Styret vedtok romsleg 2004-budsjett

Alle fakulteta får auka budsjetta sine med gjennomsnittleg 6,6 prosent i høve til 2003. Det er klart etter at Universitetsstyret har vedtatt fordelinga av UiOs totale budsjett på 3,012 milliardar kroner for 2004. - Dette blir eit betre budsjettår enn på lenge, seier fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien.

GODT BUDSJETT: - Dette blir eit betre budsjettår enn på lenge for UiO, synest fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien.
Foto: Martin Toft

Også Sentraladministrasjonen, Universitetsbiblioteket, sentra og musea får ein kraftig auke i budsjetta sine i 2004 samanlikna med det dei har hatt å rutta med i 2003.

Ein viktig årsak til dei auka løyvingane, er dei 111 millionar kronene UiO får tildelt i samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma. 75 prosent av dei 258 millionar kronene som UiO til saman skal bruka på iverksetjinga av denne studiereforma blir fordelte direkte eller indirekte til fakulteta. Dessutan har auka produksjon av studiepoeng ført til ei ekstra inntekt på 20,4 millionar kroner frå 2003 til 2004.

Under føresetnad av at Stortinget vedtar budsjettframlegget frå regjeringa får UiO fullfinansiert 55 nye rekrutteringsstillingar. Det blir overført 555 000 kroner pr. stipendiat pr. år. Desse stillingane er berre gitt for eit halvt år om gongen. Fordelinga av desse rekrutteringsstillingane skal endeleg avgjerast på Universitetsstyrets siste møte før jul, altså tysdag 2. desember. UiO vil også finansiera 108 nye stipendiatar neste år.

137 mill. til nye tiltak

Styret har også fordelt 137 millionar kroner til nye tiltak i 2004. I tillegg er det fordelt 55 millionar som kompensasjon for løns- og prisstiging. Desse tiltaka kjem stort sett alle budsjettinnspela i møte, heiter det i budsjettdokumentet. Prioriteringane i årsplanen er knytt til finansiering av tiltak som har samanheng med læringssituasjonen for studentane.

Under møtet i Universitetsstyret blei det berre gjort to større endringar i høve til forslaget frå Universitetsdirektøren. Det blei samrøystes vedtatt å løyva to millionar ekstra til startpakke for forskarar, slik at pakka til slutt kom på 16 millionar kroner. Dessutan blei det vedtatt å auka reserven med fem millionar kroner ved å redusera løyvingane til einingane med gjennomsnittleg 0,3 prosent. Desse pengane kan koma til å bli brukte til å finansiera tiltak for likestilling og til restaureringa av Professorbustaden/Frukostkjellaren i sentrum. Desse sakene kjem truleg opp igjen til ny handsaming i styremøtet 2. desember.

Nytt løns- og personalsystem

Neste år skal UiO kjøpa inn eit nytt løns- og personalsystem. Det blir også satsa på ein del andre administrative datasystem. Det skal sikra ein heilt naudsynt kvalitet i dei administrative funksjonane. Dette var også eit av punkta Riksrevisjonen peika på i sin rapport etter at dei ikkje ville godkjenna UiOs rekneskap for 2002. Styret vedtok også å vidareføra arbeidet med sikring og bevaring av universitetet sine samlingar (REVITA-prosjektet) med fem millionar kroner ved Universitetets kulturhistoriske museum. Dessutan er det sett av friske to millionar kroner til dette arbeidet ved Universitetets naturhistoriske museum på Tøyen.

Mellomnøgde dekanar

Dekan Hans R. Haanæs ved Det odontologiske fakultetet ser med blide auge på den potten dei har fått tildelt for neste år.
- Me er stort sett nøgde med budsjettet. Eg trur me går eit betre år i møte under føresetnad av at me får eit rimeleg lønsoppgjer. Når det gjeld pengane som er løyvde til Kvalitetsreforma synest eg me får lite i forhold til dei kvalitetsbetringane me har gjort allereie gjennom det nye studieopplegget (Oslo-96), som er kostnads - og ressurskrevjande, meiner Haanæs. Også dekan Knut Kaasen ved Det juridiske fakultetet er nøgd med potten fakultet får tildelt frå universitetsbudsjettet.

- Me er glade for å få læringssenter, som vil kunne føra til modernisering av den tradisjonelle undervisningssituasjonen ved fakultetet og stimulera til eit betre læringsmiljø. Sjølvsagt er me også glade for å få midlar til Kvalitetsreforma blant anna rekna utifrå at me har svært låge ressursar pr. student. Men neste år skal me setja i gang den nye studieordninga på jus, og ta det krevjande spranget bort frå den stordrifta me er kjende for, og over i undervisning i mindre grupper med tettare oppfylgjing av studentane. Det er krevjande å leggja til rette for at flest mogleg studentar skal få ein "nær læreren-opplevelse", og det kostar, seier Kaasen.

Han er heller ikkje overtydd om at rammene for 2004 er så romslege at dei kan realisera alle planane sine.

- Men me skal få lagt eit godt grunnlag. Så får me tru at styret hugsar at det først er i 2005 me får heilårsverknaden av Kvalitetsreforma hos oss, - me ligg eitt år etter allmennfakulteta, minner han om.
- Eit anna påtrengjande behov gjeld bevaring og vidareføring av det studentsosiale kraftsenteret vårt, Frukostkjellaren. Dette krev ei omfattande renovering av Professorbustaden. Me håpar det skal vera rom for noko her i 2004, slik at me ikkje mister ein viktig studiekvalitetsfaktor i ein kritisk fase, ber Kaasen om.

For dekan Knut Fægri ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet inneheld ikkje budsjettet store nyhende.
- Budsjettet var vel stort sett som venta. Det mest skuffande var den låge utteljininga på kvalitetsreformmidlar. I tillegg er me urolige over dei kommentarane som ligg i budsjettet når det gjeld startpakker, peikar MN-dekanen på.

-På den positive sida merkar me oss tildelinga til mastergrad i entrepenørskap og ein uttalt vilje til å satsa på dei forskjellige sentra våre, seier Fægri.

Dekan Bjarne Rogan ved Det historisk-filosofiske fakultet ser positive sider ved budsjettet som styret vedtok 11. november:

- HF er i det store og heile nøgd med at budsjettet blei såpass romsleg som det blei. Rektor og leiinga har gjort ein god jobb vis à vis departementet og fått gjennomslag for kravet om finansiering av studiereforma. Rogan synest likevel at fordelinga kunne vore annleis.

- Eit lite skår i gleda er det at reformmidlane ikkje fullt og heilt blir viderefordelte til fakulteta - sjølv om det nok kan argumenterast for at ein tidlegare har forskuttert ein del midlar. For HF-fakultetet, som har gått lengst i åreorganisera studietilbodet, er dette ikkje heilt tilfredsstillande. Det er likevel vanskelegare å akseptera at den lønns- og priskompensasjonen som UiO har fått for 2004 berre delvis blir vidarefordelt til fakulteta, meiner han. Men Rogan har også lagt merke til andre positive tiltak.

- Som leiar av Museum for universitets- og vitskapshistorie vil eg elles uttrykkja stor glede over at ein helt naudsynt budsjettauke faktisk er blitt gjort.

Budsjettfordeling ved UiO for 2004:

(beløp i 1000 kroner)

Fakulteta Beløp Endring frå 2003
Det teologiske 25 096 10,9 %
Det juridiske 156 573 3,4 %
Det medisinske 397 898 3,8 %
Det hist.fil. 395 803 9,3 %
Det mat.-nat.vit. 570 731 6,0 %
Det odontol. 146 843 4,0 %
Det samf.vit. 242 065 9,5 %
Det utd.vit. 143 360 10,9 %

Universitetsmusea
Dei kulturhist. 46 759 17,6 %
Dei naturhist. 69 365 6,8 %

Sentra o.a. 57 420 76,1 %
UB 159 791 8,7 %
Teknisk avdeling
inkl.all intern-
husleige 568 254 9,7 %
USIT 101 346 7,9 %
Sent.adm. 104 548 15,2 %

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2003 18:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere