Mobiliserer mot Kristin Clemet

Alle dei største fagforeiningane ved UiO skal saman med ei rekkje studentorganisasjonar mobilisera mot Kristin Clemets forslag til endringar i den nye universitets- og høgskulelova. Difor arrangerer dei eit stort møte i Universitetets Aula onsdag 26. januar klokka 15.00 etterfylgd av eit fakkeltog rundt Stortinget.

PROTESTERER: Ulrik Sverdrup t.v. og Kristian Mollestad ber heile universitetssamfunnet om å delta på markeringa mot Kristin Clemets endringsforslag.
Foto: Martin Toft

Målet er å oppretthalda ordninga med demokratisk valde leiarar og med rektor som styreleiar på alle universitet og høgskular. Dessutan vil dei også forsvara den individuelle forskingsretten og forskingsfridomen. Dei to andre krava dei samlar seg rundt, er vernet om gratisprinsippet og nei til kommersialisering av norsk utdanning.

Alle krava skal overrekkjast til leiaren for Stortingets Kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Rolf Reikvam, før lovframlegget skal slutthandsamast i Stortinget. Komiteen skal koma med innstillinga si den 8. februar og etter planen skal den opp til avrøysting i Odelstinget i slutten av februar. Styremedlem Ulrik Sverdrup i Tenestemannslaget ved UiO, er ein av initiativtakarane til mobiliseringa mot dei mest ytterleggåande forslaga frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

Fryktar fjernstyring

- Eg synest departementet sine forslag til endringar i den nye lova både er universitets- og høgskulefiendtlege og på ingen måte framtidsretta. Dersom Utdannings- og forskingsdepartementet skal peika ut ein ekstern styreleiar for Universitetsstyret, kan departementet fjernstyra universitets- og høgskulane. Det problemet unngår me dersom ein vald rektor held fram som styreleiar, slår han fast.

Personleg hadde han helst sett at dagens todelte ordning med valt og administrativ leiing hadde halde fram.

- Prinsippet om at einskapleg leiing skal vera så mykje betre, kjem frå den moderne leiingsfilosofien som kort sagt går ut på at alt skal bli så mykje meir effektivt. Eg meiner at leiinga av eit universitet må basera seg på fagleg kunnskap og kreativitet. Med ein demokratisk styringsmodell må det styrast med legitimitet nedanfrå og ikkje berre ovanfrå. Denne modellen har i mange år stått sin prøve, understrekar han.

- Håpar på fullsett Aula

Arrangørane har invitert delegasjonar frå dei andre universitetsbyane og frå høgskulane.

- Me håpar at me skal klara å fylla Universitets Aula slik at politikarane legg merke til kor viktig desse spørsmåla er for oss. Så alle som deler synspunkta våre og som støttar dei politiske krava våre må stilla opp, oppfordrar Sverdrup.

Han er ganske optimistisk når det gjeld sjansane for å få til ei lov som det går an å leva med.

- Det ser ut som om Framstegspartiet vil gå inn for å lata utdanningsinstitusjonane stå fritt når det gjeld prinsippet om valt eller tilsett leiing. Dette er gledeleg, og eit viktig standspunkt for at ikkje dei mest universitetsuvennlege forslaga skal gå gjennom, seier han. I motsett fall trur han det akademiske sjølvstendet er truga.

I tillegg til NTL, Forskarforbundet og Parat (tidl. 2fo) har dette arrangementet fått tilslutnad frå TEKNA ved UiO, Utdanningsforbundet, LO i Oslo, Attac Blindern, Dei radikale, Raud Front, Vox Academica, Studentenes Landsforbund, Studentmållaget i Oslo, Blindern SV, Sosialisitisk Ungdom, AKP ved UiO og Oslo senterstud.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2005 11:08 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere