Erling C. Seeberg er død
Årets Jahreprisvinnar, medisinprofessor Erling C. Seeberg døydde tysdag 14. desember. Seeberg var professor både ved Rikshospitalet og ved UiO. Saman med Ole Petter Ottersen leia han eit medisinsk senter for framifrå forsking Centre for Molecular Biology and Neuroscience ved UiO.

Dette er det einaste senteret for framifrå forsking ved eit medisinsk fakultet i Noreg. Seeberg fekk tildelt Anders Jahres store medisinske pris for den banebrytande DNA-forskinga han og den andre prisvinnaren Hans E. Krokan har drive med. Forskinga deira har hatt mykje å seia for forståinga av aldring og utvikling av kreft og kroniske sjukdomar. Seeberg skal gravleggjast frå Nordberg kirke onsdag 22. desember.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere