Norum avduka Norum

UiOs førre rektor, medisinprofessor Kaare R. Norum avduka fredag 24. oktober kunstmålaren Svein Strands portrett av Kaare R. Norum. Rektor Arild Underdal var blant dei første som fekk ein gløtt av måleriet.

AVDUKA SEG SJØLV: Kaare R. Norum har nettopp avduka Svein Strands portrett av Kaare R. Norum.
Foto: Martin Toft

- Portrettet er UiOs gåve til seg sjølv og samtidig UiOs gåve til historia. Rektorportrettet av Kaare R. Norum viser nemleg mannen som leia UiO frå det 20. hundreåret til det 21. hundreåret. Det er også ei ære til den personen som brukte alle sine krefter som rektor for å fylgja opp rolla til universitetet som forskings- og utdanningsinstitusjon, sa fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien i talen sin til Norum. Ho viste til at det var Norum sjølv som hadde valt kva kunstnar som skulle portrettera han.

- Du valde Svein Strand, som ofte er kalla for "kunstnarane sin kunstnar." Han måla figurative måleri i sterk opposisjon til den abstrakte retninga på 1960-talet. Til skilnad frå mange andre kunstmålarar legg han sine figurative uttrykk innanfor modernismen. At han er ein stor kunstnar viser det faktum at han var festspelutstillar i Bergen på 1980-talet, understreka Stray Lien.

- Det er sikkert mange som vil leita etter den Kaare R. Norum dei kjenner i dette portrettet. Eg har hatt den gleda å ha hatt måleriet hengjande på kontoret mitt i to veker. Det er eit bilete eg har blitt glad i etter kvart. No føler eg at eg har blitt godt kjent med deg, Kaare! Eg er overtydd om at også alle andre vil bli gladare og gladare i dette portrettet etter kvart som tida går, meinte Stray Lien. I takketalen sin kom Kaare R. Norum inn på kvifor han hadde valt Svein Strand som sin portrettmålar.

- Eg har fem bilete av han heime. Dei er landskapsmåleri som eg er blitt svært glad i. Svein Strand tok likevel utfordringa med å måla eit portrett av meg då eg fortalde han at det ikkje hasta. Difor har det også tatt tre år før det blei ferdig. Eg er ikkje stolt av biletet på grunn av meg, men på grunn av deg som har klart å måla det. Difor vil eg takka deg Svein Strand, UiO og alle som møtte fram på denne høgtidelege avdukinga, avslutta Kaare R. Norum før han med rektor Arild Underdal ved si side avduka portrettet av seg sjølv til stor jubel frå dei 30 inviterte gjestene. Måleriet heng ved sidan av Håkon Gullvågs portrett av tidlegare rektor Lucy Smith i stort møterom i 10. høgda i Administrasjonsbygningen.

Emneord: Kultur, Kunst Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2003 17:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere