I dag er ho den professoren i fast stilling som har lengst fartstid ved instituttet, i alle fall så lenge ein ikkje inkluderer dei pensjonerte professorane Nils Christie og Thomas Mathiesen. Førstkomande laurdag 22. januar klokka 10.15 inviterer instituttet til jubileumsseminar i Gamle festsal i Urbygningen.
- Me ynskjer å visa den store spennvidda i den forskinga me held på med, og har difor invitert både fast tilsette og folk som me har samarbeidd med til å halda eit foredrag på jubileumsdagen. Sjølvsagt håpar me at så mange folk som mogleg både innanfor og utanfor universitetet deltar på seminaret, fortel Høigård.
Både professorane Nils Christie, Thomas Mathiesen og Cecilie
Høigård sjølv skal halda foredrag.
- Nils Christie fekk den første faste stillinga som dosent
ved instituttet. Seinare kom Ragnar Hauge og Anders Bratholm
hit, seier ho og vedgår at forskarane på resten av Det
juridiske fakultetet slett ikkje alltid har sett med blide
auge på kriminologane.
- Det toppa seg på byrjinga av 1990-talet då me blei jaga ut
av professorbustaden. Me er jo på mange måtar ei
suksesshistorie. Med berre 9,2 faste stillingar tar me hand
om vel 400 studentar, samtidig som den vitskaplege
produksjonen er svært stor. Dei siste dekanane har også sytt
for at me har fått tildelt fleire ressursar, seier Cecilie
Høigård nøgd.
Logg inn for å kommentere