Foss: - Utan pensjonsreform, ingenting til studentane

- Utan at det blir sett i verk ei pensjonsreform, blir det ingenting igjen til dykk studentar! Det sa finansminister Per Kristian Foss, då han informerte 90 frammøtte UiO-studentar om forslaget til pensjonsreform tysdag. 20. januar.

UTGIFTSBOMBE: - Både OECD og Det internasjonale pengefondet har peika på at eldrebylgja er ei mogleg utgiftsbombe for Noreg om noko ikkje blir gjort, understreka finansminister Per Kristian Foss.
Foto: Ola Sæther

Under møtet prøvde han å avliva alle mytane som han meinte verserer om pensjonsreforma.

- Det blir hevda at eldrebylgja vil gå over, men problemet blir likevel ikkje løyst. FrPs representant i utvalet meiner at utrekningane er for usikre, men me har likevel klar oversikt over kor mange som blir fødde og som døyr i dette landet. Om eldrebylgja ikkje hadde vore noko problem her i landet, ville Noreg ha vore eit av dei få landa som ikkje ville ha opplevd dette.

300 000 uføre

- Oljeproduksjonen er no på topp, så oljeinntektene kan heller ikkje redda oss. Alternativet til ei pensjonsreform ville ha vore at kvar og ein av oss betalte 15 000 kroner meir i skatt i året eller at staten fjerna barnetrygda, barnehagestøtta og kontantstøtta. Personleg trur eg ingen av desse alternativa ville ha fått særleg oppslutnad i Stortinget, sa Foss. Han viste også til at Noreg hadde verdsrekord i kor mange personar som sjukepengar og uføretrygd.

- Over 300 000 personar i arbeidsdyktig alder er sett utanfor arbeidslivet på grunn av at dei ikkje fungerer heilt perfekt. Me har verdsrekord i bruk av offentlege pengar på helse. Samtidig er nordmenn det sjukaste folket i verda. Det paradoksale er at det er rygglidingar og psykiske problem som toppar statistikken over sjukefråvær.

- Eg vil oppfordra arbeidsgjevarar til å tilsetja så mange som dei kan av dei uføre, sjølv om dei ikkje fungerer 100 prosent. Det er likevel mange arbeidsoppgåver dei kan gjera, slo han fast. Foss viste også til korleis det har blitt færre og færre yrkesaktive for kvar pensjonist sidan 1967.

- Utgiftsbombe

- Medan det i 1967 var 3,9 yrkesaktive for kvar pensjonist er det i dag 2,6, medan det i 2050 vil vera 1,6 yrkesaktive for kvar av dei som hevar pensjon. Både OECD og Det internasjonale pengefondet har peika på at eldrebylgja er ei mogleg utgiftsbombe for Noreg om noko ikkje blir gjort, understreka Foss.

Nokre av dei studentane som var til stades lurte på om det ville vera ein fordel for dei å få barn og ta dei med på lesesalen slik at dei kunne få pensjonspoeng for å ha omsorg for barn. Dei viste til at Pensjonskommisjonen ikkje ville gi pensjonspoeng for dei åra ein student brukar på å ta høgare utdanning slik som i Sverige.

- Vil redusera studietida

- Noreg er eitt av dei landa i verda der innbyggjarane brukar lengst tid på utdanninga si. Målet vårt er å redusera den gjennomsnittlege studietida. Likevel vil me sjølvsagt oppfordra ungdommar til å ta høgare utdanning for det vil statistisk sett gi dei høgare begynnarløn, hadde finansministeren rekna ut. Andre studentar lurte på om arbeidsinnvandring kunne vera ei løysing på problemet med at det i framtida ville bli for få yrkesaktive.

- Eg har sjølvsagt eigne tankar om dette, men akkurat no er eg interessert i å få fram forslag til tiltak som regjeringa kan få gjennomslag for. Eit av dei tiltaka som Pensjonskommisjonen har foreslått er at alle pensjonistar kan tena så mykje dei vil ved sidan av pensjonen. I dag kan dei berre ha ekstra inntekter opp til ein viss sum, forklarte Per Kristian Foss.

Emneord: Arbeidsmarkedet Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2004 15:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere