20 studentar på eit kjøken. Under tvil takka eg likevel ja til invitasjonen. På tysk handlar nemleg vorspiel om forspelet før samleiet. Eg fann fort ut at det var snakk om ein fest før festen eller preparty, som me kallar det på tysk, smiler han.

- Sjenerte norske studentar

Sebastian Podwojewski har eit godt inntrykk av norske studentar, men han tykkjer dei kan bli betre på eit punkt.
- Dei er altfor sjenerte og redde for å ta kontakt med oss Erasmus-studentar. Eg trur det er fordi dei er redde for å snakka engelsk, sjølv om dei snakkar det glimrande, slår han fast.

Pola Slabon er Erasmus-student frå Wroclaw i det nye EU-landet Polen. Ho tar fag ved Institutt for medium og kommunikasjon. Også ho trekkjer fram det faktum at norske studentar er for reserverte.

- Dei nøler med å ta kontakt med oss slik at det er me som må ta initiativet. I dag leier ho programmet "Jeg snakker ikke norsk" på Radio Nova.

- Det har ført til at både dei andre internasjonale studentane og eg er komen inn i eit studentmiljø. Men det gjekk ei god stund før dei byrja å invitera oss på festane sine. No går det så bra at om det er sju utanlandske og 100 norske studentar til stades på møta, snakkar alle engelsk, seier ho nøgd.

Ho valde Noreg som studieland fordi alternativet var Salamanca i Spania.

- Eg har ingenting imot Spania, men då måtte eg ha lært meg spansk. Også Pola Slabon er nøgd med forelesarane sine.

- Dei er dyktige og verkeleg interesserte i det dei driv på med. Eg håpar verkeleg at eg får plass på masterstudiet slik at eg kan vera i Noreg nokre år til, seier ho.

Vil organisera fellesfest

Erasmus-koordinator Gøril Mellem vil ta ad notam tilbakemeldinga om at norske studentar er for sjenerte til å ta kontakt med utanlandske studentar.

- I mai skal me i samarbeid med International Students' Union (ISU) organisera ein fest der utreisande norske Erasmus-studentar får treffa utanlandske Erasmus-studentar ved UiO. Tanken er at dei då skal ta kontakt med studentar som kjem frå det landet som dei skal reisa til. Slik kan dei bli kjende med folk som dei kan halda fram kontakten med når dei er ved eit utanlandsk universitet, lovar Mellem.

Dei vil også prøva å få studentar i kontakt med kvarandre på nettet ved at dei legg namnet sitt inn på ein eigen database.

- Meininga er at dersom ein student skal til Tübingen i Tyskland, vil han eller ho kunne søkja på det på nettet og treffa ein tysk student frå det universitetet her på UiO.

Fem på topp-liste for Erasmus-utveksling
(Periode: 01.08.2001 - 30.06.2005).I parentes tala for studieåret 2004/2005.

Utreisande Erasmus studentar
Til land:
1. Frankrike 173 (49)
2. Storbritannia/Irland 155 (37)
3. Tyskland 90 (31)
4. Spania 71 (20)
5. Italia 47 (24)

Innreisande studentar:
Frå land:
1. Tyskland 205 (88)
2. Frankrike 124 (52)
3. Italia 86 (32)
4. Storbritannia/Irland 67 (21)
5. Spania 64 (18)

Emneord: Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. mars 2005 15:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere